Artikel nr 3 fra blad nr 4-2010
Emne: Sang
Det blinkar eit lys lenger framme

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Trygve Bjerkrheim

Det blinkar eit lys lenger framme

Det blinkar eit lys lenger framme.
Det sterkare skin etter kvart.
Det lys er vår Frelsars lovnad.
Det strålar så reint og bjart.

Det blinkar eit lys lenger framme
for dei som på Jesus trur:
ein lovnad om evig sæla
når me i Guds himmel bur.

Det blinkar eit lys lenger framme
så eig me den gode von:
Me skal ikkje døy, men leva.
Det lova Guds eigen Son.

Det lyder ein klangrein tone
av lovsong i hjartans grunn.
Det blinkar eit lys der framme
Det strålar i livsens lund.

 Av Trygve Bjerkrheim
(Egen melodi av Mons Leidvin Takle)