Artikel nr 4 fra blad nr 1-2006
Emne: Bibelsk sjelesorg
Bruk og misbruk av evangeliet


Av Ole Andreas Meling

Ein kniv er eit godt verkty når me brukar det rett. Til hjelp i husstell og bygging er det godt med ein kniv, men i teneste for hat og hemn er han livsfarleg. Ein salve er god når såret er vaska og reinsa, men gjer bare vondt verre om me brukar salven til å skjule skiten. Evangeliet kan frelsa den djupast falne, når me brukar det rett! Det kan difor også frelsa deg som nå les dette, om du brukar det rett! Men som kniven og salven, kan også evangeliet brukast feil. Og fordi konsekvensane av å misbruka evangeliet er så skjebnesvangre, er det så viktig å få lys i saka. Me går evig fortapt om me brukar evangeliet feil. Misbruk av evangeliet kan gje deg fred i hjarta, men ikkje fred med Gud. Det kan gje deg eit kristent namn, men ikkje skriva namnet inn i livsens bok. Det kan gje ro i synda, men frelser deg ikkje frå ho. Tusener er dei som finn trøyst i at Gud tilgjev synd, utan å vera frelste. Mange talar om nåde, utan å eiga han. Mange seier dei trur på Jesus, men har ikkje skjøna kva det vil seie å tru på han. 

Kva er evangeliet? 

Misbruk av evangeliet skuldast ofte at ordet ”evangeliet” vert bruka, men innhaldet er feil. Alle er vi jo einige i det sentrale, høyrer me stundom. Alle forkynn vi jo evangeliet. Men bare sjeldan veit evangeliet verkeleg forkynt. Ikkje all tale om Gud og om Jesus er evangeliet. Heller ikkje er all trøyst, eller alt som kjennest godt evangeliet. Evangeliet er ikkje at ”Gud er så glad i deg at han ikkje kan holde auga frå deg”. Det er ein liten bit av sanninga, men det er ikkje ein bodskap me kan verta frelste av. Heller ikkje er all tale om tilgjeving og nåde evangeliet. Gud tilgjev av ei bestemt årsak. Årsaka til tilgjeving forkynner Gud oss gjennom heile Bibelen. Denne bodskapen er så skjønn, at han har fått namnet den glade bodskapen, som er eit anna namn på evangeliet. Dette er det livet om å gjera og få auga på og søkja si tilflukt i. 

Evangeliet handlar om éin ting: Jesu død på korset. Det går ikkje an å tala rett om evangeliet utan å nemne Jesu kors. Talar me om trøyst og Guds godleik mot oss, utan at Jesu kors er det einaste me har å takka for dette, blir det heilt galt. Evangeliet er den glade bodskapen om at Guds armar er opna av Jesu soningsdød. Gud søkjer syndaren for å fortelja han at synda er betalt. Alt er ferdig, ropte Jesus på korset. Di rettferd er ferdig. Ikkje eit einaste sekund treng du bruka på di eiga rettferd for Gud. Bryllaupsklednaden din er ferdigsydd. Lovboda ropar om skuld, korset om at skulda er betalt. Lovboda ropar om Guds vreide over deg, korset ropar om fred mellom deg og Gud. Lovboda set deg i fengsel og seier: betal til siste øre. Evangeliet ropar om full fridom før eit einaste bod er oppfylt. 

Ein rett bruk av evangeliet er å tru dette. Det må me understreka så sterkt at me gjev kvarandre frimot til å tru det. Evangeliet ber deg ikkje om ei gåve, men er ein bodskap Gud vil du skal tru. Trua frelser deg ikkje, men trur du bodskapen, så vert du frelst. Straks du fattar tillit til dette, har du det! Du har tilgjeving, fridom frå lova, bryllaupsklednad og betaling for di synd. 

Midt i all lovløysa som breier seg, kan me fort mista evangeliet også. Bodskapen som eg prøvde å forkynna i avsnitta over, kan misbrukast. Men det er umogeleg å forkymia eit reint evangelium, om du skal forkynna det så det ikkje vert misbrukt av nokon. Stiller me eit einaste lite krav, stengjer me dei fattigaste utanfor med det. Dei åndeleg fattige, som Jesus har slik omsut for, kan ikkje få trøyst av noko anna enn eit heilt fritt evangelium. Difor seier eg det om att: Årsaka til alt godt frå Gud er gøymt i Jesus! Det er hans rikdom, hans liv, hans død Gud ser på når han seier til deg: Kom til meg du som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvila. Det er ikkje noko i deg han ser som han likar så godt, eller som hevar deg over andre menneske så du skulle ha grunn til å tru ei slik innbyding. Det er Sonen som har stilt Guds vreide over dine synder, og som heilt ufortent opnar sine armar for deg og byd deg heile himmelriket. 

Korleis kan vi misbruka evangeliet? 

Men evangeliet kan misbrukast, og i dag vert det misbrukt meir enn nokon gong før. Bileam er ein gåtefull person i Bibelen. Han tala mykje rett om Gud. Han tala til og med om Jesus. lngen kunne gripa han i vranglære. Talen skapte tillit hjå lsraelsfolket. Men han kviskra noko i øyra til kongen Balak som fekk lsraelsfolket til å ta lett på forholdet til verda. Han vart ei årsak til at Israelsfolket blanda seg med heidningefolket og dreiv hor med kvinnene der. Han er sidan blitt ståande som eit døme på alle som forkynner rett, men ikkje vil bryta med synda. 

Denne Bileams lære breier seg i dag. Difor er det naudsynt å tala om dette, og beda Gud ransaka oss og sjå om me er på fortapingsvegen. Nokon treng å vekkast opp til sann omvending, men ser det ikkje sjølv. Dei bedreg seg sjølv med ei falsk trøyst i evangeliet. Det skulle vel ikkje vera deg? Det er også naudsynt å få lys over dette av ein annan grunn. Dei ærlegaste blant Guds born er alltid redd for å ta til seg falsk trøyst. Dei vågar mest aldri å tru seg frelste. Slike treng også å forstå kva falsk trøyst er for noko, så dei skjønar at det evangeliet dei ser nokre glimt av, er ei verkeleg og sann trøyst frå Guds elskande hjarta. 

Når alvoret over synda forsvinn 

Alt for ofte fell kristne i alvorlege synder. Det kan vera unge kjaerastepar som let seg freista over evne, eller vaksne som fôrar seg med pornografiske bilete. Det kan vera vaksne som ser gjennom fingrane med sanning. Eller det er ektepar som blir for stolte til å gjera opp synd mellom kvarandre. Når sårande ord og gjerningar ikkje vert gjort opp, veks det opp ein mur som øydelegg kommunikasjonen både med Gud og kvarandre. Andre vert pengekjære, og kjærleiken til nesten vert kald. For andre kan det vera hat og misunning som veks høge som fjell. Det kan vera baktaling og lygn om andre menneske. Menneskefrykt gjer at du skikkar deg meir og meir lik verda. Det kan vera sinne som skadar andre i ord og gjerning. Eller det kan vera latskap i tenesta, bibellesinga og bøna, som jo også er synd. 

Av og til kan eg høyra kristne som erkjenner noko av dette i livet sitt. Men eg sit att med ei uroleg kjensle av at det ikkje er så alvorleg. Det er jo nåde og tilgjeving, seier dei. Alle har me jo meir eller mindre slikt, kan dei seia, og med rette. Forkynnaren seier nok at det burde ikkje vera slik, men du får ikkje inntrykk av at det er så viktig å bli annleis. Det er ingen verkeleg kamp om å bli fri synda i livet. Kva har fått kampen til å stilna, eller i alle fall til å bli teken på mindre alvor? Me må frykta at evangeliet mange gonger er blitt brukt til det! Dette er eit livsfarleg misbruk av evangeliet. Det er akkurat kva Paulus åtvarer galatarane mot: Lat ikkje fridomen bli eit påskot for kjøtet. Fridom for kjøtet er åndeleg død, slår Paulus fast. Kjøtet ynskjer å halde på synda, kjæle ved henne og setje vakre namn på henne. Desse vonde lystene og driftene skal døydast! Nokon annan bodskap til kjøtet forkynner ikkje Bibelen. 

Forkynner me evangeliet til kjøtet, så misbrukar me det. Evangeliet skal forkynnast til tynga samvit, ikkje til våre vonde lyster. Dei skal me tala sanning til. Når lygna freistar, skal me seia til oss sjølve: Nå har du lyst til å lyga. Når vi vert freista til hor, skal me seia til oss sjølve: Din horkar! Ber du på vonde tankar om nokon, er du ein drapsmann. Det same skal me gjera med alle forsømingssynder. Er du uvillig til å hjelpa den som er i naud, er du også ein drapsmann. Elskar du ikkje kona di, bryt du ekteskapet. Dette er å døyda kjøtet. Det er å sleppa ordet laus på tankar, motiv og gjerningar. Det smerter å vera bånn ærleg og sann med seg sjølv, men kjøtet får ikkje høyra noko godt ifrå eit einaste vers i Bibelen. Då skal ikkje me heller tala noko godt til kjøtet. 

Overtredingar 

Ja, men eg maktar ikkje å verta fri synda! Eg gjer det eg veit er galt, om att og om att! Kan eg tru evangeliet? Slik kan du kanskje tenkje no. Då vil eg seia det slik: Det er godt du set ordet galt på det du gjer. Eit kjenneteikn for dei som misbruker evangeliet, er at dei ikkje gjer det lenger. Det blir ikkje alvorleg. Fortsett difor med det. Bruk forresten ikkje bare ordet galt eller feil, men bruk det ordet som Bibelen brukar: synd. Då gjer du jo nettopp det som Bibelen bed deg om å gjere - du krossfestar kjøtet. Du arresterer deg sjølv i å synda. Var å krossfesta kjøtet det same som aldri meir å synda, var me alle fortapte. Då var ikkje evangeliet for nokon, ja, då hadde me ikkje noko evangelium. Du skal vita: Nettopp for slike er evangeliet gitt. Jesus vil ikkje støyta deg ut. Trøysta deg du med evangeliet, allereie før du har vunne ein einaste siger, for til deg er det gitt. Det er eit omgrep som Bibelen nyttar for slike synder: Overtredingar. Les i Sal 32 og finn ut om det finst tilgjeving for overtredingar, eller om det bare finst falsk trøyst for slike synder. 

Evangeliet utan omvending og tru 

”Gå og legg deg att”, sa Eli til Samuel. Herren hadde eit alvorsord han måtte få leggja inn på Samuel. Dette forstod ikkje Eli, og forkynte eit slags evangelium til han: ”Gå og legg deg attl” Når me ikkje får sove fordi urolege tankar held oss vakne, kjennest det godt med alt som jagar tankane vekk. Men evangeliet er ikkje alt som kjennest godt. Mange gonger veit Gud at me må få det vondt før me kan få det godt. 

Det er sant at Jesus døydde for alle. Det er også sant at Gud vil at alle menneske skal verta frelste. Men det er ikkje sant at han vil gje alle eit trøystande ord! Jesus gjekk ikkje rundt på jord og sa eit trøystande ord til alle han møtte. Sjølv om Jesus vart beden på middag til farisearane, måtte han øydeleggja heile gleda i selskapet med si kraftige ve-tale over gjestene (Luk 11). Både trøysta og ve-ropa er nøyaktig veidde på Guds kjærlege vektskål. Men når Jesus skil slik mellom folk, kva er så skilnaden? 

Eit botferdig hjarta 

Det går eit skarpt skille hos Gud ved det botferdige hjarta. Bibelen nyttar ulike omgrep på ei bestemt gruppe menneske som han talar særs vennleg til. Det er slike som er ”fattige i ånda", ”forferda over mitt ord” og som har ei ”sønderknust ånd. ” Den talar om slike som inga trøyst har funne. Den talar om nokon som hungrar og tørstar eller om nokon som er tyngja av gjeld utan å ha noko å betale med. Jesus seier han er komen for å søkja å frelsa det som er fortapt. Han er sendt for å forkynna evangeliet for fattige. Dette er forskjellige uttrykk for eit botferdig hjarta. Til dei som anten ikkje treng omvending (dei meiner i alle fall det sjølv), eller til slike som ikkje vil omvenda seg, finst det ikkje eit einaste trøystande ord i Bibelen. 

Men ve-ropa til slike er ikkje ei evig fordøming. Det er rop som skal gjera oss fattige. Domens ord i Bibelen er til for å forandra og omvenda menneske! Han vil frelsa alle som liknar Judas i hans falske etterfylging av Jesus! Men då må slike vekkjast opp frå svevnen i syndige laster. Og det går ikkje alltid smertefritt føre seg. Mennesket er verdsmeister i å finna årsakingar for eige liv. Synda bind oss i venelag me ikkje vil miste andlet i. Me har sagt ord me ikkje vil gå tilbake på. Synda fangar sjølve viljen, så me ikkje vil verta fri. Då ropar me etter eit evangelium som kan trøysta oss i synda. Finst det nokon som kan gje vakre namn på synda mi? Finst det nokon som kan sjå på alt det gode eg trass alt gjer? Jo, dei finst, men dei er falske profetar. Bibelen taler kun eit ord: Omvend deg! 

Farisearar 

Gud vil også frelsa alle farisearar. Han elskar dei også, men dei kjenner inga trong til omvending. All tale om omvending adresserer slike til andre. Ikkje så at dei synst dei er fullkomne, men dei har det som krevjest for å eiga Guds nåde og tilgjeving. Men det er det ingen som har. Den som lit 99 % på Jesus, og 1 % på seg sjølv, går like fullt fortapt som den største gudsfornektar. Gøymt i Jesus er du trygg, men berre ei tå utanfor er fortaping! Grunnen til frelse er i Jesus åleine! Gud er nidkjær for si ære. Di frelse vil han ha æra for åleine. Ynskjer du den minste bit av æra, tek du i røynda heile æra. 

Slik er det med eit kvart menneske. Får ikkje Guds ord plassera deg mellom dei som hungrar og tørstar etter syndsforlating og nåde, kan han ikkje skapa ei sann tru på evangeliet. 

Vekkingsforkynning 

Det er lite forkynning til vekking i dag. Det vert sjeldan satt ord på synda. Og blir ei og anna synd satt ord på, så er det sjeldan med alvor. Hjartesynder og synder som er vanlege i ei forsamling, går oftast fri. Er det lenge sidan du har høyrt at lovgjerningar er synd? Alle gjerningar som er gjort for å få godt samvit, er synd! Kva med orda du ikkje sa og gjerningane du ikkje gjorde? Kva tid høyrde du sist om kjærleiken på ein slik måte at avstanden mellom deg og din Gud vart så stor at du ikkje forstod å nå opp til han? Du er slett ikkje noko særskilt i Guds augo, ein spesiell edelstein som Gud ikkje kan halda auga frå. Nei, du er ein heilt ekte syndar, som har hug til verkeleg vonde ting og som gjer verkelege synder i livet. 

Forkynning som ransakar og skil mellom menneskelaga tru og Gudskapt tru, er også sjeldan. Det er ikkje alltid synder og laster som stengjer eit menneske frå himmelen, det kan likså vel vere vår kristendom. Noko me har å rosa oss av. Vår tru, vår beslutning, vår rette lære, vår kamp og offer, våre tårer og mykje anna. Det er ikkje mange som reiser seg opp og vitnar om at dei gjer det, men hjarta er daudt og kaldt for bodskapen om Jesus. Dei har alt fumie trøyst. 

Slike treng å vekkjast, viss ikkje så kan ikkje Gud frelsa dei ved evangeliet! Men desse tonar er i ferd med å døy iblant oss. Alle som vil vere kristne, er kristne, trur mange. ”Me treng vel eit og anna spark bak, men ikkje slik at me heilt mistar motet og ikkje trur at me er kristne lenger." Slik kan nokon tenkja. Så kjem det fryktelege argumentet mot vekkingsforkynning: “Gud er jo nådig! Gud tilgjevjo synd” Det høyrest så evangelisk ut, men det er det ikkje. Evangeliet vert misbrukt, og ein slik bruk av det hindrar Gud i å omvenda syndaren. 

Sann trøyst 

Omvending er ikkje å koma opp på eit høgare moralsk nivå. Det er ikkje å få eit forandra ytre, føre ei kristen vedkjenning, slutta seg til ei kristen forsamling, be om tilgjeving for eit og anna og tru på Gud. Omvending er å erkjenna sanninga. Omvending er å få ei sønderknust ande. Det som er knust i to bitar, kan reparerast med lim. Er noko sønderknust, er det ikkje mogleg å reparera det. Det er sanninga. Du kan ikkje reparerast. Du blir ikkje frommare, du trur ikkje meir i morgon enn i dag, du ber ikkje meir inderleg i framtida heller. Du er fortapt. Bad Gud deg om ein rein tanke, kan du ikkje gje han det. Skjønar du det, vert du fattig i anden. Men det skjer ofte på ein slik måte at du slett ikkje kjenner deg fattig. Du kjenner deg bare heilt og fullt verdsleg og syndig. 

Finst det nokon religion som har noko godt å seia til slike? Ja, i Bibelen har me det som har fått namnet evangeliet. ”Trøyst, trøyst mitt folk. Rop til dei' at gjelda er betalt, og at dei har fått dobbelt for alle syndene sine. ” Er dette di einaste trøyst for liv og sæla, så er det ei sann trøyst! Då veit eg at du må høyra det om att og om att. Du ber også i deg eit ynskje om å avslørast for all eiga rettferd - og du blir ingen motstandar av vekkingsforkynning. Det er eit hav av skilnad på ein som brukar evangeliet og ein som misbrukar det. Ingen som er av sanninga, treng å ta feil!