Artikel nr 18 fra blad nr 4-2020
Emne: Sang
Forlati synd, utsletta skam


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Anders Hovden

Forlati synd, utsletta skam

Av Anders Hovden
Tone: O Fader vår i himmerik

Forlati synd, utsletta skam
skal aldri atter dragast fram,
forlati synd for Jesu skuld
skal vera evig død og duld, (gøymt)
eg aldri sakast skal derav, (uskuldig)
ho er som steinen søkkt i hav.

Eg møter Gud i nådens skrud
så fager som ei Kristi brud
i lange kjolen kvit og klår
av blodet renset trygg eg står.
Av nåde får eg livsens krans
som blømde fram av krossen hans.

Sjå, dette var den klednad som
den tapte sonen fekk, han kom
med anger heim i Jesu namn
og fann sin trugne Faders favn,
han stod der bleik og blyg og skjemd
, men synda hans vart aldri nemnd.

Tenk, når den store kvite her
eingong sin Frelsar møta fær,
når kvart eit tungeband er løyst
og alle syng med englerøyst,
som lyd av mange fossefall
går lovsong gjennom himmelhall!
(Nr 195 i Sangboken 1955)