Ver ikkje redde. Eg kjem med bod til dykk om ei stor gleda som skal timast alt folket: “I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; Han er Kristus, Herren.” Luk. 2,10-11.
Glede vert ofte hos mange forveksla med moro og medgang. Ein kjøper seg moro og nyting i von om at dette skal gje ein glede. Då opplever ein sanninga av Garborg sine ord: “Du kan kjøpe deg moro, men ikkje glede. Skalet kan ein få for pengar, men ikkje kjernen. Den kan ikkje kjøpast for pengar.”
Moro og nyting varer bare ei kort stund, så er den borte. Og ein står att tomare enn før. Ein stor del av menneskje i denne verda har det vondt. Krig, hungersnaud og mangel på nesten alt pregar livsvilkåra til mange. Dei mest enkle sosiale ting som me reknar som sjølvsagt, er ikkje for alle, men berre for ein del av menneske på jord.
Den store gleda som engelen bar bod om, er stor fordi den er for alle. Me kan få del i den utan omsyn til sosial standard. Den når til den djupast falne forbrytar og til den mest høgverdige fyrste og konge og til den fattige i uslaste kår. Den er for alle og alle treng den. Utan den store gleda er alle fortapte og utan von for æva, berre mørke gråt og evig gru. Gleda er stor fordi ingen som tek i mot den, treng yte noko eller kunne noko for å ta den til seg. Jesus seier i Matt. 11: “Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, hjå meg skal de få kvila ut.”
Gleda er stor fordi den varer ved sjølv under hard forfylging og motgang. Fleire kristne under hard tortur og i mange år i fengsel kan vitna om dette. Gleda er stor fordi den kan frelsa alle frå å gå fortapt. Ingen ting kan gje større gleda enn å verta fridd ut frå den evige fortaping der ein er utan Gud og utan von i æva. Den store gleda er ein person, Jesus Kristus. Den som tek i mot den store gleda, tek i mot Han som har all makt i himmel og på jord. Han kan løyse deg ut frå all skuld og alle band og gjera deg til ein arving til all den rikdommen som Jesus har.
Den store gleda er til alle og difor er det vårt ansvar å gje denne bodskapen vidare til vår neste og til jordens ender. Det er godt for ein liten venneflokk å kvile i gleda i Herren. Ein treng ikkje gå fortapt fordi det er ein Frelsar som har ordna opp i all mi elendighet og frelst meg ut frå alt det vonde i meg og omkring meg.
Æra er Guds i det høgste, song englane på Betlehemsmarkene. “Han er min sang og min glede, han er min Herre og Gud.” La Han få lov til å vera det for deg også.