Artikel nr 13 fra blad nr 3-2022
Me tenkjer på landet


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Trygve Bjerkrheim

Me tenkjer på landet, det land du oss gav,
Så underlig fagert frå høgfjell til hav,
Med ynde som ikkje kan tolkast med ord:
Å, Herre din nåde mot Noreg var stor!
Din nåde var stor imot Noreg.

Me tenkjer på heimen, den heimen me fekk,
Der glade imellom dei kjære me gjekk,
Der kjærleik me møtte hos far og mor:
Å, Herre, din nåde osv.

Me tenkjer på fridom og hundreårs fred:
Så trygt fekk me virka til sola gjekk ned,
I fred fekk me kvila, og høyra Guds ord:
Å, Herre, din nåde osv.

Me tenkjer på Ordet, vår dyraste skatt,
Som kom hit med lys i den djupaste natt
Og gjev oss det evige liv alt på jord:
Å, Herre, din nåde osv.

Me tenkjer på alle som Herren har kjær,
Som trufast vil æra og tena han her,
Dei strør ut sitt såkorn, - og fagert det gror:
Å, Herre, din nåde osv.

Me minnest din nåde – vår Gud, ha då takk
Fordi at ditt gledesbod landet vårt rakk
Og skapte ein livsdag så sæl i vårt nord!
Takk, Herre, - din nåde mot Noreg var stor!
Me takkar deg, Herre, for Noreg.