Artikel nr 2 fra blad nr 3-2010
Emne: Andakt
Lovnaden gjeld (Apg 2, 36 – 41)

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Tollak Jakobsen

Då Den Heilage Ande kom den første pinsedagen, tala apostelen Peter til folket som hadde korsfesta herlegdomens Herre, og sa at dei måtte venda om. For lovnaden om den Heilage Ande gjeld – dykk og barna og alle dei som er langt burte, så mange som Herren vår Gud kallar til seg. Til alle som er på ville vegar og vender om har Gud i nåde gjeve den Heilage Ande for å leia oss på rett veg mot det evige Livets mål. 

Bibelen fortel og livet syner oss at me vert påverka i vårt tankeliv av idear i tida som leiar oss bort frå Gud - vår skapar og Far. Lett kan me dragast med til å tenkje og gjere synd. Slik den gong og slik i dag. Men Gud sjølv var i Jesus og forlikte oss med seg - på krosssen - så Han ikkje tilreknar oss misgjerningane våre. Jesus har sona straffa vår og den som tek i mot Han - er fri. Men djevelen og all hans forførande makt vil få sin dom. 

Sanningsanden syner oss vegen til fridom ved at me høyrer og les Ordet i Bibelen, så Han får omvende og frelse oss medan det er nådetid. Det står skrive at kvar den som kallar på Herrens namn skal verta frelst. 

Den første pinsedagen vart om lag 3000 sjeler frelste ved å omvende seg og la seg døype i Jesu namn til syndsforlating. Seinare har millionar av mennesker gjort det same. Gud skal ha takk for at lovnaden om syndsforlating i Jesu namn ved Ordet og Anden også gjeld i dag for alle som omvender seg.

”Ånd fra himlen kom med nåde, 
kom med liv og lys her ned. 
La din Guddoms makt nå råde, 
gjør oss vis til salighet”.