Artikel nr 05 fra blad nr 3-2021
Emne: Poetrett
Ludvig Hope – 150 års-jubileum.


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Gunnar Holth

Ludvig Hope − født i Masfjorden 17. januar 1871.
− gikk omgangsskole i heimbygda og et kurs på emissærskolen i Bergen.
− 19 år gammel begynte han å forkynne Guds ord.
− talte til store forsamlinger og opplevde store vekkelser.
− ble en av Norges største forkynnere – lekmannshøvdingen.
− generalsekretær i Kinamisjonsforbundet (nå NLM) 1931-1936.
− han avviste tidlig det kirkelige embete og krevde rett for lekmenn til å utdele nattverden.
− i okkupasjonsårene ble Hope en av de fremste lederne for kirkefronten.
− ble arrestert i mai 1943 og satt på Grini til august 1944.
− «Kristus vårt liv», «Ånd og kraft», «Det gjorde Gud», «I desse siste dagar», «Kyrkja og Guds folk», «Eit ord i dag» (andaktsbok), og «Mot Målet» (prekensamling) er noen av Hopes mest kjente bøker.

Jeg har lest en god del av og om Hope. Det har vært til stor åndelig hjelp og rik oppbyggelse.
Her er rike kilder. Mye å øse av.

I denne artikkelen velger jeg ut to glimt fra hans liv. De har fulgt meg siden jeg leste de som ganske ung.

Først det som hendte da Hope ble frelst (av Oscar Handeland).

Det andre stod å lese i «Kineseren» (nå Utsyn) i 1921. Det er skrevet av Hope selv da han fylte 50 år.

Oscar Handeland skriver:
"Så var det ein dag, truleg i slutten av mai 1887, at han låg og reinska ugras or ein potetåker på farsgarden. Han bala med det gamle spørsmålet om å tru. Ikkje på om Gud var til, det tvila han aldri på. Alt som stod i Bibelen, heldt han for sant. Men korleis skulle han få fred med Gud, bli eit frelst og nytt menneske? Han visste at det måtte tru til, for det stod i Guds ord, og det sa alle preikarane, men korleis skulle han få det til å tru? Det spørsmålet var like uløyst for han no som den fyrste dagen han tok til å grunda på det.

Då kom han ihug noko som han hadde lært på skulen, og som han alltid hadde kunna seinare.

I Luthers tolking av den andre artikkelen stod det: -at han ved sin uskyldige lidelse har frelst meg!
Var det ikkje slik det stod i katekisma? Jau visst var det so! Han tok det opp att: -har frelst meg!

Det stod ikkje:- han skal frelsa meg, nei, det stod : - han har. Ludvig gløymde bort både tru og tvil der han låg og reiv ugras. Han såg berre dette eine: Kristus har frelst meg! Det var som ei svartblå toresky hadde rivna og sola skein klår og varm. Heile tilværet var som nytt."

Ludvig Hope skrev dette stykket og dette diktet i 1921:

"Eg må få lov på denne måten å senda alle dei som kom meg i hug på femtiårs-dagen, mi beste takk.

Alt frå først til sist kom både utenkt og uventa. Hjarteleg takk til alle.
Det er også ein trong for meg å få seia to-tre ord om eit og anna som høyrer til farne tider.
Eg har reist mellom folket mitt som forkynnar av ordet om Guds rike i 30 år.
På toppen av livsdagen er det mellom dei mange ting særleg ein ting som gjer meg både mjuk og takksam.

Det er tanken på alle som har vore mine ærlege vener i desse år, alle som opna heimane sine for meg, alle som har vore gode mot meg, så god som eg skulle vore deira eigen gut, alle som har gitt meg eit godt rom å bu i, alle som i hjarta og gjerning ikkje har spart anten tid eller velgjerningar, alle som den lange og tidt sure natta har stått på bryggja og venta til båten kom, alle som saman med meg sleit på kofferten, alle husmødre som sat oppe og venta med god mat og drikke, alle som skyssa meg over hei og hav og som stod trufast med i arbeidet i misjonen – alle dykk søkjer hjarta mitt etter, så eg kan få seia dykk mi beste takk.

Då tankane mine stansa ved alt dette no på femtiårs-dagen, då seig eg saman i gråt.
Hjarta tina opp ved minnet om all Guds nåde og alle velgjerningar frå kristne vener.

Eg ser det så klårt som midt i middagslys at alt var nåde. Takk alle!
Men Gud vere takk!" →

Så følger diktet  «Guds nåde var stor». I det første verset skildrer Hope så fint sin egen omvendelse:

Guds nåde var stor.
Den fann meg langt inn i den trongaste fjord.
Han førde meg over frå synd og frå skam
og la meg som barn tett ved Faderens famn.
Frå korset kom lyset ved Frelsarens ord.
Guds nåde var stor.
Det lider mot haust.
Det stirande auga ser vonfullt mot aust.
Når liene gulnar vert lufta så rein,
dei skiftande fargar dei lokkar meg heim.
Lat foten då trøytna og støttast av stokk –
Guds nåde er nok.
Guds nåde var stor.
Han gav meg ein plass mellom sine på jord.
Frå dag og til dag og frå år og til år
han stelte så varsamt med syndarens sår.
Han turka bort tåra og gav meg si trøyst
i modlause bryst.
Guds nåde er nok.
Han tok meg i handa og førde meg opp,
han bruka vil døden til tenar for liv
og føra meg over som Frelsarens viv.
Der syng eg min song i den salige flokk.
Guds nåde er nok.
Guds nåde var stor.
Han gav meg å gå med sitt frelsande ord.
Han heldt meg i handa og lyste meg ut
der avgrunn ligg duld under kristeleg skrud,
der Satan stod kledd som Guds englar i kor.
Guds nåde var stor.
Min Frelsar, ha takk.
Du aldri gjekk frå meg om lite eg rakk.
Eg tilbed ditt namn og velsignar dei sår
som opna meg vegen til framtid og vår.
I haust-strima ser eg den gryande dag –
Den himmelske stad.