Artikel nr 8 fra blad nr 1-2014
Emne: Bladklipp
Bibelsyn – grenser og intellektuelt redeleg
Av Johannes Kleppa

Eit kvart bibelforplikta bibelsyn må ta omsyn til og la seg forma av måten Bibelen møter oss på, Bibelens sjølvvitnemål. Det inneber at vi må ta på alvor at gjennom inspirasjonen tok Gud i bruk forfattarane sin personlegdom og utrustninga deira, men slik at resultatet vart som Gud ville i uttrykksmåte og innhald. Vi må ta på alvor at vi finn ulike litterære sjangrar i GT og NT, og vi må tolka dei ulike bøkene ut frå deira litterære eigenart. Vi må også ta omsyn til at GT er skrive på hebraisk og ut frå jødisk tenkjemåte og historie, som NT er skrive på gresk. Vi kan difor ikkje i alt og eitt lesa med vestlege briller, men med hebraiske og greske for å tolka rett ut frå språket og tenkjemåten. Det er også andre moment å ta omsyn til, men i siste instans er det ”som Den Heilage Ande seier” (Hebr 3.7), der Kristus er stjerne og kjerne. 

Etter å fylgt debatten om NLA og bibelsynet der, er det nokre ting ein kan undra seg over. Det eine er at det skal vera nødvendig å gå frå eit bibelsyn som seier at Bibelen er ufeilbarleg i alle delar (eit fundamentalistisk eller ortodoks bibelsyn) til eit eller anna konservativt bibelsyn fordi det første ikkje fungerer i praksis, for å vera intellektuelt redeleg eller av sjelesørgeriske grunnar. 

Den forståinga av Bibelen at han gjev seg ut for å vera ufeilbarleg i alle ting, har fungert i praksis gjennom heile kyrkjehistoria, og svært mange finn at det fungerer utmerka også i dag. Det same gjeld kravet til å vera intellektuelt redeleg. Det er eit sjølvsagt krav til ein kristen, og det er ikkje problematisk ut frå eit fundamentalistisk bibelsyn. Det er profane premiss ein legg for tenkinga, altså det allmenne vitskaps- eller kunnskapssynet, som kan skapa slike problem. Det synet at Bibelen i alt er ufeilbarleg, har lege til grunn for det aller meste av vekkings- og misjonsarbeidet, og har fungert godt i det omfattande sjelesorgarbeidet som har vore der. 

Det andre som undrar, er at ein meiner NLA ikkje kan ha eit definert bibelsyn som ein arbeider ut frå, samstundes som ein finn det uproblematisk å ha eit konfesjonelt verdigrunnlag. Det lutherske fundamentet er ikkje sjølvsagt. Ein kunne lagt berre Bibelen til grunn, den oldkyrkjelege vedkjenninga, eller ein annan konfesjon – slik det er ved andre institusjonar. 

Kan ein setja ei dogmatisk grense, kan ein også setja ei bibelsynsgrense – bibelsynet høyrer jo dogmatikken til. Menighedsfakultetet i Danmark har vedtektsfesta bibelsynet. Dansk Bibel-Institut har eit bibelsynsgrunnlag som forpliktar på at Bibelen er ufeilbarleg i alt – og der har nett to av lærarane fått professorkompetanse i GT på dette grunnlaget. For begge desse institusjonane er bibelsynet avgjerande. Det er viljen og kva ein meiner er tenleg, som avgjer kva grenser, dogmatisk og bibelsynsmessig, ein set for institusjonen. 

(Dagen 12.12.2013,med tillatelse fra forfatter)

 

 



  Klikk her for å åpne eller laste ned hele dette nummeret av Bibelsk Tro som PDF