Artikkel nr 2 fra blad nr 4-2006
Emne: Andakt
Den gode Hyrdingen
Av Tollak Jakobsen.

Joh 10,10-16
Det er mange med namn Jesus, som me høyrer om i dag, men bare ein er den rette og gode hyrdingen. Det er Han som av den levande og sanne Gud vart send til verda for å sona menneskeætta si synd, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, men stod opp att frå dei døde Påskemorgon, og no sit ved Gud den allmektiges høgre hand i himmelen.

I Bibelen har Jesus fått mange namn for å syna oss kva Han står for, og er for oss til frelse, von og evig sæle. Og med det – det Han vil vera for oss medan me er i denne verda for å leia oss fram til målet for vandringa, ein æveleg bustad heime hjå seg.

Namnet – den gode hyrdingen – som Jesus brukar om seg sjølv her i teksta – er sant, gripande og levande, slik at for kvart eit menneske – her likna med sauer som høyrer denne gode Hyrdingrøysta som kallar og lokkar – og så kjem til Han og får leggja sitt liv i Hans omsut, han finn den frelse, fred og liv som berre Jesus kan gje eit menneske. Slik som kong David skildrar opplevinga av dette i Salme 23, eller slik Jesus sjølv skildrar det i Luk 15,4 ff.

I Matt 9,36 les me at då Jesus såg folkehopen, tykte Han hjarteleg synd om dei; “for dei var ille medfarne og forkomne, som ein saueflokk utan hyrding.” Og i vår tekst talar Han om leigekar som ikkje har omsut for sauene når ulven kjem, og i vers 10 om tjuven som stel og myrdar og øydelegg.

Ein må vera blind om ein ikkje ser at denne stoda er den same i dag som den var på den tid som Jesus gjekk her på jord – om ikkje verre. Det er fullt opp av leigekarar, tjuven og ulven er verksam som aldri før. Mange vert førde vill. Sant nok, alt som er sant, godt og ære verd i teneste for å hjelpa menneska og lette kåra ein lever under i denne verda, – skal me gje akt på, tala vel om og vera takksame for. Men ofte ser me egoismen setja makt bak krav som går ut over andre, og då ofte over dei som er veike. Og grufullt når me ser dette slår ut i rasehat. I så måte har me sett – og ser i dag – blodige krigar, der millionar av menneske vart drepne. For alt dette skal menneska ein dag stå til rekneskap for den Gud som har skapt oss og gjeve oss livet. Det fortel Guds Ord oss ålvorleg om.

Difor treng me så sårt å få høyra Ordet om den gode hyrdingen som kallar og lokkar på oss ennå i dag, på deg og meg. Han som sette livet sitt til for oss i kampen mot det vonde og den vonde, – sigra og forsona oss med Gud, så me ikkje skal fortapast. Han er den gode hyrdingen. Kjenner han deg? Kjenner du Han? Då fyljer du Han og Han leier deg. Då vert du ikkje førd vill, men du når målet, den evige sabbatskvila heime hjå Gud.

“Mellom alle verdens røster, din er ene den som trøster, led oss i ditt hyrdespor!” (Sangboken nr. 422)