Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Taler - YouTube ![]() |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
“Eg bed dykk, brør: Tak vel imot dette formaningsordet!” (Heb 13,22).
Vi har hatt TV ei tid. Eg ser og høyrer gjerne på nyheitene. Når det er ferdig eller blir uinteressant, er det fort gjort å skifta kanal. Då kan det fort gå både ein og to timar. TV er ein tidstjuv. Eg har fått vekk mange kanalar, men har framleis altfor mange att.
Plutseleg kan det dukka opp pornografiske nakenbilete.
I tillegg har vi all banninga og, ikkje minst, misbruk av Guds namn på engelsk og norsk.
Trur vi at slik påverknad er ufarleg? Det er ikkje berre farleg, det er synd å gi plass til det! Eller er det kome så langt med oss at vi ikkje eingong reagerer? Litt misbruk av Guds namn er vel ikkje så farleg? Det kan vi vel lett oversjå når det som vi ser på er så interessant og fengslande?
Er det ikkje Jesus som skal eiga vårt syn og vår høyrsel?
Vi har fått verda inn i stova, og verda og mitt eige kjøt har stor makt. Eg kan av og til kjenna meg heilt overmanna og hjelpelaus.
“Redd jeg er for verden, redd jeg er for meg.”
I tillegg har vi mobiltelefonen, nettbrett og PC.
Det kan vera så mangslags interesser som tek vår tid og som vil føra oss bort frå det eine nødvendige. Det treng i seg sjølv ikkje alltid vera noko galt, tvert imot, men djevelen veit kor du og eg er svakast, og når det nest beste tek plassen til det beste og eine nødvendige, då blir det galt. “Marta, Marta! – – – “
Det let seg gjera å vera fanga av ei eller anna synd. Det kan vera gjerrigheit, havesykja eller synd mot det 6. bod, ja, det kan vera kva som helst.
Ordet i Mat 18,8-9 har talt til meg i det siste:
“Om handa di eller foten din freistar deg til fall, hogg dei då av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet, enn å ha begge hendene eller begge føtene og verta kasta i den evige elden.
Og om auga ditt freistar deg til fall, riv det då ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet, enn å ha begge augo og verta kasta i helveteselden.”
I 5 Mos 17,16-17 blir det åtvara mot at ein konge skal halda mange hestar. Han skal heller ikkje ta seg mange koner “så hjarta hans ikkje skal koma på avvegar. Han skal heller ikkje samla seg mykje sølv eller gull.” Når ein innrettar sitt liv mot Guds vilje, så vil det før eller seinare straffa seg. Det var her det gjekk galt for kong Salomo.
“ – – – ikkje samla seg mykje sølv eller gull.” Det er vanskeleg for den gjerrige å gje, anten han er rik eller fattig. Det er nok mest vanskeleg for den rike. Farisearane var pengekjære og gjerrige, sjølv om dei gav ti prosent og vel så det. Er vi ikkje forvaltarar av alt vi har fått av Herren? Då burde det vera om å gjera å forvalta det rett. Men Herren elskar ein glad gjevar. Er det eit ork for deg å gje? Det er det for den gjerrige. Kven kan ikkje kjenna seg skuldig her!
Det som blir lagt av fast av oss til misjonen, går greitt; det blir ein vane, så det gjev vi med glede. Men når eg blir minna om å gje av våre såkalla “eigne” pengar til ei gåve, då merkar eg mang ein gong at eg kan vera pengekjær og gjerrig. Så det er langt att til den fattige enkja som gav av sin fattigdom alt det ho åtte, alt det ho hadde å leva av. Dei fleste av oss rikingar gjev av vår overflod.
Du kristne ungdom, lær deg å gje fast til Guds rikes arbeid. Legg av litt kvar veke. Du treng ikkje gje så mykje, men det er lettare å gje når du legg av litt fast og gjer det til ein vane. Og får du sjå deg fri og løyst i evangeliet, i det du har i Jesus, vert det endå lettare å gje, og du vert ein glad gjevar.
Til sist:
Kong David hadde teke seg fri og var ikkje med i striden, og han hadde god tid til å gå opp på taket og sjå seg ikring – – –. Vi treng ikkje gå opp på taket. Vi kan berre sitja i stova eller du kan sitja for deg sjølv på rommet ditt. Der finn du det du vil sjå! Der kan du få sjå ting som kan henda fylgjer deg heile livet.
“Vær forsiktig lille øye hva du ser – – –.” “Den som ser – – –”(Matt 5,28).
Vi står midt i ein kamp om vår sjel. Det gjeld himmel eller helvete. Det er det som gjer synda så farleg. Synd er å krenkja Den Heilage - og gjeva Den Heilage Ande sorg.