Artikkel nr 12 fra blad nr 2-2001
Emne: Påske
Kvifor gjorde Jesus det slik?
Av Tormod Vågen.

Andakt for 16. april – tekst: Luk 24,1-31

"Kva for noko?" spurde han, Luk 24,19.

Ordet om læresveinane på vegen til Emmaus syner oss kor uløysande vår tale til Jesus og hans tale til oss er knytt saman.

Læresveinane gjekk der på vegen tyngde av sorg. All von var ute, for deira Meister var død. Kor godt at Jesus visste om deira naud. Så kom han og slo lag med dei på vegen. Det dei no, trong var nettopp eit ord av han. Berre dei fekk vita at han levde, ville alt vera godt.

Men Jesus tek ikkje til å leggja ut skriftene for dei med det same. Han openberrar seg heller ikkje med ein gong. Det er noko som må henda fyrst. Dei sorgtunge læresveinar må tala ut. Frå fyrst av er det som han må hala ut or dei den tunge soga. Men så kjem dei på gli. Dei fortel og han lyder. Då dei var ferdige, kom hans tur.

Kvifor gjorde Jesus det slik? Var det for si eiga skuld? Visst ikkje. Han kjende så altfor vel til alt det forferdelege som hadde hendt dei siste dagane. Men han som elskar oss, veit også korleis han skal koma oss stakkars menneske til hjelp. Han visste – og veit – at leiresveinane må få tala ut. Dei må få utlevera alt det tunge og triste. Fyrst når dette er utlevert til Jesus, verd det rom i hjarta for hans ord. Så talar han. Så tek hjarto til å brenna. Så vert skriftene opplatne. Så vert augo opna. Så kjenner dei han att.

Slik flettast bøn og bibellesing saman i ein kristens liv. Det eine kan ikkje erstatta det andre. Ei av bøna sine oppgåver er å opna det stengde hjarta og gjera det så stilt at Guds tale vert høyrd.

I dag spør frelsaren deg og meg kva det er som feilar. La oss ikkje stengja oss inne med våre synder og sorger, men utlevera dei til han. Og går vi så til ordet, vil Anden forklåra det. Då talar Gud til oss. Og han gir oss nettopp det vi treng. For han veit om oss der på vegen, i stova eller på arbeidsplassen.

(Fra "I kongens nærleik")