Artikel nr 11 fra blad nr 5-2016
Emne: Bibelforum
Til mann og kvinne skapte han dei


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Øyvind Samnøy

Ikkje like, ikkje likestilte, men likeverdige 

Apostelen Paulus sine ord om mann og kvinne er ei utlegging av det som vert gjeve oss i dei første kapitla i Bibelen. Han kjem ikkje med nye og tilfeldige påbod og forbod. Han forkynner berre den orden mellom mann og kvinne som er gjeven i skapinga, inn i den kristne forsamlinga. I dette er underordning hovudsaka, ikkje nokre spesielle embete eller tenester. 

Vi vil starta med eit av avsnitta som er svært viktige i den samanhengen: 

“Men eg vil at de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, og mannen er hovudet for kvinna. Men Gud er hovudet for Kristus… Ein mann bør ikkje dekkja til hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære. For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna er av mannen. Mannen vart heller ikkje skapt av omsyn til kvinna, men kvinna av omsyn til mannen. Difor bør kvinna for englane skuld ha noko på hovudet sitt til teikn på underordning…” (1Kor 11,2ff) 

Avsnittet er i våre dagar brukt som rambukk mot bibeltilliten og særleg mot apostelautoriteten til Paulus. Argumentasjonen synest vera slik: Når dette ordet (om å ha noko på hovudet) ikkje gjeld meir, kvifor skal då andre ”upopulære” ord gjelda. Ein tek det for gjeve at ordet ovanfor ikkje gjeld oss. Som grunn for det viser ein til at det er så godt som ingen, heller ikkje mellom dei som elles seier dei vil ta Bibelen på alvor, forkynner i dag at kvinnene skal ha noko på hovudet.

Men, som så ofte elles, tek apostelen utgangspunkt i eit konkret tilfelle for å gje prinsipielle lærdommar frå Gud. Dette er ikkje eit læreavsnitt om klede for kvinner. Det er tvert om eit grunnleggjande avsnitt om korleis apostelen, og dermed Gud, vil det skal lærast om mann og kvinne. Bakgrunnen synest vera at dei, då som no, har hatt vanskar med å skilja mellom det som gjeld frelse (mann og kvinne er like mykje frelste) og skilnad i funksjon i denne verda. Ein har slutta som fylgjande: Fordi kvinna er like mykje frelst, elska og fri i Kristus, så kan ho og opptre på same vis og med same mynde som ein mann. Dette har kvinnene gjeve uttrykk for ved å oppheva skilje i klesdrakt mellom mann og kvinne. 

I den greske verda var det nemleg vanlegvis liten skilnad på manns- og kvinneklede. Dei bar tilnærma dei same plagga. Men dei bar dei ulikt. Kvinna bar utanpåkastet over hovudet utanfor heimen. Mannen bar det berre over skuldra. Det er såleis mistyding at det her skulle vera tale om slør (jf. Danbolt til dømes i den danske credokommentaren.). 

Apostelen må her gå i rette med dei. Frelsa opphevar så visst ikkje den skilnaden som Gud har vilja det skulle vera mellom mann og kvinne. I staden vert ein i frelsa ført attende til det som den gode Gud tenkte i skapinga. 

Hovud som overhovud 

Det grunnleggjande er her hovudrekkja, rekkja med over- og underordning, slik vers tre i avsnittet over fortel. Kristus er mannens hovud, mannen er kvinnas hovud, og Gud er Kristi hovud. Hovud brukast her først og fremst i meininga overhovud. Det er altså ei rekkje med underordning eller ulikt mynde (Bokmålsord: bemyndigelse). Gud - Kristus – mannen – kvinna. 

Me kjenner til dømes slike rekkjer frå militæret. Ein er general, ein annan vert beordra til oberst, ein tredje til major, ein fjerde til kaptein. Obersten står over majoren, majoren over kapteinen. Men obersten kan ikkje bruka sin posisjon vilkårleg, han står nemleg under ein annan og skal svara for si gjerning overfor han. Biletet skulle vera brukande. Kvar av desse har sine teikn som viser kva dei er. Desse er dei nøydde til å bera i teneste. Alle skal kunna sjå kva grad dei har. 

På same vis skulle kvinnene visa gjennom si klesdrakt, at ho aksepterte si ”beordring” under mannen. Dette er endå til for englane si skuld. Englane kjem her inn i bilete som vitne til menneska sitt liv og vandel. Dei frydar seg når Guds vilje skjer på jorda slik som i himmelen. Det er nemleg Guds vilje at kvinna skal vera mannen underordna. 

Apostelen legg ut GT 

Her er me ved apostelen si grunngjeving: Den underordninga som Gud har gjeve alt frå skapinga. Apostlane vil nemleg ikkje koma med noko nytt. Dei utlegg berre det som GT seier om skapinga. Dette er konsekvent når det gjeld Paulus. Det same gjer Peter (jf. 1Pet 3,5f ). Sjå her på 1 Kor 11,7-10. Det same viser seg i 1 Kor 14,34f: “ Som i alle kyrkjelydane til dei heilage skal kvinnene teia i kyrkjelyd-samlingane. For det er ikkje tillate for dei å tala, men dei skal underordna seg, som lova òg seier. Men vil dei ha greie på noko, då skal dei spørja sine eigne menn heime, for det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden.” 

Her viser han til lova, GT, som påbyr underordning! Han legg elles til at dette er Herrens bod (v. 37), og at det vil ein kvar som er profet eller åndeleg erkjenna. (Noko til å prøva åndlegdom på i dag!) 

Innskot om skilnaden på 1Kor 11 og 14 

Som eit innskot vil eg her kommentera ulikskapen i 1 Kor 11 og 14. I det første kapittel kan kvinna be og profetera (= åndsfylte vitnemål frå Guds Ord) berre ho viser at ho respekterer underordninga, når ho gjer det. I kapittel 14 er det eit absolutt taleforbod, der ho ikkje eingong skal stilla spørsmål (Dette med spørsmål viser truleg til den jødiske måten å gje læra vidare på gjennom spørsmål og svar. Ein parallell til dette er det som Jesus opplevde som tolvåring i tempelet der han spurde og svarte saman med rabbinarane.). Skilnaden mellom dei to kapitla kjem truleg av at dei snakkar om ulike samlingar. I følgje t. d. Hugo Odeberg var det nemleg to slags samlingar i den første kristne kyrkjelyd. Den eine (kap 14:34) var den offentlege samlinga som i forma var lik det som skjedde i synagoga. Der gjekk den offentlege forkynninga og undervisninga føre seg. Men ved sida av dette hadde dei truande ei innbyrdes samling som ofte kunne vera som eit kjærleiksmåltid for Herren. Der var forma friare. Her kunne dei truande innbyrdes byggja kvarandre opp. Her vart gjerne nattverden feira. Her kunne kvinnene og ta ordet. 

Attende til apostelens ord om mann og kvinne, at den var bygd på GT. Det ser me i 

1 Tim 2 òg. “ Ei kvinne skal ta imot læra i det stille, ho skal underordna seg. Eg tillèt ikkje ei kvinne å stå fram som lærar eller å vera herre over mannen. Ho skal halda seg still. For Adam vart skapt fyrst, deretter Eva. Og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i lovbrot. Men ho skal verta frelst gjennom barnefødsla si, så sant dei held fram i kjærleik og helging, på sømeleg vis.” (1 Tim 2,11-15) 

At det her ikkje er snakk om eit overordna læreansvar, men praktisk korleis læra skal gjevast og takast imot i Guds forsamling, det ser me av uttrykket: ”Ei kvinne skal ta imot læra i det stille.” Dette vert grunngjeve, ikkje med eit læreembete, men med den generelle underordning som er gitt av Gud. Han grunngjev det nemleg ved ordet om skapinga og dernest syndefallet, det siste som eit åtvarande døme (meir om dette seinare). Det Paulus altså lærer oss med guddommeleg autoritet, det er ikkje noko anna enn det som er gjeve i Guds Ord i GT og då først og fremst ordet om skapinga. La oss difor gå til desse kapitla og sjå litt nærare på dei. La oss lesa dei slik Herrens apostlar har lært oss det. 

1 Mos 1 

I 1 Mos 1 fortel Skrifta oss korleis menneska vart skapt i Guds bilete. Eg skal ikkje gå mykje inn på kva det vil seia at menneske er skapt i Guds bilete. Men det seier oss noko om menneska sin høge stilling som Guds ”viseregentar”: ”Du gjorde han lite ringare enn Gud ”, seier Salme 8. Enno meir seier ”skapt i Guds bilete” noko om at me som menneske skulle avspegla Gud: ”og kledd dykk i det nye mennesket, det som vert fornya til kunnskap etter hans bilete som skapte det.” (Kol 3,10) 

”Og kle dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Gud med den rettferda og heilagdomen som er av sanninga.” (Ef 4,24) 

”Men vi som med udekt andlet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omskapte til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom, liksom ved Herrens Ande.” (2Kor 3,18) 

Me er altså skapte til Ande, og etter syndefallet vert me atterfødde til å spegla Gud i hans rettferd og heilagdom. 

Både mann og kvinne er skapte i Guds bilete. Dei er såleis utan tvil likeverdige! Men dei er altså ulike og skal i sin ulikskap spegla Gud. Dette vert meir utmala i det andre kapitelet. Gud har med klar meining skapt menneska som to slag, mannleg og kvinneleg. Kanskje dette vil seia noko om den treeinige Guds forhold til seg sjølv. I alle fall skal forholdet mellom mann og kvinna seia noko om Gud, hans forhold til oss og vårt forhold til han. Dette lærer Skrifta oss elles klårt og sterkt i Ef. 5. 

1 Mos 2 

I 1 Mos 2 får me eit nærbilete av det som skjer den sjette dagen. Dette fortel oss meir om kva mann og kvinne er skapte til å vera og forholdet dei imellom. Der ser me først mennesket (Adam) vert skapt. Så vert han sett i arbeid og får altså kulturoppdraget: 

"Gud Herren tok mennesket og sette han i Edens hage til å dyrka og vakta hagen.” (1. Mos 2,15) Han får òg Ordet frå Guds munn: “Og Gud Herren baud mennesket: Du kan fritt eta av kvart tre i hagen, 17 men treet til kunnskap om godt og vondt, må du ikkje eta av, for den dagen du det gjer, skal du visseleg døy.” (1 Mos 2,16f) 

Dette ordet får han før Eva er skapt. Her ser me kva apostelen siktar til når han seier at mannen er Guds bilete og ære. Deretter vert kvinna skapt for Adams skuld som hans medhjelp. Det er hennar kall, nemleg å vera medhjelp i hans oppdrag (dernest å vera alle levande si mor, kap 3,20). Mindre heldig er vel omsetjinga ”som er han like” (2,18). Ho er han likeverdig, men uttrykket skulle seia meir. Det ber i seg (som Odd Sverre Hove fleire gongar har påpeika, mellom anna i avisa Dagen) at ho er hans motsvarande, ikkje lik, men ulik. Men det er jo ikkje at ho er lik, men at ho er hans tilsvarande eller motsvarande, som er noko av poenget her. 

Eva får ikkje noko sjølvstendig oppdrag. Ho får oppdraget og Ordet frå Adam, ikkje direkte frå Gud. Det er Adam som fortel kvinna kva ho skal gjera og læra. Slik er han tenkt til å vera ”hennar hovud” som Kristus er hans hovud. Som mannen går inn i Guds oppdrag til å verna og vakta det han har skapt, så går kvinna inn i mannen sitt oppdrag. Han er skapt for å vera hovud, ho til å vera hjelpar. Han leiar, ho fylgjer. Dette såg den gode Gud som overlag godt!! (1 Mos 1,31). Det burde difor me òg gjera. 

1 Mos 3 

Men den vonde Satan vil ikkje unna menneska den lukke å vera i Guds samfunn og plan. Slik kjenner me til det fundamentale og katastrofale som skjedde i det tredje kapittel. Men her legg me merke til at djevelen snur opp ned på hovudrekkja. Her vert det ikkje Ordet som lærer mannen og mannen som lærer og leiar kvinna – men motsett. Ho vert ståande i første rekkje for å forsvara Ordet, og dernest leier ho og lærer mannen kva han skal gjera. Han let seg leia og fall. Og som hovud dreg han alle menneske, ja, heile skaparverket med. ”Ein manns fall vart til fordømming for alle…” ”Forbanna skal jorda vera for di skuld ”, seier Gud til Adam. Det er han som er den hovudansvarlege for heile skaparverket no (i følgje Guds oppdrag til han). Endå i våre dagar er bedriftsleiaren den ansvarlege også når det skjer ugreier i bedrifta som han personleg ikkje har hatt med å gjera. Du lydde kona di og tok. Ho leia, han fylgde. Hovudrekkja vert snudd opp ned. 

Utifrå dette åtvarar Ordet oss: Ordna dykk ikkje slik i Guds forsamling at dette skjer igjen (1 Tim 2,14). Det er ikkje kvinna som skal læra eller leia mannen. Det er ho ikkje skapt til og det medfører ulukke å gå på tvers av Guds skaparordning. Eit menneske kan jo til stor skade for seg sjølv velja å sjå bort frå tyngdelova. Den verkar like fullt framleis. Slik og med denne Guds skaparordning. Om heile verda vel å ignorera Guds Ord og skapartanke, så kan ho ikkje det utan å bera dei tunge konsekvensane . Det vil alltid få så djupt alvorlege fylgjer. Ein ting til frå 1 Mos 3: Når Gud på grunn av fallet let forbanning bli synda si lønn, så tek han til med ormen, dernest kvinna og til slutt mannen. Men legg merke til at både mann og kvinne får forbanninga lagt inn i sitt oppdrag. Kvinna er skapt til å vera mor og kone, mannens medhjelp. Dette oppdraget vert ikkje teke tilbake, men det vil medføra smerte. Der, i hennar ”arbeidsfelt”, lyt ho bera smerta. Og der, ved å vera tru der ho er sett, skal ho etter apostelordet verta frelst i trua: .”Men ho skal verta frelst gjennom barnefødsla si, så sant dei held fram i kjærleik og helging, på sømeleg vis.” ( 1Tim 2,15) Ja, frelsaren skal til og med vera kvinna sin sæd. Mannen hadde fått oppdraget med å vakta og verna skaparverket. Dette oppdraget vert ikkje teke tilbake, men no vert det forbunde med slit, møda og død. Men han er framleis hovudet, leiaren. 

Underordning, ikkje ”embete” 

Legg så igjen merke til korleis apostelen talar. Når kvinna skal vera stille, ta imot læra i det stille, ikkje stå fram som lærar eller herre over mannen, men bera teikn på underordning der det er henne tillate å ta ordet, der er det ikkje eit spesielt embete det er tale om. Det er derimot alltid tale om hennar generelle underordning (eller hovudrekkja, om du vil). Det er fordi det strir mot underordning at ho skal styra eller læra i Guds forsamling. Så óg i heimen. Ei anna sak er at nettopp fordi det er så, så kan ein eldste (hyrde, leiar, tilsynsmann) berre vera ein mann. Skal ho ikkje generelt leia, så skal ho heller ikkje ha slike stillingar (tenester). Difor skal ein tilsynsmann vera mann til ei kvinne…. (1Tim 3). 

Dette er ikkje etter Guds ord og meining ei nedvurdering av kvinna i forhold til mannen. Ho har berre fått eit anna oppdrag (eller beordring) enn han. Dette oppdraget er så viktig at ingenting må dra ho bort derifrå (til illustrasjon av dette, les: 1 Tim 5, særleg frå vers 9 – 11). 

Mann og kvinne – Kristus og hans kyrkje 

Så til det herlege bilete som Gud på den måten ville mann og kvinne saman skulle teikna: ”Men liksom kyrkjelyden underordnar seg under Kristus, slik skal òg konene underordna seg under mennene sine i alle ting. De menn: Elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkjelyden og gav seg sjølv for han.” (Ef 5,24f) Dette er sanneleg eit herleg kall og eit djupt alvorleg oppdrag. Ein skal saman avbilda Guds (Kristi) forhold til oss og vårt til han. Det er Kristus som forkynner til sin forsamling, det er han som er herre og leiar. Den kristne kyrkja underordnar seg villig og frivillig under han og erkjenner at det er det beste. Men han som er herre utfører dette oppdraget underfullt. Han herskar ved å tena, og gje sitt liv for ”kona si”. Der er det sett stopp for kvar mann som vil bruka sitt kall som hovud til å hersa og utfolda egoisme. Nei, ”hennar” vel var det som låg på Kristus. Difor forlèt han sin far og kom her til støvet. Difor lei han og døydde. Difor gjer han no i stand ein verestad for sin ”si kjære”. Og til slutt skal han koma i herlegdom og føra ”henne” til æra. Å for ein løyndom. Å for eit kall som mann og kvinne har i sitt ekteskap. 

Slik skal altså kvar mann ta seg av kona og borna sine og vera deira ”frelsar”. Der skal kvinna vita seg elska og trygg. Der skal borna og kvinna sjå ei teikning av Gud Fader og eit bilete av Kristus. Så skal kvinna med livet og forholdet sitt til mannen, visa kva det vil seia for Guds forsamling å fylgja Kristus og at han er hennar Herre og såleis ”underordna seg han i alle ting”

Nokon kunne då innvenda at dette gjeld berre i ekteskapet og ikkje elles, og at det til dømes ikkje gjeld ugifte kvinner. Til det er å seia: Det personlege i ekteskapet gjeld rett nok ikkje dei ugifte. Men det generelle oppdraget som mann og kvinna har til å vera hovud og til å vera medhjelp, det gjeld alle. Difor gjaldt underordninga i 1 Tim 2, ikkje berre dei gifte, men kvinna generelt. Ho skal som ugift framleis vera kvinneleg, som den ugifte mannen skal vera mannleg. 

Praktiske fylgjer, kva ei kvinne kan og ikkje kan 

Kva fylgjer får så dette i Guds forsamling? I denne artikkelen er det ikkje plass for å gå i djupna her. Det får vera med å antyda noko: 

I den offentlege forsamlinga skal kvinna tre stille attende. Ho skal ikkje opptre som lærar i Guds Ord eller som åndeleg leiar. (1.Kor 14,34-35, 1.Tim 2,11-12). Det ville stri i mot underordninga. Dette synest nok mange er radikalt. Men det er jo nettopp slik apostelen utlegg dette. Ho skal teia, ikkje tala i kyrkjelydssamlingane, og ho skal ikkje vera lærar eller herre over mannen, men ta imot læra i det stille. Det inneber derimot eit ja til å delta med bønn og vitnemål etter si nådegåve når dei truande er saman til gjensidig oppbygging. Ho må berre ikkje opptre på ein måte som sår tvil om hennar underordning (1. Kor 11,3ff). 

Det inneber eit ja til at eldre kvinner både skal og må læra dei yngre kvinnene til eit rett kristeleg liv (Tit. 2, 3ff.). Det skal dei gjera først og fremst gjennom sitt eksempel, men òg gjennom tale. Ei kvinna kan såleis forkynna til kvinner då det ikkje strir mot underordninga. Me ser at kvinner òg kan vera med i opplæringa av nye kristne (Apg 18,26). Det inneber eit ja til at kvinner både kan og skal læra borna. 

Med dette er det ikkje meininga at mannen ikkje skal læra borna. Han har som hovud eit særleg grad ansvar her (Ef 6,4). Vidare er det eit ja til at kvinner skal få vera kvardagsvitne med liv og vitnemål der dei ferdast i si gjerning. Det er heller ikkje til hinder for at kvinner utøvar personleg sjelesorg. Det er tvert om naudsynt, særleg i forhold til andre kvinner. Sjølvsagt er forbøna si store teneste open både for kvinner og for menn. Ikkje få kvinner har store gåver her. 

”Når kvar sitt gudsord læra vil, då står det godt i huset til” (Luther). 

(Artikkelen har vært trykt i Fast Grunn før)