Artikel nr 09 fra blad nr 3-2021
Emne: Aktuelt emne
Pest


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Kjell Helland

I gammal tid var Israel i fleire hundre år delt i to. Den nørdre delen, Nord-riket, eksisterte frå ca. 931 f. Kr til 722 f. Kr og hadde i alt nitten kongar. Så godt som, ja, truleg alle desse var kalvedyrkarar; avgudsdyrkarar. Og på den tida var det slik: Som kongen, så folket, for det var så godt som tvang å dyrka dei to kalvane som den første kongen i dette riket hadde sett opp, for han sa til folket: «Sjå, her er gudane dine, Israel som førde deg opp frå Egyptarlandet « (1 Kong 12,28).

Og det skulle visa seg at denne kalvedyrkinga ikkje let seg utrydda i løpet av dette riket sin ca. 200-årige eksistens. Først assyrarane si erobring og deportering av folket i 722 sette ein endeleg stoppar for uvesenet.

I landet vårt har me kanskje ikkje kalvedyrking, men dei åndeleg motane, ikkje først og fremst frå Paris, men frå Babylon, pressar på, så det i seinare tid har sige inn over oss eit underleg krav om å dyrka det perverse. Talsmennene for dette er kanskje ikkje så veldig mange, men larmar som ein stor her og går fram med veldig aggressivitet, og motstandskrafta i folket ser ut til å vera bortimot fråverande.

Denne forherlig-gjering av det unormale, det perverse og det som er mot naturen er i ferd med å gjennomsyra samfunnet vårt. Dei små vert indoktrinerte heilt frå barnehagen med såkalla rosa kompetanse, som det så forførande heiter, og nåde den som har ei anna meining.

Det engelske ordet «pride» er eit namn på alt dette. Stoltheit!

For mange år sidan la eg merke til eit ord i Salme 12,9: « … når det som er usselt vert sett høgt mellom menneskeborna.» Når det som er usselt vert sett høgt. No er det her.

I ordtøka 3,35 står det: «Dei vise ervar ære, men dårane får berre skam.» I ein engelsk studiebibel vert siste delen av verset omsett på ein heilt annan måte. Nemleg slik: «… but fools display dishonor.» I ein fotnote står det utdjupande: « Literary: but fools raise up (elevate, exalt) shame (dishonor).» Altså: Dåren løftar opp, glorifiserer skam og vanære. Dette samsvarar òg med den hebraiske grunnteksten.

Her har me det altså igjen. Det nedrige og uverdige vert løfta opp som noko stort, edelt og attråverdig - som pokalen som vert vunnen i ei idrettsturnering. Den vert ikkje sett på golvet.

I Esaias 5,20 står det: «Ve dei som kallar det vonde godt og det gode vondt, som gjer mørker til ljos og ljos til mørker, som gjer beiskt til søtt og søtt til beiskt!» Ve den som gjer slikt!

Midt oppi dette sender Herren pest utover jorda. Er det noko han vil sei oss?