Artikel nr 11 fra blad nr 1-2019
Emne: Aktuelt emne
For lite fokus på fosteret


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell-Einar Ljones

I mitt yrke har eg møtt mange som vurderte å ta abort og som kom for å snakke om dette problemet. Med oppmuntring og gode samtalar har eg fått hjelpa nokre til å bera fram barnet sitt. I ettertid har alle takka varmt for hjelp og støtte i ei vanskeleg tid med eit vanskeleg val.

Eg har skrive ei bok om mitt liv som lege, og eit avsnitt har eg kalla «Menneskeverdet og det ufødde livet». Avsnittet er basert på rik litteratur og personlege erfaringar i eit langt liv som lege. Slik har eg utforma mitt syn på denne saka: 

Eg var ung student hausten 1959. Då var det eit stort møte i Aulakjellaren; den komande abortlova skulle diskuterast. Olav Hilmar Iversen, kjend kristen lege og professor, og helsedirektør Karl Evang hadde kvar si innleiing. 

Ein ung teolog kom på talarstolen. Han var svært engasjert, slo i talarstolen og snakka om mord. Etterpå kom Olav Hilmar Iversen på talarstolen og sa om lag slik: «I sak er vi nok stort sett enige. 

Men kanskje du en dag som prest sitter i sakristiet med en ung, ulykkelig og gravid kvinne foran deg. Hun er nedfor, fortvilet og gråtende og ser ingen utvei om hun ikke får hjelp. Ville du da være like hard og bruke storslegga på samme måte?» Denne opplevinga gløymer eg aldri, og som lege i nærkontakt med mange lagnader har dette minne kome for meg. 

Den første abortlova 

Den første abortlova vart vedtatt i Stortinget 11/11 1960. Straffelovrådet, som kom med si innstilling til lova i 1956, skreiv mellom anna slik: 

«Samfunnet ønsker å beskytte fosterets livsmulighet, og anerkjenner ikke den oppfatning at kvinnen selv har rett til å bestemme om hun vil la et påbegynt svangerskap fortsette til sin naturlige avslutning.» 

Eg hugsar debatten i Stortinget som var kvass og hard, men referata tyder på at intensjonen var å verne det ufødde livet. Mest alle innlegg hadde eit meir eller mindre klårt ynskje om dette, og lova hadde formuleringa: 

«Kan få løyve til». Lova hadde fire indikasjonar for abort: Medisinske, arvemessige, etiske og sosiale. Det var mest strid om dei sosiale indikasjonane, og serleg veteranen i Kristeleg Folkeparti, Kjell Bondevik, var klår i si åtvaring mot sosiale indikasjonar. Det skulle vise seg at han hadde rett. 

Eit par ord om nemndene som skulle vurdere søknader om abort. Dei nemndene som var restriktive i tråd med intensjonane i lova, vart av aggressive media stempla som reaksjonære mørkemenn, medan dei meir liberale vart rosa for å visa omsorg og forståing. 

Etter at lova kom, skjedde det ein eksplosiv auke i aborttala med dobling kvart tredje til fjerde år. Talet for 1972 var 12203. Årsaka til auken var dei sosialmedisinske indikasjonane. «Døra var slått på vid vegg», som Bondevik sa i stortingsdebatten, og dette var stikk i strid med intensjonane i lova. 

I 1975 kom neste lov 

Her var formuleringa «har rett til», og eg siterer eit punkt: «...når svangerskapet, fødselen eller omsorgen for barnet kan sette kvinnen i en vanskeleg livssituasjon». I praksis var dette nesten fri abort, og talet på abortar auka stadig. Det har flata ut omkring 15.000, og toppen fram til hundreårsskifte var 1989 med 16.208. Det betyr om lag kvart fjerde påbyrja liv. 

Lova om fri abort kom i 1978 

Siste endring, lova om fri abort, kom i 1978. Om ein les bakgrunnen for denne lova, har den ei svært dårleg grunngjeving. Det vart grundig diskutert om fosteret er et menneskelig individ, og kvar ein skulle setja grensa. 

Så fann departementet ut at dei skulle gi fosteret eit gradvis aukande vern i takt med aukande intrauterin alder. Sitat: «Fosterets krav på rettslig beskyttelse øker i takt med dets biologiske modning.» 

Dei første tolv vekene har ikkje fosteret noko vern i dag, og det er kanskje då behovet er størst. Dei første tre månader i svangerskapet er for mange vanskelege. 

Mor er ofte kvalm, uvel og ute av lage, ja, ofte så sjuk at sjølv eit etterlengta svangerskap ynskjer ho ugjort. Er ho då i tillegg under press av samfunn, omgivelsar, ektemann eller ein tilfeldig elskar, ja, då er det lite motstand att. 

Til og med ein planlagd sydentur har vore indikasjon, om enn litt fordekt. Ei uvel og småkvalm vordande mor ville vel ikkje bli den fyrrige elskarinna på sydenturen. Snakk om sosial nød. 

Så går diskusjonen. Mange, og framleis dei fleste av kristenfolket, er mot dagens lov og praksis, men det er dessverre blitt så altfor stille. Eg må få med eit sitat som er sterk kost.

Forfattaren Elin Brodin skriv slik i slutten av ein tankevekkande artikkel: «Det er nærliggende å sammenligne dagens abortpraksis med tidligere tiders menneskeofring. Våre menneskefostre ofres på Mammons og Moloks alter, i komfortens og kontrollens og den hule, forvrengte rasjonalitetens navn. Vi slakter ned med bind for øynene totalt vergesløse og sakesløse individ som vi ikke engang har mot til å møte.» 

Etter mitt syn er det eitt punkt som er avgjerande, og dette var også departementet opptatt av i 1978: «Når byrjar livet». Dette er ikkje berre interessant filosofi som eg av og til blir møtt med i diskusjonar om dette spørsmålet, men det er eit djuptgripande og alvorleg spørsmål.

Ingen ting i mitt studium og legeliv har fasinert meg meir enn å lese om fosterutviklinga, like frå dei to cellene smeltar saman fram til det fullkomne menneske, «når det nyfødte barn med et eneste blikk beviser at Gud er til», som Andrè Bjerke skriv i sitt dikt. 

Alle er vel samde om at livet ikkje byrjar ved den naturlege fødsel. Alt er ferdig, det skjer kun at den organiske forbindelsen med mor blir broten, lungene blir tekne i bruk og det vesle kretsløp blir etablert. 

28-vekersgrensa 

28-vekergrensa er ei gamal, rettsmedisinsk grense som i dag er flytta langt nedover med aukande medisinsk/teknologisk framgang. Eit lite sitat frå Aftonbladet 25/11 1991: 

«Tom ble født etter 23 veckor i mammas mage og reddat til liv ved optimal behandling. På samma sjukehus blev det samtidig abortert et foster som blev drept, også dette i 23. vecka. Livet og døden har møts.» Artikkelen var også overraskande kritisk til den praksis vi dessverre ser i dag. 

12-vekersgrensa 

12-vekersgrensa treng litt meir omtale. Det er grensa Stortinget har sett. I 1998 var det diskusjon om ein minnelund for aborterte foster. Ei framståande kvinne i likestillingsdebatten sa om lag slik, fritt sitert:

«En slik minnelund vil kunne skape skyldfølelse og erkjennelse av at den kanskje var et liv. Nå må vi slutte med dette pratet. Stortinget har jo vedtatt at det ikke er noe liv før 12. uke!» Per Sivle skriv slik i eit av sine dikt der han anklagar Stortinget: «Stortingsgubben, han er så klok.» 

Kva veit vi i dag og har visst lenge: Etter 19-20 dagar, ein fase med eksplosiv vekst og før mor veit sikkert at ho er gravid, byrjar nokre celler å slå rytmisk; eit lite hjarte. Når barnet er seks veker er dei fleste organa ferdig danna. 

Etter sju veker er fingeravtrykket ferdig utmeisla, barnet rører på armar og bein. Når barnet er ti veker kan det gripe om ein gjenstand. Det reagerer på smerte, berøring, kulde, lys og lyd. Av og til søv det, ofte med fingeren i munnen. 

Heilt frå konsepsjon er det berre ein jamn og harmonisk vekst, også ved passering av veke 12. Rett nok skjer det av og til kvantitative sprang, langt utover det vi kan fatte. 

Eg må også ta med litt også om abortpillen, berre to små sitat. Først Aud Blegen Svindland: «De som synes det er trist at kvinnene i fremtiden kan bestemme over sin egen produksjon i fred og ro hjemme hos seg selv, må gjerne få lov til dette. Heldigvis kan ingen snu denne utviklingen. Jeg vil helst kalle den nye pillen for M-pillen, fordi dette gjelder simpelthen menstruasjonsregulering.» 

Dette kommenterer forfattaren P.M. Waage slik: «Her er det ikke lenger tale om foster eller fødsel, men om uregelmessig menstruasjon og kvinnens produksjon. Derved er problemet om menneskets verdighet definitivt løst. Tidens nye motto er: Løgnen skal frigjøre dere.» 

Det skjer ein gong i fosterlivet eit ufatteleg kvalitativt sprang; ved konsepsjonen. To modne celler, som kvar for seg ville døy i løpet av kort tid, smeltar saman til ei umoden celle med fantastisk evne til liv og kraft. Om det ikkje er einegga tvillingar, vil det statistisk aldri bli nokon kopi av dette menneske. Det skjer i ein augneblink, og alt er fastlagt; gemytt, smilehol, evner og anlegg. «Her, ved konsepsjonen, og ingen annan stad startar livet». 

Det medisinsk/biologiske vitnemålet 

Det medisinske/biologiske vitnemålet er eintydig og klart. For meg er det også interessant at det samsvarar med Bibelens vitnemål. David skriv slik i salme 139: 

«Du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg er skapt på underfull vis. Du såg meg då eg var eit foster...». Eg kan ikkje grunnspråket, men i den engelske Bibelen er det formulert slik: 

«Thine eyes did see my sustance, yet beeing unperfect.» Berre ein substans, noko heilt umodent. Kan det vera det vi kallar blastenfasen, den aller første starten på livet, salmisten har sett gjennom guddommeleg inspirasjon? 

Mot slutten eit par ord om jakta på det barnet som har eit lyte. Her er det visst ingen grenser, og det er ein skamplett på vårt land og vår sivilisasjon. Tidleg i 80-åra sa ein amerikansk genforskar om lag slik:

«I fremtiden, når genkartet er klarlagt, bør ingen foreldre ha rett til å belaste samfunnet med et deformert eller mentalt tilbakestående barn. Det må komme en ny menneskerett: Retten til et sunt arvestoff.» 

Og genkartet er klarlagt, milepelen vart nådd i juni 2001. Kva det vil føre til, veit ingen i dag. Alt i 1990 opplyste BT at eit barn på 30 veker vart født på kunstig vis og lagt til sides for å døy. 

I mi tid som lege har eg møtt mange foreldre med funksjonshemma barn, og eg skal ikkje idyllisere dei mange våkenetter, alt slit og alle tårer som det medfører. Slike familiar treng vår hjelp og støtte så langt råd er. 

Men det skjer også at det barnet som ikkje oppfylte kravet om 100 prosent intellektuell og fysisk funksjon, vart til velsigning og glede for mor og far. Ei lita historie også her: 

Mor hadde tre tenåringsdøtre og vart gravid om lag 40 år gamal. Utan å reflektere over konsekvensane, tok ho fostervannsprøve som viste Downs syndrom. Ho ville ikkje ta abort, sjølv om gynekologen pressa henne hardt. Den vesle dottera er to år då mor skriv: 

«Men det er ei nydeleg lita tulle, godt fungerande. Ho er familiens solstråle. Ein dag sa storesøster til meg: Tenk mor, kor materialistisk vi hadde levd om vi ikkje hadde veslesøster.» 

Ho skriv slik i slutten av artikkelen: «Korleis hadde nervene mine vore om eg hadde teke abort då eg kjende veslebarnet sparke i magen?» 

Sorteringssamfunnet

Vi er på full fart inn i det eg vil kalle sorteringssamfunnet. Det er ikkje plass til desse som har avvik, dei må bort. I dag går debatten om rutinemessig ultralyd ved 12. veke. Kva dette vil føra til skjønar vi alle, sjølv om vi stadig høyrer vakre ord og sviktande argumentasjon om helsegevinsten dette vil gi. Dette er vakre ord som lyg! 

I 1957 skreiv Inger Hagerup eit nydeleg og tankevekkande dikt til innviinga av Ragna Ringdals hjem for psykisk utviklingshemma born. Det var faktisk HKH prinsesse Astrid som la ned grunnsteinen til bygget eit par år før, og det viser at ein gjerne ville ta godt hand om desse minste små. 

Det var lenge før vi hadde vår utfattelege oljerikdom, og over 20 år før lova om fri abort vart vedteken. Diktet vart svært populært og blir framleis sitert og sunge i stemningsfulle stunder. Men det ho peikar på er djupt alvor. Kanskje vi om få år ikkje har desse små med litt mindre handbagasje mellom oss. Slik skriv Inger Hagerup i diktet ”Våre små søsken”:

Våre små søsken” 

Vi har en liten søster, vi har en liten bror
som er litt annerledes enn andre barn på jord.

De kom til denne verden det vanskeligste sted,
med mindre håndbagasje enn vi er utstyrt med.

Vi voksne er så store i gjerning og i ord.
Vår lille bror og søster blir aldri riktig stor.

Vi har vår eng og åker, vi har vårt kjøpmannsskap.
Og vi beregner livet i vinning og i tap.

Det er så lett å skubbe de små og svake vekk,
og la dem stå tilbake med hjelpeløse trekk.

Det er så lett å glemme: Når siste båt skal gå
må alle passasjerer la all bagasje stå.

Då blir det kanskje lettest for disse små, fordi
de bare har et hjerte med sorg og glede i.

Og gleden er så deilig, og sorgen er så trist.
Det har vår lille søster og bror bestandig visst.

 Så la oss gi dem gleden til de skal gå om bord
med sine barnehjerter, vår søster og vår bror.

 I mitt yrke har eg møtt mange som vurderte å ta abort og som kom for å snakke om dette problemet. Med oppmuntring og gode samtalar har eg fått hjelpa nokre til å bera fram barnet sitt. I ettertid har alle takka varmt for hjelp og støtte i ei vanskeleg tid med eit vanskeleg val.

Men eg har også møtt mange som slit med seinvirkningar av abortinngrep, ikkje minst psykiske plager. Det har blitt mange djupe og gode samtalar om skyld, om anger, om tilgjeving, og då har det vore godt å få peike på Han som tilgjev og elskar utan grenser. 

Siste tiåret har det vore mykje forsking på dette emne: Seinvirkningar av provosert abort. Solide forskingsresultat er blitt publisert i mange land, men i vårt land er det mest tabu og får liten eller ingen spalteplass i media og tidsskrift. Eg spør: Er dette faktum så provoserande at det ikkje blir tålt? 

Eit personleg prega dikt

Til slutt eit personleg prega dikt. For nokre år Til slutt eit personleg prega dikt. For nokre år sidan heldt eg etikkseminar om det ufødde livet, og litt seinare reiste vi på ferie til Kypros. Eg vart ikkje ferdig med tanken på det som skjer i vårt land, og ei natt vart eg liggande våken og tenke over situasjonen for land og folk. 

Då kom dette diktet til meg, og dagen etter reinskreiv eg reinskreiv eg diktet på ei vakker, solfylt strand: 

Eit frø fekk spira i moders liv, skapt av han som all skapning giv livet og levedagar. Han forma i kjærleik den første substans, alt fekk si utspring i handa hans som allting fullkome lagar. 

Eit ørlite barn fekk si første form. Livet vaks, og det vaks som ein storm, kvar dag, ja frå time til time. Tenk nitten dagar, å under stort, eit lite hjarta det banka så fort. Alt var lagt i den vesle kime. 

Og barnet modnast kvar dag som gjekk. Alt si form og sin farge fekk som den vakraste symfoni. Det smatta på fingeren, vakte og sov, og visste ikkje at ein var på rov for å øyde ein slik harmoni.

Og dagen den kom med mørkheims gru. Med lova i hand, det veit er og du, vart barnet frårøva livet. Skaparen såg med sorg sitt barn fanga i øydarens vonde garn, eit liv som han hadde give. 

Høyrer du gråten så stille og var, smerten som stig mot vår himmelske far, skjønar du dette sviket? Ei synd så stor må vi aldri gløyma. I bøna vi dette barnet vil gøyma hjå Far vår i himmelrike. Korleis er det råd å øve slik vald? Korleis kan kjærleiken bli så kald? 

Korleis kan vi gjera dette? Vi veit at livet blir skapt av Han, ei kjærleikens frukt mellom kvinne og mann, nå må vi velja det rette. 

Å, Gud, kan du tilgi vårt land og folk som lenge har bruka ein nådelaus dolk og valda barnet slik våde. Vi kjem framfor deg i bøn for vårt land. Framleis treng vi di signande hand over vårt heimland i nåde. 

Himmelske Far, tilgi også meg som så ofte har svikta deg når du bad meg stå og stride. Løyn meg, Frelsar, ved barmen din, hjelp meg å gå i striden inn og vera på livet si side. o