Artikel nr 06 fra blad nr 4-2020
Emne: Bibelforum
Velsigning og forbanning


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Kjell Helland

Dette er dei to grunnkreftene som styrer alt som har med menneskelivet og naturen å gjera. Sjølv om det er slik, vert dette lite akta på og endå mindre forstått. I tidlegare tider hende det at bonden tok av seg hua og bad om signing over kornet han hadde sått. Det skjer nok i dag òg, men i mindre skala, vil eg tru. Ved bordet vert det bede om signing over maten, og på 17. mai ber me Gud signa folk og land. På oppbyggelege samlingar ber me Gud signa møtet. Meir enn dette er det ikkje, om me då ser vekk frå bønene frå enkeltpersonar som stig opp med bøn om signing over det eine eller det andre.

Når det gjeld den motsette krafta, forbanninga, kjem vel ho mest til uttrykk gjennom eidar og banning frå menneske som ikkje anar kva dei driv på med. Hadde du spurt mannen i gata om kva han legg i velsigning og forbanning, ville du nok ikkje fått så utfyllande svar. Grunnen til det er at det er uklart for Ola og Kari kva som ligg i orda og kva det eigentleg handlar om.

At velsigning er ei sterkt positivt verkande kraft, er det lettast å få auga på når me ser kva som skjedde då Jesus velsigna nokre få brød og eit par fiskar. Resultatet vart at det vart mat til mange tusen. Dermed ser me òg at velsigning ikkje er noko eit menneske rår over. Ho kjem frå Gud, er Guds verk åleine. Alle dei andre måtane Gud velsignar på er ikkje så lette å få auga på, men dei er der.

Velsigning og forbanning kjem òg til synes i Guds handlemåte med sitt jordiske paktsfolk; Israelsfolket, jødane og landet dei fekk; Israel. 3 Mos 26 og 5 Mos 28 skildrar utfyllande korleis velsigninga og forbanninga ter seg, og fleire av profetane, spesielt Jeremia, utdjupar same temaet.

Trass, ulydnad og avgudsdyrking førte forbanninga over folket. «Dersom de endå ikkje lyder meg, men står meg imot, så vil eg … gjera byane dykkar til ei øydemark og leggja heilagdomane dykkar i grus. … Men dykk vil eg spreia mellom heidningane. Med drege sverd vil eg forfylgja dykk. Landet dykkar skal verta audt … .»

Tre ting ser me her: Dei skulle verta spreidde mellom heidningefolka. Landet skulle verta ei øydemark. Dei skulle verta forfølgde med drege sverd. Har det gått slik?

I to tusen år har dei no budd ute mellom heidningefolka. Landet forfall totalt. Mark Twain, som reiste gjennom Israel for over hundre år sidan, sa at her kan ingen bu. Og kva så med det tredje: Forfølgde med drege sverd?

Den som les historia om jødefolket, kan ikkje anna enn leggja merke til at denne er ei einaste lang lidingssoge, ikkje minst etter at Jerusalem fall i år 70 – 1500 år etter Mose profetiar. Denne jødane sin Via Dolorosa ropar til oss frå kvar einaste side i bøkene som er skrivne om dette, til dømes «Jødehat» av Trond Berg Eriksen m fl, «The Destruction of the European Jews» av Raul Hilberg og «The Holocaust – the Jewish Tragedy» av Martin Gilbert.

Hos profeten Jeremia les me i kap 28: «Eg vil forfylgja dei med sverd og svolt og pest, og eg vil la alle rike på jorda fara ille med dei og gjera dei til ei forbanning og ei skremsle, til spott og hån mellom alle dei folkeslaga eg driv dei bort til, fordi dei ikkje høyrde på orda mine, seier Herren, då eg sende tenarane mine, profetane, til dei tidleg og seint.»

Det er akkurat dette ein kan lesa om i dei tre nemnde bøkene. Det var ingen som ville ha jødane i landa sine. Kor dei kom, var dei hundsa og plaga. Alle tenkjelege problem og plager i eit land var det jødane som stod bak, heitte det. Under svartedauden var det jødane som hadde forgifta brunnane. Alt som var gale hadde ei årsak: jødane. Før og under krigen, då forfølginga var på det verste, vart både auge og grenser lukka for jødar som ville prøva å koma seg vekk. Få hadde medkjensle med dei.

Kva er alt dette? Det er antisemittisme, ja, men meir enn det. Det er forbanninga frå Gud som går i oppfylling. Like fullt som velsigninga er ei veldig kraft, så er òg forbanninga det. Det var ikkje tomme ord Moses og Jeremia talte. Det var ord som skulle gå i oppfylling i si tid.

Men me kan ikkje setja punktum her. Forbanninga er ikkje det siste. Det kjem noko etterpå. Noko stort. Velsigning vil koma over jødefolket.

Dei vil venda om. Jeremia seier det slik i kap 28: «De skal søkja meg, og de skal finna meg når de søkjer meg av eit heilt hjarta. Eg vil la dykk finna meg, seier Herren. Eg vil gjera ende på fangenskapen dykkar og samla dykk frå alle folka og alle stadane som eg har drive dykk bort til, seier Herren, og eg vil føra dykk attende til den staden eg førde dykk bort frå.»

Profeten Sakarja legg til i kap 8: «Og det skal henda at liksom de var ei forbanning mellom folkeslaga, du Judas hus og du Israels hus, så vil eg no frelsa dykk, så de skal verta ei velsigning.»

Dette er det me ser fram imot.