Artikel nr 16 fra blad nr 3-2016
Emne: Sang
Ein fristad
Av Gunvor Grødem

Ein fristad eg har ved Guds kjærlege hjarta
der er eg så trygg, der kan ingen meg saka,
om anklage-røysta eg enno kan høyra
ho når ikkje inn til Guds kjærlege øyra.

Til Jesus på krossen, der kan eg få røma,
der skjedde det store som ingen kan skjøna;
der tok han den straffa som eg skulle sona
så eg som var skuldig får bera min krona.

På nytt og på nytt må eg fly til den staden,
for freistaren plagar meg stadig med skaden,
og der får eg høyra dei sælaste orda:
Min nåde er nok for di tid her på jorda!

Eg roar meg der ved Guds kjærlege hjarta,
Han kjenner min tanke og merker mi klaga,
og der får eg kvile og hentar meg styrke
Til vidare arbeid i kall og i yrke.

(Fra ”Nådens snøfall” 2012. Alpha forlag)