Artikel nr 16 fra blad nr 6-2015
Emne: Baksida
Englesongen
Av Gunvor Grødem

Sjå, nokre slitne arbeidsmenn 
sat nattevakt for buskapen. 
Så kvakk dei til av ljoset mildt; 
ein Herrens engel kom så stilt. 

Der stod dei, redde, - i ein glans, 
eit ljos dei ikkje trudde fanst. 
-Ver ikkje redde, sjå eg har 
godt nytt frå himlens Gud og Far: 

For første gong på denne jord 
fekk nokon høyra slike ord! 
Om fred på jord og frelse sann, 
for alle folk i kvart eit land! 

Det song i hjarta deira då 
dei snakkast om å gå og sjå! 
Til barnet glad dei gjekk avstad 
og fann det slik som englen sa. 

Og englesongen bar dei med 
når dei til arbeids for med fred. 
Og seinare gjekk englesong 
frå sjel til sjel, ja gong på gong. 

(Fra ”Nådens snøfall” Alpha Forlag 2012) 
Melodier som kan brukes: ”Ditt navn, O Jesus, lokker meg” eller ”Min fremtidsdag er lys og lang.”