Artikel nr 4 fra blad nr 6-2016
Emne: Bibelforum
”No koma Guds englar”


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Nils Dybdal- Holthe

Det var Elias Blix som kom med denne songen i 1875. Og det er inga lettvindt vise han diktar med englar som pynt og stemning. Han pløyer djupt og grundig og finn fram grunntonen i vår kristne tru. Kvart vers sluttar med ein lovsongstone, ikkje til englane, men til han som englane song om: ”Vår fredsfyrste høgt vera lova!”

Og då spør me: Kva er eigentleg jul? For somme er det eit unødig spørsmål. Sjølvsagt veit folk kva jul er! Men er det så sikkert? For også her må Guds bok avgjera saka. Det er jo frå den at jula kjem. Utan vår Bibel hadde me ikkje visst noko som helst om jul og alt som høyrer med der. Heller ikkje om Guds englar for den saks skuld.

Kvifor?

I vers 3 i songen som overskrifta er henta frå, viser Blix klårt kva bakgrunnen for jula er: ”I djupaste mørker”. Og i v. 4: ”Der ute er jordi så isande kald”. Og alt i v. 2 har han sagt kva det tyder i åndeleg meining: ”For menneskeborna er fødde i synd.” Der kom det. Grunnen til mørke og det isande kalde er synda. Det er det som mange ikkje har lært og akseptert. For i dag er forkynninga og læra om syndefallet borte for den nye slekta. Mange reknar til og med at ordet synd er for gamaldags, det fungerer ikkje i vår tid!

Men me kan aldri renna ifrå vår fortid. Me ber genar med oss frå fedrane. Og nokre av dei er slik at me korkje vil eller kan gjera Guds vilje. Menneska er slik at me vil gå vår eigen veg, gjera det me synest er rett og godt. Eit slagord i tida er: Eg gjer det som er rett for meg. Alle må få avgjera sjølv kva som er sanning for dei, og leva etter det.

Høyr: Det er då det blir mørkt og kaldt som is mellom oss. For der er ingen heilag kjærleik. Då blir livet komplett vonlaust.

Englesongen

Og nå lyt me attende til englane. Kva var det dei song om? Hadde dei ein bodskap til dette folket som er så utafor all von? Jau, englane song for lenge sidan: ”I dag er det fødd dykk ein frelsar!” Det var ei stor glede, sa dei, og den er for alt folket. Slik skriv Lukas i kap. 2.

Kva er den store gleda? Då er me attende i Blix si salme. I v. 2 skriv han: ”Til frelsa den fyrste er kåra og krynd og komen til løysing og lukka.” Den store nauda i verda er synda, og den store vona er frelsa. Jesus var Frelsaren, og hans store tanke var: Alt folket treng frelse. Difor kom han for alle.

Dei første som høyrde denne bodskapen var vanlege folk, gjetarar ute på marka ein kveld. Prestane i Jerusalem eller romerske leiarar fekk ikkje høyra noko. Berre nokre hyrdingar som sat med sauene eit stykke frå folket og byen. Og slik har det vore i alle år: Det er dei små som høyrer og ser bodskapen. Sjølv om alle treng det, er det berre somme som har ope sinn for Jesu kome.

Kva tyder dette englane song om, for oss og for alle tider?

Frelse

Av di synda hadde nådd alle land og alle sjeler, trong alle å bli frelste. Ikkje frå romersk herredøme som nokre meinte. Men frå synda sitt uhyrlege tyranni. Den vil føra folket i evig ulukke om dei ikkje blir frelste i levetida. Fortaping kallar Bibelen det.

Men frelsesverket er stort og på somme måtar komplisert. Folk er nå opptekne av at alt er enkelt. Det er berre å trykka på ein knapp, så får dei alt. Dei vil ha frelsesautomatar der ingen ting kostar noko, og dei kan få det når dei vil.

Det er ikkje slik i Guds rike. Frå syndefallet i Eden (1 Mos 3) og til ordet ”Fullbrakt” på krossen gjekk det fleire tusen år. Mange førebilete hende og profetiar kom for å førebu folket på dette. Sjølve frelsa hadde fleire trinn.

Her stansar me berre ved noko av det. Ettersom alt folket hadde synda og dermed ført over seg sjølv stor skuld hjå Gud, måtte den sonast og verta betalt. All synd er brot på Guds vilje og tanke. Og dermed skapte det avstand frå Gud til menneska. Når synd er det motsette av Gud sitt vesen, vert også Gud vreid på verda.

Fred

Ein del av englesongen var fred på jorda. Og Frelsaren vert kalla Fredsfyrste. Det har folk skjøna på fleire måtar. Til og med på Jesu tid meinte nokre at freden var fridom frå romarveldet, ein politisk fridom så å seia. I vår tid har somme sysla med ein likande tanke: fridom frå slaveri og undertrykking av ulik slag.

Her må me tenkja på noko anna: Når det her gjeld alt folket, må freden vera noko alle treng. Og det må vera noko religiøst ettersom frelsa er det. Ut frå bibelsk tanke er det då klårt: Alle menneske er ved syndefallet komne bort frå Gud. Me er syndarar og Gud hatar synda. Det er ufred mellom oss og Gud. Då Frelsaren kom, skulle han både skapa fred mellom oss og Gud og ved dette gi oss fred i sjel og sinn. Det heng nøye saman.

”Alt folket”

Englane song og slik: Gleda er for alt folket-. Ingen har særrettar og ingen er sett utafor dette evangelium. Det har ikkje alltid vore klårt for folket og for rette leiarar i Guds rike. Mange konsentrerar seg mest om seg sjølv. Nå ropar engelen ikkje berre til hyrdingane. Ropet lyder ut til heile verda: Det er for alle!

Men nå må alle desse få høyra det. Gud treng faktisk føter som vil gå og røyster som vil tala om dette. Det er ikkje nok med skule og helsestell. Guds ord om synd og nåde må talast like klårt i dag som nokon gong før. Ja, faktisk klårare. For no er det lite kunnskap i den nye slekta som veks opp. Det er heller ikkje nok med kunnskap. Men den kan vera ei god jord der frelsesordet får gro. Og denne kunnskapen om frelsa frå Gud må gro i hjarte og sinn, ikkje berre i hovudet.

I englesongen ser me altså fruktene av frelsa slik: Den tala om frelse frå synd, om fred med Gud og ein universell bodskap. Dette må ut til alle!

Blix har også eit ord om dette i vers 7:

Lat gjetordet ganga frå grend og til grend, 
Så vida som tunga kan mæla, 
Om Sonen som er oss frå himmelen sendt 
All verdi til siger og sæla! 
Syng ut i kvar bygd: Guds fred ifrå høgd! 
Vår Fredsfyrste høgt vere lova.