Artikel nr 02 fra blad nr 1-2023
Velkommen


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Anders Hovden

1.
Di rettferd er min bunad, mitt ljose sjelelin,
min hovudkrans, mi kruna, min skatt, mitt perleskrin.
Du gav meg alt av nåde til vern mot domens våde,
du dyre Frelsar min.

2.
Eg går i arbeidsklede og høyrer til dei små,
men tenkjer tidt med glede: Det vert ombyte på;
når snart mi livssol glader, eg for min Gud og Fader
skal som ein engel stå.

3.
Å, du som hardt deg mødde* i vår tronge kår
og stridde, leid og blødde og sona syndi vår,
du til Guds barn meg kalla. Hjelp at eg ei må falla
ifrå mitt barnekår!

4.
Din augnestein eg vere, til eg er slokna sæl!
Din ljose engel bere til paradis mi sjel!
Då kverv dei siste skuggar, du inn til ro meg ruggar,
ja, då er allting vel.

* mødde = trøytta, utarma, Jes 53,4-5
(Nr. 247 i Sangboken)