Artikel nr 06 fra blad nr 3-2017
Emne: Bibelforum
Livsens bok


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell Helland

I det følgjande har eg tenkt å ta for meg bøker som er nemnde i Bibelen, og då spesielt den som vert kalla livsens bok, altså livsboka – livet si bok. 

Innleiingsvis vil eg dvela litt med det ufatteleg fine, men litt gammalmodige ordet livsens. Det viser seg at me i Bibelen fleire gongar støyter på dette ordet i ulike samanhengar. Jesus brukar det om seg sjølv når han seier at han er livsens brød og livsens lys. Elles finn me det i livsens tre i hagen i Eden og i det himmelske Jerusalem, i livsens vatn, som Jesus gir til til sine, i livsens kjelde, som me les om i ordspråka, i livsens vasskjelder, som dei skal få drikka av som er komne ut av den store trengsel og som har vaska kleda sine og gjort dei kvite i Lammet sitt blod, i livsens rettferdiggjering og endeleg i livsens Ande, som Paulus talar om. Alle desse samanhengane talar om slikt som ikkje naturleg høyrer dette livet til, men som eit menneske kan få del i her i dette jordelivet, og - når det gjeld livsens tre - seinare. Det er nemleg slikt som høyrer himmelriket og den komande verda til, livskvalitetar som Jesus er berar av og som han gir til sine. 

Eg skal ikkje ta med meir om dette, men berre føya livsens bok til denne lista. 

Men før me ser meir på den og samanhengane den står i, må me sjå litt på andre bøker som òg er i himmelen, for me les om fleire bøker der. 

Minneboka 

Profeten Malakia talar om ei minnebok. I den vert det skrive når truande menneske talar med kvarandre. Dette les me om i 3,16. Bakgrunnen for samtalen her i Malakia var at det var røyster som hevda at det var fåfengt, ja, nyttelaust å tena Herren, og dei truande sin samtale den gongen ser dermed ut til å vera reaksjon på meiningar og haldningar som var framme i tida dei levde i, og eg trur at Gud òg i dag lyttar når me reagerer på og samtalar om haldningar i vår samtid. "Då tala dei med kvarandre dei som ottast Herren, og Herren lydde på og høyrde det, og det vart skrive ei minnebok for hans åsyn om dei som ottast Herren og tenkjer på hans namn." Eg trur at det òg i dag vert skrive i denne boka i himmelen.

Sanningsboka

I Daniel les me om ei anna bok. Ho vert kalla sanningsboka (10:20). Dette ser ut til å vera ei profetibok, der framtidige hendingar er skrivne opp, for Daniel får vita kva som skal skje med det jødiske folket og dei store rika rundt det indre Middelhav etter hans tid, rivaliseringar og krigar og hans kome som vert kalla Det gamle testamentet sin antikrist – Antiokus Epifanes. Daniel får vita alt det denne kongen skal gjera, og at han i sitt overmot skal reisa seg mot alt som heiter gud, så nær som guden han sjølv har valt seg, og særleg mot den sanne Gud. Men til slutt skal han gå til grunne, og då er det ingen som hjelper han (Dan 11). 

Vidare har me boka med dei sju segl i Openberringa 4, boka med synene om dei siste tider, den som berre Lammet er verdig til å opna. 

Livsens bok 

Så er me komne til livsens bok, som vert nemnt med namn både i Openberringa, Salmane og Filipparbrevet, og vidare siktar det nok til denne boka, det som står i 2. Mos 32,32, Daniel 12,1 og Lukas 10,20. Boka er med både i GT og i NT. 

Litt underleg er det at den første gong boka vert nemnt, er det indirekte (2 Mos 32,32). Då Moses kom ned frå fjellet etter å ha fått lovtavlene, oppdaga han til si gru at folket i ventetida hadde laga seg ein eigen gud, støypt seg ein gullkalv og dreiv på og dansa rundt den. Han vart så fortvila at han kasta lovtavlene mot berget og knuste dei, dei som Gud sjølv hadde skrive på. Dagen etter gjekk han opp att på fjellet og sa til Gud: "Ai, ai, dette folket har gjort ei stor synd, dei har laga seg ein gud av gull. Å, gjev du kunne tilgjeva dei synda deira! Kan du det ikkje, så stryk meg ut or boka du skriv i!" 

Moses nemner boka som om det var eit kjent faktum at Gud har ei slik bok. Kor kjent ei slik bok var for israelsfolket, veit me ikkje, men Moses kjente til den. Han er villig til å verta stroken ut or boka om Gud ikkje kan tilgje. Her kan me og tenkja på Paulus, som var villig til å verta forbanna av Gud, om det kunne hjelpa hans landsmenn til tru på Jesus (Rom. 9,3). Me finn den same inderlege, intense, sjølvutslettande kjærleiken til folket hos begge desse to kjempene i Guds rike. 

Den andre staden der boka indirekte vert nemnt, er hos Daniel. I kap 12 talar han om tunge tider: "... det skal koma ei slik trengsletid som det aldri har vore frå den dagen noko folkeslag vart til, og alt til den tida. Men i den tida skal alle dei av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boka." Her ser me det same som i 2 Mos. Boka vert nemnt i bestemt form, som noko kjent. Igjen, kor kjent ho var for den vanlege israelitt, veit me ikkje, men for Moses og Daniel var ho kjent. 

Den tredje staden der boka indirekte vert nemnt, finn me i NT, hos evangelisten Lukas (10,20), der læresveinane har vore ute og evangelisert og gledestrålande kjem tilbake til Jesus og fortel om det veldige dei har opplevd: "Dei sytti kom glade attende og sa: Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når me nemner ditt namn!" I svaret sitt til dei avslutta Jesus med å sei: "Men gled dykk ikkje over det at åndene lyder dykk, gled dykk heller for di namna dykkar er oppskrivne i himmelen! 

No har me nemnt dei tre stadane livsens bok indirekte er nemnt, og då kan me gå til dei stadane der ho er nemnt med namn. Då går me først til GT til Salme 69,29. Bakgrunnen er at David er i stor naud, både for si synd og for fiendane si skuld. Han ber om hemn, ein tanke som av og til kjem fram i Bibelen. Me finn det same t.d. i Openberringa 6,10, der martyrane ropar: "Herre, du heilage og sannordige, kor lenge drygjer du før du held dom og hemner blodet vårt på dei som bur på jorda?" I samband med bøna om hemn ber David: "Lat dei verta utstrokne or livsens bok og ikkje innskrivne med dei rettferdige." 

Dermed ser me at i tillegg til Moses og Daniel kjente og David til livsens bok. 

Livsens bok i Johannes Openberring 

Så går me til Openberring, der denne boka fleire gongar er nemnt med namn. I 3,5 les me om kyrkjelyden i Sardes, som fekk høyra at dei hadde namn av å leva, men var døde. Her måtte ei omvending til. Men denne vurderinga galt ikkje alle. Det var nokre der som ikkje hadde flekka til kleda sine. Til dei alle, til begge gruppene, vart det sagt: "Den som sigrar, han skal verta kledd såleis i kvite klede, og eg skal ikkje stryka namnet hans ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved namnet hans for Far min og for hans englar." 

Ikkje stryka namnet hans ut or livsens bok. Det er det Jesus seier til den som sigrar i åndskampen, og det gjeld ikkje berre for dei i Sardes, det gjeld for alle seinare ætter òg. 

Så går me til kap 13, til Antikrist si tid, han som her vert kalla dyret frå havet. Han krev tilbeding og får det. All jorda "følgde etter" dyret, står det. Før dette hadde det skjedd eit stort under. Dyret var såra til døden, men såret vart lækt. Her skjer noko ingen hadde venta, og "all jorda undra seg". 

Dette må me sjå litt nærare på. Grunnteksten viser nemleg at uttrykket "såra til døden" er det same som vert brukt i 5:8 om Lammet som er liksom "slakta"

Og ordet i grunnteksten som er brukt om at han lever er det same som i 20,4 vert brukt om martyrane som vart vekte til liv igjen. Så dette at han som eigentleg skulle ha vore død, er levande, vekkjer undring og tilbeding. 

Studiebibelen seier det slik (bind V, side 901): "Det er dette at dødssåret ble legt og at antikrist lever igjen, som er årsaken til at hele verden følger etter dyret." Og "Det kan se ut som om antikristens dødssår og levendegjørelse, er en parodi eller etterligning av Jesus død og oppstandelse." Og "Satan gjør alt hva han kan for å stille Jesus Kristus i skyggen. Hans (Jesu) død og oppstandelse skal ikke lenger være enestående. Dyret kan også si: Jeg var død, men jeg lever." (Eritsland) 

Her kjem livsens bok inn. Verset lyder: "Og alle som bur på jorda, skal tilbe det (altså Dyret/Antikrist), kvar den som ikkje, frå verda vart grunnlagt, har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som er slakta." Her ser me kor viktig det er å ha namnet sitt skrive der. Det blir eit voldsomt dragsug etter å tilbe Dyret, Antikrist. Ingen klarer å stå imot i eiga kraft. 

Openberringa 17,8 har noko liknande å fortelja. Her er det tale om at dei som ikkje har namna sine i livsens bok skal undra seg når dei ser at dyret var og ikkje er og skal koma att. 

Livsens bok og dommen 

Ved dommen for den kvite trona (20,12) vert livsens bok opna, og i vers 15 står det: "Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, så vart han kasta i eldsjøen." Eldsjøen er det som òg vert kalla den andre døden. Derifrå er det ingen retur. 

Heilt til slutt går me til kapitel 21,27, som fortel om dei som skal få koma inn i det nye Jerusalem: "Og inkje ureint skal koma inn i han, og ingen som fer med styggedom og lygn, men berre dei som er innskrivne i livsens bok hos Lammet." 

Til slutt: Me legg merke til at livsens bok fleire gonger vert nemnt i samband med krisetider. Det er som om Bibelen vil fokusera blikket vårt, vil minna om kva som er viktig å ha for auga i vår vandring her på jorda, ikkje minst no, når så mykje ser ut til å rakna, at våre namn står i denne boka. 

Når eit namn blir ført inn i boka, kan eg ikkje sjå vert omtala nokon stad, men etter det Bibelen elles fortel om livsens bok, så skulle det vera klart nok. Den som høyrer Jesus til, har sitt namn der. Det er nok å vita. Den som vert funnen i han, har namnet sitt i livsens bok.