Artikkel nr 14 fra blad nr 2-2000
Emne: Påske
Ned fra Aeropagos - opp til Golgata
Av Olav Toft

Overskrifta er henta frå eit intervju med professor Egil Wyller i bladet "Vårt Land" for mange år sidan. Denne mannen hadde lenge sitt åndelege fotfeste i platonismen, og Gud var for han som ein fjern Allah. Han vart døypt som barn, men let seg ikkje verta konfirmert og melde seg tidleg ut av Kyrkja. Men gradvis byrja ei ny forståing å veksa fram. Sjølv seier han det slik: "I evangeliet etter Johannes fortelles det at noen grekere kom for å tale med Jesus, men ble øyensynlig avvist av ham. da jeg nærmet meg kristentroen, så jeg for meg at disse grekere var kommet for å ha en filosofisk disputt med Mesteren, i likhet med meg. Jeg tolket Jesu avvisning dit het at han avviser enhver form for dialog med den greske filosofi. Jeg innså at Kristus ville avferdige meg inntil jeg kom til ham på hans premisser - gjennom Golgata - ikke på min egen filosofiske vei".

Vegen til frelse og evig liv går om Golgata. Det vi må gjera er å stiga ned frå vår filosofi om Gud. Det avgjerande er ikkje kva me tenkjer, men kva Bibelen talar om desse ting. Vi må bøya oss og ta imot Kristi rettferd vunnen for oss på Golgata. "Det er ikkje frelse i nokon annan, for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeven mellom menneske, som vi kan verta frelste ved" (Apg 4,12).

Det er ikkje vår filosofi som frelser oss, men ei levande tru på Jesus. Lukkeleg er kvar den som eig denne trua. Med den kan vi sjå framtida trygt i møte. Trua gjev von ut over død og grav. Om dette seier Wyller i det ovanfor nemnd intervjuet: "Uten et perspektiv utover døden, ville mitt jordiske liv blitt så uendelig fattig. Jeg kan ærlig og oppriktig si at jeg gleder meg til å komme over grensen, der hvor Jesus Kristus er".

Eig du, kjære lesar, denne gleda?