Artikel nr 14 fra blad nr 4-2010
Emne: Småstykke
Guds rike

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Tollak Jakobsen

Alt me ser med vårt lekamlege augo er forgjengeleg, men det usynlege er evig, seier Bibelen. 

Det usynlege er såleis det verkelege Livet. Guds rike kan ein ikkje sjå utan å verta fødd på ny, seier Jesus, men når alle verdens riker går under vil det koma til syne i all sin herlegdom. 

På grunn av synd er me mennesker utanfor, men ved Jesu kome til verda kom Guds rike til oss, for Han er kongen i det. Ved det han var og gjorde for oss då han fullenda soninga med Gud, åpna Han ei dør for alle mennesker til å koma inn. Vilkåret er å bli fødd på ny. 

Korleis går det til? spør Nikodemus. Han var ein mykje lærd mann i Israels soge, men dette visste han ikkje. Det burde han visst ut frå det Jesus tok fram frå israelsfolket si vandring i øydemarka, den gongen dei synda ved å lasta Gud og Moses for den veike maten. 

Då sende Herren giftige seraf-ormar og mange døde. Så bad Moses til Herren for dei om å fria dei frå ormane. Herren høyrde bøna, men svara annleis. Dei vart ikkje fri ormane, men Herren sa til Moses at han skulle gjera ein seraf-orm og setja på ei stong. Kvar gong ormane hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han leva. 

På same måten er det i dag for kvar den som vender om og ser den krossfeste Jesus, som tok straffa i staden for oss, då er ein fri domen og får av nåde det evige Livet. Dette vil Jesus skal kunngjerast for alle folk i heile verda. Den svenske songforfattar Sven Lidmann skriv i ein song, omsett av Trygve Bjerkrheim: 

Å underfulle salighet! Å Kristi tornekrone 
:/: som mer enn verdens visdom vet og hver en synd kan sone.:/: 
Jeg treder nu til korset fram, fra syndens land meg vender, 
:/: og gir min sjel liksom et lam i Jesu frelserhender.:/: 
Nå all min synd du tilgitt har. Av fryd må hjertet gråte.
:/: Jeg er ditt barn, du er min Far. Å salighetens gåte.:/