Artikel nr 3 fra blad nr 4-2008
Emne: Dikt
Trygg i Jesu kjærleik

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Trygve Bjerkrheim

Trygg i frelsarhandi,
merkt til blods for meg,
trygg ved faderhjarta,
trygg for kvart eit steg.

Trygg i Jesu nåde,
i eit fullført verk.
Trygg i Jesu kjærleik,
trufast, varm og sterk.

Trygg i tidens fårar,
trygg, for Han er med,
trygg når båror brusar,
trygg i Jesu fred.

Trygg i Jesu nærleik
møter eg kvar dag,
trygg, for han har vunne
i det store slag.

Trygg i livsens kvardag,
trygg i livsens strid,
trygg i dødens time,
trygg til evig tid.