Artikel nr 10 fra blad nr 6-2014
Emne: Fra troens slagmark
Vekkingstider
Av Dag Rune Lid

Ynskje om samvitsvekking, er noko av hjartetrongen for Guds folk. Både i GT og NT kan me lese om slike tider. Under vekkinga i Efesus, som står omtalt i Apg 19, står det så beskrivande: «Såleis hadde Herrens ord stor framgang og fekk makt.» Det at Guds ord får makt, er noko av det særmerkte ved slike samvitsvekkingar. Då må eg bøye meg for Guds ord i alle ting, for eg har lært Herren å kjenne som Sanninga. 

Eg tykkjer alltid det er spennande å lese frå vekkingssoga. Då ser ein korleis Gud handlar på forunderleg vis, og det vekkjer inspirasjon. Når eg les, slår det meg gong etter gong at Gud er den same i dag. Ingenting er umogleg for han! 

Rogaland 

Dei 10 første åra av førre århundre var det vekkingstider nær sagt over heile vårt land. Vekkinga starta mot slutten av 1890-åra og auka på i styrke, og seinare vekkingar kunne ikkje samanliknast med denne. 

I Rogaland stod den kjende vekkingspredikanten Sven Foldøen fram i desse åra etter århundreskifte. Han hadde hatt omvendingskamp på Dakota-prærien, og no kom han heim att til gamlelandet som radikal vekkingsforkynnar. Han fekk vere eit reiskap i Guds hand til at mange vart frelste.

I Vårløysing står det fortalt at han på Kvitsøy hadde stått i to veker, og siste kvelden heldt han avskjedstale om at «det skal gå Sodoma og Gomorra tolegare på domens dag enn dykk». Denne kvelden braut vekkinga laus. Det la seg ei sterk åndsmakt over øyane, folk som sat heime kjende seg dregne av Gud. Det blei vekking med djup syndenaud og klår overgang frå død til liv. Ein kveld bøygde 40 menn og kvinner seg på bedehuset, og fruktene var store og varige, kan me lese. 

Hardanger

I bygdene i Hardanger fekk ein også oppleve vekkingstider. Lekfolket hadde stått sterkt her tidlegare også, og i 1880 åra var det ikkje uvanleg at Indremisjonen kunne samle opp til 10.000 menneske på storsamlingane sine. Brandtzæg var kome til bygda i 1897, for å byggje opp Framnes ungdomsskule. 

I Norheimsund var det ei spesiell hending som nok var medverkande til at vekkinga greip så djupt. Ut på hausten i 1902 merka ein noko heldt på å bryte fram. Bønemøte som dei heldt rundt om i heimane, søkte no folk til i så stort tal at dei fekk ikkje rom lenger i stovene, men laut ta bedehuset til hjelp. Indremisjonen planla møter og festar som skulle haldast i jula, men ingen drøymde om at det skulle gå som det gjekk. 

Julekvelden rauk det opp til storm frå nordvest, og det auka til orkan. Då det stilna frampå morgonen, spurdes det at tre menn frå Norheimsund hadde drukna om natta, då dei ville berge ei skute som heldt på å drive av. 

Folket blei oppskaka og det la seg eit uvanleg alvor over heile bygda. Då det fyrste møte skulle haldast, strøymde både unge og gamle til bedehuset. Frå jul og utover heldt dei møter kvar kveld, og bedehuset var fullt. Men først då to lektalar, Knut Hesjedal og seinare Olav Hodne kom til bygda, tok vekkinga fart for alvor. 

Det var underleg samlingar som no fylgde. Oftast fall heile samlinga på kne når bønemøtet byrja. Ei åndsmakt som synest dra alle med, låg over møtet. Nokre bad, andre reiste seg og sa at dei ville vende om til Gud, og fleire og fleire vitna om at dei hadde vunne fram til fred og ljos. Herren opna opp og vondskapens åndehær måtte vika. Alt i alt er det den største vekkinga som har gått over bygdene her, og ingen var meir trufast i dette vekkingsarbeidet enn Brandtzæg, står det å lese i Vårløysing. 

Stranda

I 1920 åra høyrde ein lite om vekking i vårt land, men på same tid levde det i enkelte kretsar ein sterk lengsel etter å få oppleve vekkingstider. I 1930 og dei følgjande åra merkast ny åndeleg lufting. 

I Kåre Ekroll si bok om Øivind Andersen får me også eit glimt frå vekkingstidene på Standa der Andersen fekk vere med. Det hadde seg slik at på ein gard oppe i bygda, ikkje langt frå Vestborg, budde ein eldre truande mann som hadde vore mykje plaga av sjukdom. Denne mannen hadde i årevis bedt til Gud om vekking i bygda. 

Ein dag utpå vinteren ropte han på folket nede på kjøkenet. Då dei kom inn på rommet til han vart dei ståande som fjetra. Det var liksom ein eigen atmosfære der inne, - og som eit underleg lys som ikkje kunne forklarast.

Mannen kunne fortelja at Jesus hadde vitja han denne dagen, og han kunne fortelje nøyaktig dagen då Jesus ville kome for å hente han. Og han hadde fått vite når vekkinga i bygda skulle byrje. 

Den dagen mannen hadde forutsett, døydde han, og gjekk lukkeleg heim til Jesus, og på den tid han hadde sag,t byrja det å skje underlege ting på bedehuset og i kyrkja. DVI hadde møteverksemd på bedehuset, og det kom sånn ei underleg åndsmakt over møta, og folk kom på bedehuset og overgav seg til Gud. Øivind Andersen kom også til bygda denne våren og fekk vere mange til hjelp. 

Andersen dreg parallellar til Daniel kap. 10, i dette han møtte på Stranda. Korleis Daniel i si naud vende seg til Herren og fekk oppleve at vondskapens åndehær blei kjempa attende. Eg tar med nokre avsnitt frå boka der Andersen sjølv fortel: 

«Et par av dem som var meget ivrige i arbeidet, ville gå over til Sykkulven og vitne og føre vekkelsen over dit. Den gang var ikke veien mellom Stranda og Sykkulven, den som bilruten nå bruker, ferdig over hele fjellet. Da disse to gikk oppe på fjellet, følte det seg plutselig så beklemt. Det var som de fikk det vondt innvortes. De mistet all frimodighet, og de sa til hverandre: - Hva er dette for noe! 

De kunne ikke forklare det. Men de gikk nå ned i Sykkulven og prøvde å ha møter, men de klarte det ikke. De prøvde å vitne, prøvde å bære frem Guds ord, men det var som de fikk munnen dyttet full med bomull. De måtte simpelhen gi det opp å gå tilbake til Stranda igjen. Da de passete skillet på heia og kom på Stranda-siden, var det som alt vondt vek, som himmelen åpnet seg over dem, og den samme liflige ånd var i dem som den hadde vært før. Og de kom ned og vekkelsen fortsatte i Stranda. 

Det er ikke tvil om at det er bokstavelige det vi leser om Ef 6 om ondskapens åndehær i himmelrommet. Det står også noe om høvdingen over luftens makter. Dette vil mange ta som symbolsk uttrykk og tenker ikke på at det er slik som det står. 

Skal det bli vekkelse, den vekkelsen som altså egentlig Guds ord taler om, da må det skje noe. Det må skje noe i himmelen. Ondskapens åndehær må kjempes til side. Det må åpnes. Dette tror ikke jeg de kristne har nok syn for i dag. De tenker så ofte at bare de får en god mann, en som kan forkynne klart, og en som synger og spiller , så skal det bli vekkelse. Men den egentlige vekkelsen i den forstand at det omskaper mennesker og bygder og byer, det blir det ikke. 

Det vi må begynne med, vi kristne, er å gå i oss selv. Vi må se vår synd. Vi må bekjenne vår synd, vi som tror på Jesus. En bør ikke snakke om at det er så galt blant folket. Og vi må ikke snakke om alle de gale bevegelsene som er opp i tiden. Vi må bekjenne som Daniel at det er vi som har syndet. Har vi ikke det? Vi har gjort ille. Det er vi som har vært ugudlige. Vi har satt oss opp imot Gud. Det er vi som bekjenner oss som kristne, som har veket av fra Guds bud og forskrifter i en meget betydelig grad. Og vi bekjenner det ikke som synd. 

Hva tror du kommer til å hende om vi som kristne kommer i nød med oss selv og begynner å be som Daniel ba? Da kommer det til å hende som hente på Daniels tid. 

Vi hører i Johannes's Åpenbaring(kap. 5,8 og 8,3-5) om disse skålene som blir tømt i himmelen. Det var de troendes bønner, står det. Og da skålene ble tømt i himmelen, ble det jordskjelv på jorden, og det jordskjelvet er det vi kaller vekkelse, det. Det skaker opp, og det skjer underlige ting....... 

Men om vi nå som kristne mannjevnt kunne innse vårt virkelige behov i dag: At vi i Norge trenger en vekkelse ifra Lindesnes til Nordkapp og fra Kjølen og til havbrynet, hvor mennesker kommer i nød for synd. Hvor tror dere det da kom til å bli i Norge? En ugudelig kringkasting kunne ikke hindre det, heller ikke tilstanden ellers i kirke og samfunn. For han som er med oss, er sterkere enn han som er i verden. Husk hva Guds ord sier: «I er av Gud, mine barn, og har seiret over dem, for han som er med eder, er større enn han som er i verden.» John. 4.4» 

Så langt Andersen, men eg trur at her er me inne på kjernepunktet. Får Guds Ord drive Guds folk til den same erkjenning og bøn som Daniel: «Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine...... Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt og gjer det, dryg ikkje - for di eiga skuld, min Gud!” (Daniel 9). Då kan atter Gud få gripe inn. Måtte me få eige forventning til Herren at han atter kan sende slike tider mellom oss. Alt er mogleg for Gud! 

Kjelder: 
- Vårløysing III, Lund, 1966, Oscar Handeland 
- Sven Foldøen - Ryfylkebispen, Lunde, 1978, Josef Tungeland 
– I samtale med Ø. Andersen, Lunde, 1981, Kåre Ekroll