Artikel nr 9 fra blad nr 5-2013
Emne: Dikt
Betre heime!
Av Henrik O. Stokkenes

Vi slepp ikkje unna sorger, 
Bekymringar kjenner vi vel! 
Det finst så mykje i livet, 
Som vil forstyrre og plage vår sjel! 

Uro for framtida har vi. 
Vi ynskjer å jage det bort. 
Men så kjem det snikande på oss, 
Og freden vår kjem så til kort. 

Kast suta for morgondagen 
På Han som har alt i si hand! 
Han tok på seg syndeskulda 
Og set det brotne i stand! 

Det fins ikkje sorger i Himlen! 
Det fins ikkje vondskap og svik! 
Der får vi kvite klede 
Og vert vår Frelsar lik! 

Der skal vi syngje i koret, 
Eit jublande lovsongsbrus! 
Dei frelste er samla heime, 
For alltid i Herrens hus!