Artikel nr 14 fra blad nr 1-2016
Emne: Bladklipp
Nytt år - tida som del av Guds skaparordning

Hele skriften
er inspirert av Gud!
2 Tim 3,16.

Av Johannes Kleppa

Ved eit årsskifte kan det vera nyttig å reflektera litt over kva tid er for noko. Oppfatninga av tida kan vera nokså forskjellig, trass i at tida er den same for alle. «Tida går», seier vi industrialisert menneske. «Tida kjem», seier naturfolk. Det første skaper stress, medan det andre skaper ro. 

Då Gud skapte himmelen og jorda, altså universet, skapte han også tida – og med det historia. Dette skjedde på den fjerde skapingsdagen, då Gud sette sol og måne på himmelkvelven. Dei skulle vera teikn som «fastset tider og dagar og år». Gud fastsette på denne måten døgnet og sjudagarveka som det konstituerande i tida. 

Då Gud skapte tida, gjorde han det for oss. For Gud eksisterer ikkje tid, han ber namnet «Eg er». Sol og måne vart ikkje skapte for å gje oss lys. Det hadde Gud ordna med på første skapingsdagen. Nokre lagar eit problem av dette, ved anten å spørja korleis det kunne vera dagar før sola vart skapt, om det var då tida kom til, eller ved å spørja korleis det kunne vera lys før sola. Då gløymer ein at Gud er utafor tida, og er absolutt suveren. Han trong ikkje ei tidsordning for å handla med dagar, og han kunne suverent knytta lyset til sola når han ville. 

Rett som det er, vert det med tanke på skapinga og kor lang tid denne tok, argumentert med at «for Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag» (2Pet3,8). Då gløymer ein at det er «for Herren», medan tida er «for oss». Ein kan ikkje forklara det som er for oss på den skapte jorda, med slik det er for Gud i æva. Dessutan er dette sagt med tanke på Jesus atterkome, som ikkje er openberra i tida, ikkje om skapinga i tida. 

Tida er del av skaparordninga, og difor vil det ha negative konsekvensar å bryta den strukturen som ligg her, og den fordelinga mellom arbeid og kvile som ligg i tidsinndelinga. Det å setja seg opp mot den tidsordninga som Gud la ned i skapinga, er å setja seg opp mot Gud. Vil ein ikkje ha arbeidsdagar, berre kviledagar, veit alle at det går ille. Det fører til fattigdom og mykje liding. Dersom ein vil gjera alle dagane til arbeidsdagar, fører det til stress, relasjonsbrot og depresjon. 

Om Antikrist heiter det at han vil setja seg opp mot Den Høgste, og tenkja på å «endra tider og lov» (Dan 7,25). Det er å gjera opprør mot skaparordninga med all den velsigninga Gud har lagt ned i denne. Det å gje «rett» til fosterdrap og det å innføra likekjønna «ekteskap» er å «endra lov», og det er destruktivt for folk og samfunn. 

Det å «endra tider» er å endra den ordninga som ligg i døgn og veker. Det vart prøvd etter den franske revolusjonen, ved at dei innførte månader på 30 dagar oppdelt i bolkar på ti dagar, men dei måtte oppgje det etter få år. Andre har prøvt det same. Det ligg i den antikristelege ånda som gjer opprør mot Skaparen – men då slår skaparverket med sine skaparordningar tilbake.

(Innspel i Dagen 31.12.2015. Gjengitt med tillatelse fra forfatter)