Artikel nr 14 fra blad nr 5-2017
Emne: Baksida
I Jesu hjarterom


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Annbjørg Helland Sævareid

Jesus, du er alltid heime
Når eg kjem og bankar på.
Du har tid og du har kjærleik,
Aldri ber du meg å gå.
Innfor døra får eg koma,
Inn i hjarterommet ditt.
Alt det som du har herinne,
Har du sagt er berre mitt.

Tom og dødstrett fell eg saman.
I di omsorg sig eg ned.
Mellom alle dine løfter
Finn eg ro og hjartefred.
Jesus, du har alltid venta
På meg når eg kjem til deg.
Ofte gjekk du der og lengta
Etter å få møta meg.

Midt i mørket ser eg lyset,
Skattane som du har gøymt
Strålar mot meg når du opnar
Ordet som eg hadde gløymt.
Her er eg med deg åleine
som om verda ikkje var.
Takk at du er alltid heime!
Takk for barneretten, far!

”Om ein hær leirar seg imot meg, vert ikkje mitt hjarta redd. Om det vert reist krig imot meg, er eg likevel trygg. Ein ting har eg bede Herren om, det stundar eg etter:At eg må bu i Herrens hus alle mine levedagar, så eg kan sjå kor herleg Herren er og grunda i hans tempel. For han gøymer meg i si hytte på den vonde dagen, han løyner meg i sitt skjermande telt. På eit berg fører han meg opp” (Salme 27, 3-5) 

(Fra ”Nardussalve” Sambåndet Forlag, 2. opplag 2008)