Artikkel nr 2 fra blad nr 3-2009
Emne: Andakt
Den rike mannen og Lasarus Luk 16,19-31

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Otto Jakobsen

Menneska strevar etter å blande lys og mørke. Gud skiljer desse. Det første som slår ein når ein les denne forteljinga, er at den rike mannen fekk oppleve at Guds ord var sant. Det er eit enten eller i æva, evig liv eller evig fortaping. Dette skillet er evig, uigjekalleleleg og endeleg. Dernest taler det om Guds ubegripelege kjærleik, der Han satsa alt som var moge-leg for å berge den rike mannen. Han let det tilflyte han alle dei materi-elle godene for om mogleg Guds godheit skulle drive han til omvending. Han fekk sitt gode her, men det var heilt utan verknad kva som vedkom hans evige ve og vel. Denne forteljinga har også ei djup åndeleg side. 

Han levde nemleg på det han ikkje kunne døy på. Det såg ut til at han var ein slag truande som folk flest rekna med. Han kalla Abraham for far og fekk kvittert "son min". Kvifor gjekk han så fortapt? Han levde i fest og glede kvar dag i sitt gudstilhøve. I overflod. Og han vanta ingenting, nett som i Laodikea-kyrkjelyden. Han vraka den "maten" som tala om nåden og sanninga. Desse smulane var det Lasarus stunde etter å metta seg med. Nåden og sanninga var borte frå den maten den rike åt opp. Det kunne gjerne vera på bordet, men det skulle ikkje etast. Han opplevde rikdom og overflod, men var likevel fattig. Han trudde livet skulle fortset-je i æva slik det var i tida. Difor bad han om ein drope av det som var ma-ten hans her i tida. Det kunne han ikkje få, for det var ikkje meir til. 

Lasarus derimot opplevde fattigdom og tiggarlivet her, ein god type på ein sann kristen. Ein eig ingenting, men må leva på nåde. Han levde av det den rike vraka. Sanninga veit at eg er naken og fattig i meg sjølv. Eg treng bare sanninga, og då kjem nåden i saman med sanniga. Desse kan ikkje skiljast. Dei er ein person, Jesus Kristus. Då er eg rik midt i min ån-delege fattigdom. Han levde på heile Guds ord. Dette å vraka sanninga i den åndelege maten ein et, er forherdane. Og det varer ved like inn i æva. Den rike mannen hadde ikkje tru på Guds ord som frelsesmiddel for brørne sine. Et heile Guds ord, så et ordet deg. Det nye livet veks, det gamle livet visnar og døyr. Når Jesus vert vårt liv på sanningsgrunn, har me det evige livet som endar i Abrahams fang. Då vert eg evig frelst og løyst. Korleis er det? Lever du på nåden og sanninga?