Artikkel nr 5 fra blad nr 6-2008
Emne: Bokklipp
I dag er det fødd dykk ein Frelsar
Av Ludvig Hope

”I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by, han er Kristus, Herren! ”Luk 2,11. 

Som slaga frå joleklokkene syng ut over dalar og strender kvar jol, so lyder ordet frå ætt til ætt om Frelsaren som vart fødd. Me treng ein frelsar. Me er i naud. Satan, synda og døden fann oss og slo oss til jorda. Ingen kan meir reisa seg med eiga makt. ”Vår nød er stor, i dødens natt vi bor.” 

Men han som måtte låsa porten for oss til livsens land, han lova å finna utveg til å opna han att. Det er uråd for oss å forstå det, men Bibelen fortel at alt før verda vart grunnlagd, hadde Gud ordna med hjelpa. Og då tida var der, kom han sjølv til jorda og vart vår frelsar. Han som alle ting er skapt ved, han ligg i stall og på strå, for å gjera oss rike med sin fattigdom. No reknar ikkje Gud med oss lenger, no reknar han med han som sa: ”krev av meg!” Han har stige inn i vår ætt, som menneske millom menneske, som den andre Adam, so han kan ta bort det vonde den første gav oss i arv. I gleda over det som no timast oss menneske, syng englar og himmel-herar lovsongs-tonar opp til Gud og frelse-bodet ned til jord. Kom då og syng med, alle som har hjarta, munn og mæle, og lat oss tilbe han som kom og ville frelsa oss fortapte! 

Krist hos oss blunder, Guds fred på jord er lyst! 
Ja, la kun høres Guds barns halleluja. 
la strengen røres for Krist i Davids stad! 
Nu skal vi føres med ham til himlen glad. 

(S.631,3) 

(Frå Andaktsboka: Eit ord idag, 25. des.)