Artikel nr 3 fra blad nr 2-2004
Emne: Påske
Fastetid


Av Gunnar Holth

Denne gongen vil eg presentere ein av dei finaste nynorske påskesalmane:
FASTETID av Johannes Barstad frå Volda.

Dette er ein av dei eldste nynorske salmane. (Blix hadde skrive mange salmar på nynorsk før denne tida.)

Barstad (1857 - 1931) var ein svært avhalden prest i alle miljø og var ivrig med i vekkingane som gjekk over dette området like før århundreskiftet.

Han gav ut bladet «Stille stunder» frå 1889. Her kom det ei rekkje nye salmar. I dette bladet dikta både Barstad, Hovden, Blix og Støylen, og la eit godt grunnlag for det som seinare vart Nynorsk Salmebok i 1925. Det er sagt at det var i «Stille Stunder» landsmålet vart kristna, for på desse kantar var landsmålet knytt så nært til fritenkjarskap og ugudlegdom. Bladet fekk svært mykje å seie både for nynorsk salmedikting og for kristenlivet.

«Fastetid» vart prenta i bladet i 1893. Tonen er skriven av Marianne Olssøn.

Men eg vil nemne at Sivert Geitvik sin tone frå 1935 - for kor - har gjort salmen kjent i korkretsar. Geitvik sin tone er ei perle. Han var lektor på lærarskulen og organist i Volda.

I denne salmen møter eg ei heilt anna verd enn det som blir presentert innan mykje av såkalla kristen song og musikk i vår tid. Eg er ofte innom desse versa i mine stille stunder.

Stille, stille! Jesus lider,
blodet brenn, og sjeli kvider,
det er fastetid!

Pinfullt er kvart steg han stiger,
trøytt og sår han saman siger
i den store strid.

Bleik og blodut, spotta, slegen
gjeng han lydig pinsle-vegen
for den vonde verd.

Klungerkrynt han tolsam gjenger,
nagla til ein kross han henger,
medan verdi ler.

Understore guddoms-kjærleik,
lat meg kjenna i din nærleik
varmen av din eld!

Lat meg deg i hjarta hysa,
så du kan på vegen lysa
meg til siste kveld!