Artikkel nr 12 fra blad nr 5-2001
Emne: Fra fedrearven
Til deg som er gammal
Av Ludvig Hope.

Så har eg eit lite ord til deg, du gamle, som liknar Simeon og Anna. Det vil seia du som sit i di krå med den gamle, gode boka, du som legg hendene i hop over det heilage ordet og bed Gud om nåde for deg og for dei som veks ikring deg.

Eg veit kva du tenkjer på. Du undrast kvifor du skal vera her no. Du synest det var mykje rimelegare at du fekk fare her ifrå. Du synest at du er berre i vegen og til bry. Men høyr no her: Du er ikkje i vegen. Du er ikkje til bry. Me vil ikkje missa deg, me vil ha deg. Me vil ha deg hjå oss, fordi du er vår far eller mor, me vil ha deg for våre born og barnebarn si skuld. Me veit at i deg har me ein stor skatt både for oss og for dei.

Du ber oss og borna våre på bønearmar opp til Gud. Dei armane er enno sterke. Du dreg ned over oss Guds signing. Me kjenner det som ein mur omkring oss at du enno er her og tek oss i fanget og ber oss til Gud.

Borna våre veit at du ber, og det legg ned i hugen deira noko ifrå Gud, som dei får med seg ut på den freistande ferda.

Nei, du gamle, du lever ikkje unytte. Gud vil at du skal vera her enno ei tid og tena ved det alteret der bønene frå dei heilage stig opp til Gud. Han vil at du skal vera her og dra ned hans signing over komande ætter.

Gud har ikkje for mange av slike gamle. Heller ikkje me har for mange av dei. Når du er borte, så står det eit stort rom tomt i heimen og i Guds rike på jord.