Artikel nr 6 fra blad nr 5-2003
Emne: Aktuelt emne
Kva er synd - di synd?


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Daniel Fredly

I 1 Joh 3,4 les vi: «Kvar den som gjer synd, bryt og lova, og synd er lovbrot». 

Kva er synd? Det er eit personleg spørsmål. Mange vil ikkje høyra om det. Eg kom inn til ein kjøpmann i Nord-Norge som visste kva kar eg var. I samtale sa han: «Eg har slutta gå i kyrkje og bedehus, for der får vi berre høyra om synd og atter synd. Og det er urettferdig at vi som lever i dag, skal ha ansvar for det Adam ein gong gjorde.» 

Eg svara: «Då har du gått for lite, for der får vi høyra kva Gud har gjort for å frelse oss frå all synd.» Då kom det inn ein ny kunde, så det vart ikkje sagt meir. 

Vi har lett for å tala om andres synd og syndarar en gros. Vi er alle syndarar. No vil vi tale om mi og di synd. Synet på synda er avgjerande for synet på Gud og Jesus Kristus, som Gud sende for å frelse oss frå synda, domen og døden. 

Vi er skapt i Guds bilete utan synd – med den herlegdom og ansvar som høver for dette adelskap. Vi stod ikkje eldprøva – freistinga. Det er menneske sin største vanlagnad – også din og min. 

Kva er synd? 

Er spørsmålet ironisk meint? For kven spør om synd i dag? Kva er synd og skam i dag? 

Sjå Fil 3,18 flg: «For som eg ofte har sagt dykk, og no atter seier med tårer: Mange ferdast som fiender av Kristi kross. Dei endar i fortaping. Buken er deira gud, og dei set si æra i si skam. Dei trår berre etter jordiske ting». Det er syndarar "i sommarsol". Ein set si æra i si skam. 

Kva er synd? Er di synd brot på sed og skikk, lov og rett, feil i ritualet, slik farisearane såg det? Var di synd berre ytre gjerningar som drykk og narkotika, lygn og tjuveri, fri sex, banning og smusslitteratur, TV-slaveri og liknande, då trong du eigentlig ingen frelsar. Alt dette er utslag av synda sitt skum. Synd er alt som strir mot Guds vesen. 

Er Gud heilag, kjærleg, rettferdig, sviklaus, rettvis og sann, då er alt det vanheilage, ukjærleik, urettferd, svik og usanning synd. Synda har si rot i sinnelaget, i hjartedjupet. Vi sannar med rette: «Eg kjenner den vonde hug i hjarta mitt». Det er ikkje berre "lysten til det onde", som vi bekjenner på bokmål. 

«De som er vonde», sa Jesus til læresveinane sine, Matt 7,11. 

Korleis openberrast synda? 

Synda openberrast i høve til Gud som religiøs synd og i høve til menneske som etisk og moralsk synd. Først om religiøs synd: Er Gud kjærleg, god, sann, heilag og alt det andre som Bibelen fortel om han, då er alt som sporar av frå dette og forfeiler målet, synd. 

Tvil og vantru 

Tvil og vantru på Gud er synd. Kor lite tru de har, sa Jesus (Matt 14,31). Vidare: Synd fordi de ikkje trur på meg (Joh 16,9). Tvilen er mor til synda (1 Mos 3,1). «Kan det vera råd at Gud har sagt?» Slik kjem tvilen i dag og. 

Tvil og vantru er tvillingsystre. Dei bryt og stenger ute det tillitsfulle samliv med Gud. Det får ein til å lita på andre makter. Det opnar for synda og stenger for Gud. «Gud er avsatt», sa ein rektor i Sverige. Samanlikn Israel før og Norge i dag. «Inga forkynning», er parolen no. 

Skort på ærefrykt for Gud 

Dette er det andre eg vil nemna. Har vi otte for Gud? Jesus seier: «Eg skal syne dykk kven de skal ottast. De skal ottast han som som har makt til å slå i hel og til deretter å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de ottast» (Luk 12,5). Gjer vi det i dag? 

Vyrdnaden for det heilage er ei grunnkjensle i all religion. Korleis omgår og brukar du Guds namn, Ordet, sakramenta, kviledagen og venesamfunnet? Misbrukar du noko av dette? Du har vel høyrt at Gud held ikkje den uskuldig som misbrukar Guds namn? 

Kva er din vane? Jesus gjekk av sedvane til Guds hus. Alt som tolvåring viste han det. Kva for vanar har vi i dag? Biltur, bingo, sport TV-titting og fjaselag – som er Satans visnepolitikk.

Di synd er at du ikkje står i heilag age for Gud. Ber du: «Jeg ser min synd at den er stor i tanker, gjerninger og ord. Den meg igjennom hjertet skjær. Å Gud, meg synder nådig vær»?

Må vi sanna med profeten: «Eg tala til deg då du levde trygt. Men du sa: Eg vil ikkje høyra! Det var framferda di alt frå du var ung, at du ikkje høyrde på mi røyst» (Jer 22,21). 

Skort på kjærleik til Gud 

Dette er det tredje vi må nemna. Det er ein grunnskade i vår natur. Det skiljer oss frå Gud og frå kvarandre. Det løyser opp ekteskap, familier og venesamfunn. Det øydelegg det sanne gudsforholdet. Kjærleik sameiner – å vera lunken skiljer. Det fins liten kjærleik, lite av lydnad, underordning og tenarsinn. 

Slik kan vi rekna opp det som er mangelvare i vår tid. Vi krev – alt krinsar om meg, mitt og mine. Det er sjelegift. 

Ulydnad 

Av di mennesket vantar både tru, otte og kjærleik til Gud, vil det leva i ulydnad mot Gud. Det er det fjerde eg nemner. Ein bryt Guds bod. Synd er difor lovbrot, 1 Joh 3,4. All urettferd er synd. 1 Joh 5,17. Alt som ikkje er av tru, er synd, Rom 14,23. 

Kva har eg forbrote? spør du. Det første og største bod: Kjærleiksbodet til Gud og nesten (Matt 22,37-39). Alt dette som her er nemnt er religiøs synd. 

Moralsk synd 

Den religiøse synd fører til moralsk synd og fråfall. Den som ikkje vitnar om Gud, vitnar om seg sjøl. Det openberrar egoismen. 

Du er skapt til eit liv i tenande kjærleik, men du har avsatt Gud. Du har sett deg sjøl i sentrum. 

Det hjartelause og kalde huglag vil ein gong få sin dom. Dette er etisk synd i djupaste meining. Hugs det kjem ein rekneskapsdag. Domen lyder ikkje berre for det du gjorde, men for det du ikkje gjorde. Vi skal nok gjera rekneskap for alt vi gjorde mot Gud, men det var fordi du ikkje tente Jesus: Eg var svolten, tyrst, heimlaus, sjuk og i fengsel. Du tente meg ikkje, seier Ordet. Den som veit å gjera godt og ikkje gjer det, har synd for det (Jak 4,17).

Kjærleiksløyse og egoisme skil menneske frå Gud og frå kvarandre. Synda skil oss frå Gud. Synda si rot er i sinnelaget i hjartet ditt. «Fra isse til fot, hjertets innerste rot, kun en eneste masse av synd». Slik song vi før. Gjer vi det no? 

For den reine er allting reint, Tit 1,15. Ingen ting er urein i seg sjøl, Rom 14,14. «Blir du kun god, blir allting godt». Det er ikkje verda og dei andre som må bli betre, men du. Eit godt tre ber god frukt. 

Kvar kjem synda frå? 

Det er viktig å vita. Det er frå den syndige undergrunnen i sinnet. Bo Giertz skriv så råkande om dette i si bok "Steingrunnen". Jesus seier: «For innanfrå, frå menneskehjarta, kjem dei vonde tankane, utukt, tjuveri, mord, hor, vinnesjuke, vondskap, svik, sedlause, ovund, spott, hovmot, vitløyse. Alt dette vonde kjem innanfrå og gjer mennesket ureint» (Mark 7,21-23).

Desse ord av Jesus treng vi oppsedarar og ikkje minst styresmenner å grunna, på og setja inn mottiltak mot vondskapen på den rette fronten. Rop meir på oppsedarar enn på politi. Det mennesket sår, skal det hauste (Gal 6,7), er rettesnor. 

Lastekatalogen i Gal 5,19-21 fortel og kva som kjem frå vår vonde natur. Mennesket er ikkje godt på botnen, som mange seier. Gud veit kva som bur der. Di synd er at du fylgjer di lyst, 1 Tim 5,6. Synda er som rust og termittens arbeid. Den tærer, er ein dødsprosess som bryt livsnerven, samfunnet. 

Er synda di farleg? 

Den er det farlegaste av alt. Det er dødsdom for synd. Synda si løn er døden, Rom 6,23. 

Synda si utvikling les du om i Jak 1,14: «Men kvar den som vert freista, vert dregen og lokka av si eiga lyst. Når så lysta har vorte svanger, føder ho synd. Men når synda er fullmogen, føder ho død.» (Kvar og ein… , stod det før.) 

Slik tok syndefallet til: Eva høyrde (på freistaren), såg på den forbodne frukta, tykte den var gild, og så åt ho og gav mannen sin (l Mos 3,6). Sjå og Salm 1,1, med dei tre verba: Går, står og sit. 

Synda verkar alltid. Det du gjer i dag, verkar i morgon. Sei nei til Jesus i dag, det er lettare i morgon… Eit glas, ein dram opnar for den neste. Ein dans (venskap med verda), ein flirt, ei usanning, ei «nødløgn», eit tankelaust ord opnar for synda og dødskreftene. 

Synda skapar vonde vaner som fører til last. Held du fram, fører det til at du blir træl åt synda. «Kvar den som gjer synd, er træl åt synda» (Joh 8,14). Leiken har snudd seg: Musa leika med katten til katten leika seg med musa. Ein vert bunden som træl. Dei gode røyster tagnar. Viljen veiknar. Samvitet dør. Døden er etter deg. Du har opna for den. Synda fører til død. Den øyder karakteren. Den dreg heile personlegdomen i oppløysing. Du gjer til sist det vonde med vilje og medvit, noko som kan føre til spott mot Anden. Les Rom 1,18 flg. 

Di synd fører andre bort. «Du og ditt hus», heiter det. Det gjeld både truande og vantruande. Det fører til familiesynd, folkesynd og til folkeslaga si synd og verdssynd, som openberrast i Antikrist si tid. 

Synda fører med seg skuld, straff, dom og død. Vi har skuld fordi vi har ansvar. Vi står i bottenlaus skuld til skaparen og utløysaren vår. 

Takkar du Gud for skuldkjensla? 

Skuldkjensla er Guds bremser. Den hindrar oss i å synde. Åtak på skuldkjensla er sjelemord. 

Dette åtaket er sterkt i dag. Ein drep barnet i mors liv – utan skuldkjensle. Ein kallar det abort. Ein bryt ekteskapet og gifter seg på nytt. Ein lever seksuelt saman før ekteskapet, og får opplæring og hjelpemidler så ein kan synda utan skuldkjensle. Matlyst og seksuell lyst er likestilde. Ein flyttar saman som ektefolk utan ekteskap og kallar det sambuar-skap – utan skuldkjensle. Dei fleste fødsler i landet er utanfor ekteskapet, las eg ein dag. Kva slags samfunn bygger vi? Kva seier Gud om dette? 

Har du lagt merke til at Jesus tala om utukt, hor, sedløyse og vitløyse (Mark 7,21)? Alle som syndar, har skuld og må taka ansvar: «Deretter dom!» (Ein vil fjerne orda om dette i gravferdsritualet no.) Bremsene skal bort. Den rike mannen opna augo sine i dødsriket. Det får alle. Men då er det for seint å sjå at ein er i pine. 

Synda si største straff er å bli skilt frå Gud. Misgjerningane dykkar skil mellom dykk og dykkar Gud, Jes 59,2. 

Dødsdomen i tre faser 

Den som er åndeleg død, er skilt som ei avsaga grein frå livstreet. Vilje, tanke, kjensleliv og heile det medvite sjels- og driftsliv tek skade av synda. Den frie viljen, som skulle vera konge i sjelslivet, er ikkje lenger fri. Tankelivet er formørka. Ein dømer rangt om Gud, seg sjølv, synda, frelse og fortaping og det evige liv. Kjenslelivet er i disharmoni. Det er strid mellom deg og din Gud. Ande mot kjøt, og kjøt mot Ande. 

Vi kristne kjenner dødskreftene: Eg elendige menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens lekam (Rom 7,24). 

Lekamleg død – det er den andre fasen i dødsprosessen. Det er djup samanheng mellom sjel og kropp. Synda tærer livskreftene. Ho fører mange i for tidleg død. Sorg, liding og død er synda sine fylgjesveinar. 

Den evige død – det er den siste fasen i dødsprosessen. Ande, sjel og lekam er for evig skilt frå Gud. Den som syndar i trass, som ikkje vil omvende seg, går evig fortapt. 

Dødskreftene er i gang her i livet. Skuldkjensla dovnar, sanningstrong og gudslengt sloknar. Lyset er mørke og sjela er tunghøyrt. Så er all von ute. Di synd kan føra til alt dette. Det uopprettelege skiljet, den store avgrunnen les vi om i Luk 16,19. 

Er det inga redning frå synda? 

Di einaste redning er Jesus Kristus, vår forsonar. Synde-beraren og forsonaren, han som var utan synd, kom som Guds Lam for å bera bort verda si synd, Joh 1,29. Synda fører Guds vreide, straff og dom over syndaren. 

Golgata viser Guds vreide over synda og syndaren. Der heng Guds Son og Menneskesonen, forsonaren og mellommannen, og ber bort verda si synd. Han vil bera kvar syndar som trur på Han, heim til faderhuset. 

Får du rett syn på synda og rett syn på Gud, då vil du ikkje vita noko anna enn Jesus Kristus krossfest for dine synder. Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han, 2 Kor 5,21. 

Det er ikkje bortforklaring av synd, straff, helvete og evig pine vi treng, men frelse frå alt dette. Og Jesus Kristus kan fullkoment frelse den som kjem til Gud ved Han. Vil du? Kjem du?