Artikel nr 10 fra blad nr 4-2017
Emne: Bladklipp
Kva med Skrifta og krossen i reformasjonsjubileet?


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Johannes Kleppa

Korleis skal ei kyrkje som til dei grader er på fullfart bort frå grunnprinsippa i reformasjonen, feira jubileet?

Vi er no inne i året for 500-årsjubileet for reformasjonen, og med det vert det også mykje fokus på Martin Luther og kva han stod for. Fleire kyrkjesamfunn kan føra sine røter tilbake til reformasjonen, men det gjeld aller mest den lutherske kyrkja.

Med det vert dette eit jubileum spesielt for Den norske kyrkja, men korleis skal ei kyrkje som til dei grader er på fullfart bort frå grunnprinsippa i reformasjonen, feira jubileet.

Når vi les artiklar om jubileet, og ser på lister over arrangement knytt il reformasjonen og Luther, må ein til tider lura på om det er den rette reformasjonen og den rette Luther det er snakk om. Eg har ein mistanke om at den gode Luther, og dei andre reformatorane med han, ville ha snudd seg i grava, om dei kunne ha registrert kva som vert skrive og sagt.

Ut frå dette perspektivet var det ei stor gled og direkte oppbyggeleg å lesa sokneprest Lars Inge Magerøy sin artikkel «Har Luther fortsatt noe å si oss?», og det gav ekstra oppmuntring at artikkelen stod i «prestebladet» Luthersk Kirketidendes første nummer i jubileums­året. Magerøy har også skrive ein biografi om Martin Luther til jubileumsåret, «Munken som endret Europa».

Magerøy set fokuset der det skal vera, på Skrifta og krossen, Skrifta åleine og krossteologien. Det er nett her både Luther og ­reformasjonen i det heile er den store læremeisteren, og det er nett her dagens norske kyrkje og dagens norske kristenfolk i det heile treng lærdom. Det er stor grunn til takk til Magerøy for den profileringa han her gir, og det er å vona at mange vil merka seg det – særleg i teologiske fagmiljø og i kyrkja sitt leiarskap.

Reformatorane hadde ein sterk tillit til Guds ord, og det gav seg utslag i prinsippet om Skrifta åleine, som grunna seg i at Skrifta er klar. Då treng ein ikkje meir openberring enn det som er gjeve oss i Skrifta. Ein treng heller ikkje nokon spesiell tolkingsinstans.

Med det vert ikkje berre den katolske læra om tradisjonen som utfyllande openberring og endegyldig tolking, og svermarane med sine åndelege syner som openberring, avvist, men også filosofien som teologisk læremeister. Det siste er uhyre viktig med tanke på vår sekulariserte og bibelkritiske tid.

Filosofien, særleg representert med Aristoteles, stod svært sterkt på Luthers tid, og var dominerande i teologien. Luther snudde det heile på hovudet og avviste Aristoteles og filosofien i teologistudiet. Teologi skulle ein læra av Skrifta, ikkje av filosofien. Ut frå det reformerte han teologistudiet radikalt. No synest det i mykje av teologistudiet å ha vore ein motreformasjon tilbake til før Luther.

Den som på same måten som Luther og reformasjonen har Skrifta åleine som læreprinsipp, vil enda opp med å forkynna lov og evangelium, slik at teologien vert ein krossteologi, der ein orienterer seg ut frå Kristi kross og liding. 

( Dagen 14.01.2017, med tillatelse fra forfatter)