Artikel nr 06 fra blad nr 1-2020
Emne: Trossannhet
Ein ny himmel og ei ny jord


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Kjell Helland

«For sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord. Og det som var før, skal ingen minnast, ingen skal lenger koma det i hug.» (Esaias 65,17)

Dette ordet frå profeten Esaias, skrive for 2700 år sidan, nærmar seg si oppfylling. Kor lenge det er til, veit ingen, men 2700 år ganske lenge, for dersom du doblar denne tidsperioden, så kjem du tilbake til tida før Abraham vart fødd, ja, tilbake til over tusen år før Abraham, faktisk heilt tilbake til urhistoria, ursoga. Så i mennesket si soge er dette eit svært langt tidsrom. Eg for min del trur at jødane har rett i si tidsrekning, som fortel at mennesket enno ikkje har levd 6000 år på denne jord.

Tida me no lever i, som vert kalla «heidningane sin tidsalder» går mot slutten. Den starta då jødane etter år 70 og 133 vart spreidde for alle vindar utover kloden, til alle verdshjørne, og dei har no i 1900 år stått på eit sidespor og sett at heidningane - folkeslaga - sitt tog har tura fram med dei sjølve som tilskodarar frå sidelinja.

Men dette skal endra seg. Ja, det har alt teke til å endra seg: I 1948 fekk jødane landet sitt tilbake, og det hebraiske språket, som var i ferd med å døy ut, som kun vart teke vare på i nokre små lærde miljø, er på underfullt vis blitt revitalisert og teke i bruk som nasjonalspråk i Israel.

Boka om Elieser Ben Jehuda fortel korleis denne mannen for over 100 år sidan gjorde ein fenomenal innsats for å gjera hebraisk til eit levande talemål for jødane. Han møtte veldig motstand frå dei ortodokse, som meinte at hebraisk kun skulle brukast som sakralt språk; i bibelske tekstar og bøner. Å nytta det i kvardagen var å vanhelga det. Ben Jehuda vart faktisk bortvist frå rabbinarutdanninga han hadde gått i gang med på grunn av at han leste Robinson Crusoe på hebraisk.

Vel, mot enden av den tidsalder me no er inne i, skal det skje veldige ting. Store endringar vil skje på denne jord, både når det gjeld menneske- og dyreliv. La oss berre sjå på det som står i Esaias 65,20: «Det skal ikkje lenger finnast noko spebarn som berre lever i få dagar, eller ein gammal mann som ikkje fyller målet for dagane sine. Nei, ein ung mann skal han vera som døyr hundre år gammal, og hundre år gammal skal den syndaren verta som dei forbannar

Gjeld dette no, er det slik i vår tid? Har det vore slik på noko tidspunkt mellom Esaias og oss? Er det himmelen det er tale om? Vel, då må eg spørja: Døyr nokon i himmelen? Finst det syndarar som vert forbanna der?

Saka er at Esaias 65,20 skildrar ein tilstand som ikkje er no og heller ikkje skal vera i himmelen. For meg står det slik at den tilstanden som her vert skildra er ein mellomtilstand mellom slik det er no i vår tidsalder og slik det skal vera i fullendinga - ein forsmak på himmelen altså. Og denne tidsperioden - slik eg forstår det profetiske ordet - har eit namn, ja, eigentleg tre namn. For det første Riket for Israel - det fortel kven som er hovudaktør i riket. For det andre Fredsriket - det talar om den åndelege gehalten i riket og for det tredje Tusenårsriket - det viser utstrekning i tid. Det treng ikkje bety nøyaktig tusen år, men det talar i alle fall om ei avgrensa tidsperiode, som Gud åleine kjenner utstrekninga av. Så, ei tid etter denne perioden kjem så den nye himmel og den nye jord, som me las om. Her må eg leggja vekt på ei tid etter, for dei to tilstandane skal ikkje gli over i kvarandre Dei møtest ikkje. Den eine vert ikkje avløyst av den andre. Det kjem ein fase etter fredsriket, der alt går tilbake til det gamle, for arvesynda er ikkje utrydda og sjelefienden, som har vore innesperra ei tid, får igjen driva sitt spel.

Det må gjerne satsast på klima og miljø - som ser ut til å vera den nye religionen i landet vårt. Denne jorda kan likevel ikkje reddast i sin noverande skapnad. Den skal gå til grunne, og det gjennom veldige katastrofer, som apostelen Peter skriv om: «Men Herrens dag skal koma som ein tjuv, og då skal himlane forgå med stort brak, og himmellekamane skal koma i brann og gå i oppløysing, og jorda og alt som er bygt på henne, skal brenna opp.» (2 Pet 3,10). Og Esaias i kap 24: ”Herren tømer jorda og legg henne øyde..., jorda sørgjer og visnar bort..., jorda brest, ja, ho brest.., jorda skal raga som ein drukken mann... ”. Og grunnen til alt dette står i vers 5: «Jorda er vanhelga under dei som bur på henne. For dei har krenkt lovene, gjort imot bodet, brote den evige pakta. Difor et forbanning opp jorda...»

Framgang, auka velstand og økonomisk vekst er dei politiske måla for jorda vår. Topppolitikarane har ikkje anna for auga. Dei ser ikkje at denne jorda er dømt til undergang, at vekstprognosane deira kjem til å slå feil, at det frå høgaste hald er fastsett at denne jord, slik ho no ter seg, skal gå under. Det må vel haldast fredskonferansar, men det blir ingen fred, for like til enden er det krig, seier profeten Daniel (9,26).

Nasjonane skal gå under. Sverige, Noreg og Danmark skal gå under. Russland, England og Tyskland skal gå under. Alle riker skal gå under. Det vert berre eitt rike som skal verta ståande, og det er Menneskesonen sitt rike, som Daniel spår om. 

Syndefallet skal openberrast i sin grunn gjennom det historiske løp. Men midt i denne utviklinga nedover mot undergang står Kristus og gir høve til å velja livet. (Frå boka”Hans Sandvoll – ei profetrøyst” av Alfred Hamre. S. 87)

Midt i denne nedovergåande straumen står Jesus og seier: ”Kom til meg, du som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje deg kvile.”

«I eit skipsforlis der skroget er dømt til å gå under, der er ein oppteken med ein ting: det er å berga livet ... og verdssoga er å likna med eit stort forlis.», seier Hans Sandvoll.

Og du som har gripe redningstauet med begge nevane og er dregen opp og har fått føtene sett på fast grunn, skal få vera med å kasta ut redningstau til dei som enno er ombord i det søkkjande skipet, visa til han som er i stand til å frelsa den mest forkomne.

Eg skaper ein ny himmel og ei ny jord”, las me. Eigentleg står det «nye himlar» i grunnteksten. Det er universet med stjerner og planetar det er tale om. Guds tronhimmel treng ikkje skapast om.

Etter alle endetidskatastrofene vil det stå fram ei ny jord, og skal tru om det ikkje er der dei frelste menneska skal bu, på den nye jorda. Og spørsmålet om korleis den vil sjå ut har fengsla mennesket til alle tider. Den som det hadde visst! Men det er lite me får greie på. Kvifor vert det ikkje forklart for oss? Svaret er enkelt.

Gå bort i fjøset ein vårdag, til dyra der borte. Her er ein liten kalv som er eit par-tre veker gammal, og no vil mora fortelja avkommet sitt litt om korleis det ser ut på utsida av løeveggane: Det gulbrune graset du no et, det er grønt ute. Grønt? Det sprirer opp frå marka. Marka? Du kan gå bort i bekken og drikka direkte frå den. Bekken? Det veks og store tre med fint lauv på? Tre? Lauv? Og så vidare. Det finst ingenting inne i fjøst som kan samanliknast med det som vert fortalt om korleis det ser ut ute. Kalven har dermed ikkje grunnlag til å sjå føre seg det som vert fortalt. Slik er det for oss òg. Me har ikkje erfaringsbakgrunn til å førestilla oss ein annan røyndom enn den me ser for augo og oppfattar med sansane våre.

Jordkloden er utruleg fin. Men Gud er i stand til å gjera den endå mykje finare, på måtar som me i dag ikkje kan sjå for oss, og større òg, for det er mange som skal ha plass.

Vel, eg får eg avslutta med å sjå litt på slutten av ordet me las, for der står det: «... og det som før var, skal ingen minnast, ingen skal lenger koma det i hug.» Har me tenkt over det? Av og til vert det sagt eller skrive: Du skal få svar på alle ubesvarte spørsmål når du kjem heim til Herren. Skal du det? Ordet her seier noko anna, det seier at der framme eksisterer desse tunge spørsmåla ikkje lenger. I fullendinga skal det ikkje finnast noko som kastar skuggar, åndeleg tala, det skal ikkje finnast noko som skaper disharmoni, som er sårt. Jesus skal vera der. Han vil metta all trong, stilla all sakn og heila alle sår. Amen.