Artikel nr 15 fra blad nr 1-2014
Emne: Baksida
Etter jul
Av Annbjørg Helland Sævareid

Då englane var borte og songen tona ut,
var hyrdingane fylte av helsinga frå Gud.
Dei skunda seg mot stallen
der Himmelen steig ned,
og fann det vesle barnet
som kom med evig fred.

Eg møtte ikkje englar. Eg høyrde ingen song,
men i mitt hjarta kjende eg litt av samme trong.
Eg ville møta Jesus
og eiga freden hans,
men stallen han var borte
og krubba utan glans.

Eg gjekk ei stund og leita blant halm og gule strå.
Så fann eg han på krossen,
Og høyr kva eg fekk sjå:
Her tok han mine synder
og sa at dei var hans.
I byte tok han på meg
si kledning og sin krans.

Til deg som enda leitar og lengtar etter fred,
som englane bar bod om då Jesu kom her ned:
Du finn han ikkje lenger
i krubbe eller stall,
men lyft ditt blikk mot krossen og høyr hans milde kall.

”Og med eitt var det ein stor himmelhær saman med engelen, som lova Gud og sa: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske. Og det hende, då englane hadde fare frå dei opp til himmelen, då sa gjetarane til kvarandre: Lat oss no gå rett til Betlehem og sjå det som har hendt, det som Herren har gjort kjent for oss”.

 (Hentet fra ”Nardussalve” og utgitt på Sambåndet Forlag 2007)

 

 



  Klikk her for å åpne eller laste ned hele dette nummeret av Bibelsk Tro som PDF