Artikel nr 06 fra blad nr 3-2018
Emne: Sang
Kvi skjelv kvar lauvblad


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Ragna Rytter

Kvi skjelv kvart lauvblad i den stille natt,
kvi dryp det blod på blomane i hagen?
Kvi er det auga slik av regsle fylt,
som elles lyser varmt som sol om dagen?

Kvi ligg du der, du herlege Guds Son,
åleine midt i strid og hjartekvida?
Kvi ligg du der og bed forutan von,
kven tvingar deg vel såleis til å lida?

Guds Son i heilag kjærleik gjev seg sjølv;
vår synd hans reine sjel som klungren stingar,
så du og eg i rettferdsklednad kvit
skal eingong lyftast over stjerneringar.

Når me må møta vårt Getsemane,
då vil han stå i stråleglans ved sida,
og med si sterke, vare frelsarhand
til sæle venda alt det me lyt lida.

( Norsk Salmebok 1985, nr. 129, noe bearbeidet).