Artikel nr 06 fra blad nr 1-2023
Følgde tomme avgudar og vart sjølv tomme


Velkommen
Les artikler
Taler - nye
Taler - arkiv
Taler - YouTube  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Kjell Helland

“I det året kong Ussia (Asarja) døydde…”
Det er som kjent litt ulike dateringar av det som skjedde i gammaltestamentleg tid. Bibelsk oppslagsbok set året til 736 før Kristus, andre har 740. No spelar det ikkje så stor rolle om det er 736 eller 740, poenget er å få vita så nokolunde når dette skjedde, slik at det me les om ikkje svevar i lause lufta. For meg er det i alle fall av betydning å vita slik omtrent når ting i gammal tid gjekk føre seg, slik at eg får ei ramme å setja det inn i.
Jesaja si profettid var lang, for det står i første verset av boka hans at han fekk synene sine i dei dagane då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og det vert ein dryg periode. Til saman vert det i alle fall 50 år, kanskje lenger.
Jødisk tradisjon vil ha det til at Jesaja leid martyrdøden under Manasse (2. Kong 21), ein konge som vert rekna som den verste av kongane i Sør-riket, og det seier ikkje lite. No omvende han seg mot slutten, og det finst ei bok i dei apokryfe skriftene som heiter Manasses bøn.
No vel, nok om det.

Bakteppet for Jesaja si forkynning
Korleis var så tida då Jesaja fekk profetkallet sitt? Fredrik Wisløff fortel at Ussia si lange regjeringstid (52 år) hadde vore ei tid for gjen-reising i Sørriket. For før han kom til makta, var landet utplyndra av krig, næringslivet låg nede og ein del av murane rundt Jerusalem var rivne. Åndeleg sett hadde det vore ei djup forfallstid, der avgudsdyrking fortrengte sann gudstru.
Men med Ussia vart det endring i dette. Han sette forsvaret i stand, og det oppstod ei blømingstid for landet. Både han og son hans prøvde å fremja sann gudstru. Så ytre sett var det ei lukkeleg tid for Sør-riket.
Ytre sett. For folk nytta velmaktstida til å leva eit liv i overdådigheit og lettsinn. Grove folkesynder åt om seg, og det var ei skrikande kløft mellom fattig og rik. På den storpolitiske arena braut Assyria seg fram, og mellom småstatane oppstod eit press til å søkja saman for å verja seg. Etter Ussia sin død, i Jesaja si profettid, vart både Syria og Nordriket erobra med ti års mellomrom, og assyrarane pressa på for og å leggja under seg Sørriket og Jerusalem og.
Midt i dette levde altså Jesaja som profet i Sør-riket. Kongane og stormennene der såg til Egypt for hjelp, men Jesaja åtvara innstendig mot det og viste hen til trua på Gud som einaste redning: “Dersom de vender om og held dykk i ro, skal de verta frelste. I stilla og tillit skal dykkar styrke vera.”
Men dei ville ikkje.
Slik er bakteppet for profeten Jesaja si profetgjerning. Når han stig fram i Ussia sitt dødsår, er både Syria og Nord-riket sjølvstendige, men i løpet av hans profettid må som nemnt begge rika gje tapt for assyrarane.

Kven er Herren?
Her må me stansa opp lite grann og spørja: Kven var det Jesaja såg? Det var Herren. På hebraisk står det JHVH, og sidan ordet manglar vokalar, er det ingen som veit den rette uttalen. Ei tid meinte ein at Jehova var rett, seinare gjekk det over til å bli Jahve. Jødane kallar det Adonai (min Herre). Vidare er det interessant å leggja merke til at Septuaginta (den greske omsetjinga av GT) omset med Kyrios, og at dette vert vidareført i NT. I Joh 21:7 les me at Johannes seier til Peter: “Det er Herren”, altså Jesus. Og her er det ordet Kyrios som er brukt. Dermed var det Jesus Jesaja fekk sjå.
Namnet JHVH møter me første gong då Moses fekk sjå den brennande klungerbusken i ørkenen. Der presenterte Gud seg som “eg er”, og i NT ser me at Jesus brukar denne tittelen om seg sjølv. Eg er det sanne vintreet. Eg er den gode hyrding. Eg er vegen, sanning og livet og så vidare.
Elles er det underleg at andre som Gud openberrar seg for, sig til jorda fullstendig overvelda. Men korleis Jesaja reagerte på synet av Herren står det ingenting om. Eigne kjensler i møte med det han opplever, held han for seg sjølv. Jeremias er ein heilt annan type. I boka hans møter me personen Jeremias, får innblikk i hans enormt skiftande tankar og kjensler. Ikkje så med Jesaja. Her er det bodskapen som er alt. Kanskje kan me seia det slik: Jeremias er kunstnaren, Jesaja forskaren.
I denne kallsopplevinga til Jesaja støyter me på nokre merkelege vesen som vert kalla serafar, og dette skal vera den einaste gongen Bibelen omtalar slike. I ørkenen skulle Moses laga ein serafslange og setja den på ein staur, men det vert noko anna.
Serafane er englevesen. Ordet seraf kjem frå det hebraiske verbet saráf, som betyr å brenna.
Serafane ropar “kadåsj, kadåsj, kadåsj, adonai (JHVH tsevaåt, melå kål ha æretz kevodå”. Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom. Heile skaparverket prisar Gud. Frå alt som er skapt, stig det uavlateleg opp ein lovsong utan ord. Han skal ha æra.
Hebraisk parallellisme.
Elles er det mange som er opptekne med å finna ut korleis universet er blitt til. For meg er det nok å vita at Elohím skapte det i opphavet, eller som det står i Salme 33,9: “For han tala, og det skjedde, han baud og det stod der.”
Måten dette vert uttrykt på her i Salme 33:9 er veldig interessant, for den er eit godt døme på hebraisk poesi. Ikkje det at innhaldet er eventyr og fantasi, for innhaldet er reelt nok, men uttrykksmåten er kunstnarisk. I våre germanske språk er me vane med at det er mykje rim i poetiske uttrykk, men i hebraisk kjem poesien til syne gjennom det som vert kalla hebraisk parallellisme. Det vil seie at noko vert sagt på to ulike måtar. Han tala, og det skjedde er jo akkurat det same som han baud og det stod der. Tala – skjedde, baud – stod der. Dette fenomenet vil du finna mykje av i GT, ikkje minst hos profeten Jesaja.

Forkynnargjerninga sin grunnvoll
Eg er ein mann med ureine lepper, sanna Jesaja. Han har sjølvinnsikt og vedkjenner at han er ein syndig mann som reknar med å måtta døy. Men det skjer ikkje. I staden kjem ein av serafane bort til leppene hans med ein gloande stein frå alteret. Han vert reinsa og får høyra: “Misgjerninga di er teken bort, og synda di er sona.”
Ordet for sona er her kafár, som har grunnbetydninga “dekka over”. Dette viser til at ofra i den gamle pakt ikkje i seg sjølv kunne gjera soning, men dekka over synda til det eigentleg offer kom. Soninga som skjedde på altaret i tempelet og som peikte fram mot Jesus offer på Golgata, var blitt gyldig for Jesaja. Verknaden av Jesu soningsverk var ein realitet i hans liv. Han starta forkynnargjerninga på syndsforlatinga sin grunnvoll.

Inn det eine øyra og …
“Kven vil gå for oss?” Kallet til forkynnargjer-ninga hans kjem frå Gud. Den treeinige. Og eg må spørja: Visste Jesaja kva han gjorde, då han svarte: “Sjå, her er eg. Send meg”! Visste han kva det innebar? Igjen: Eigne tankar, kjensler og vurderingar held profeten for seg sjølv.
No vel. Jesaja vert med ein gong informert om korleis rammene for forkynninga hans vil koma til å sjå ut. Det vert sagt til han, og legg merke til den hebraisk parallellismen: “Gå av stad og sei til dette folket: Høyr og høyr, men forstå ikkje! Sjå og sjå, men skjøna ikkje!”
Tenk: Dei skal høyra igjen og igjen, men ikkje festa seg ved det. Dei skal sjå om att og om att, men ikkje ta det til hjarta. På norsk har me uttrykket om at det går inn gjennom det eine øyra og ut gjennom det andre. Det var akkurat det som ville skje gjennom Jesaja si forkynning. Ikkje særleg oppløftande for den unge profeten. Men han skulle få vita kva han gjekk til. Og dette skulle gå heilt og fullt i oppfylling. Det viser både Konge- og Krønikebøkene på ein tydeleg måte.

Det feite hjarta
Men det vart sagt meir til han: “Gjer hjarta sløvt på dette folket, gjer øyro tunghøyrde og klin augo til, så dei ikkje skal sjå med augo og høyra med øyro, og slik at hjarta ikkje kan skjøna og venda om, så det kan verta lækt.”
Forkynning hans skal rett og slett verka forherdande. Og når det gjeld dette å gjera hjarta sløvt, brukar 1938 - omsetjinga ordet “hardt”. Dette kan sjå ut som ein motsetnad, men det er det ikkje, for grunnteksten fortel at det eigentleg handlar om å feita hjarta opp. Det skal leggjast feitt rundt hjarta, slik at det vert upåverkeleg, slik at ingen ting skal nå inn. Hjarta skal verta kjenslelaust, impregnert.
Alle andre stader i Bibelen når det er tale om feitt, så handlar det om velstand, rikdom og overflod, men her har me det eine unntaket.
Legg elles merke til kor konkret det hebraiske språket er. Ikkje sjå med augo. Ikkje høyra med øyro. Men så kjem det noko underleg i konklu-sjonen. Her er det nemleg tale om at hjarta ikkje skal forstå. Til vanleg er det jo slik at når det er tale om forståing, så gjeld det forstanden, det gjeld hjernen. Men saka er den at når det gjeld forholdet til Gud og det å innsjå sin eigen fortapte situasjon når ein lever borte frå han, så handlar det om å forstå med hjarta. Den som det gjer, ser kva det heile dreiar seg om. Den som forstår med hjarta innser at eit liv utan samfunn med Jesus har kurs mot undergang og fortaping.

Til landet er tomt
Så spør profeten: “Kor lenge, Herre?” Han anar at det er eit tidsperspektiv inne i dette. Og svaret kjem med ein gong: “Til byane er øydelagde og folketomme, og husa utan menneske, og landet er audt og ligg som ei øydemark. Herren skal driva menneska langt bort, og det vert audt og tomt i landet.”
Sagt med andre ord: Profeten skal tala landet tomt. Resultatet av at dei ikkje vil høyra på han er øydelagde og folketomme byar, eit aude land og eit bortdrive folk.
Og det er ikkje ei fjern og ubestemmeleg framtid som her vert skildra. Det er ganske nært. I løpet av nokre få år skal ein stor del av det verta oppfylt og i løpet av 120-130 år og framover resten..
Så spør du gjerne: Korleis?
Fjorten år etter denne Jesaja si kallsoppleving (722) erobra Assyrarane Nord-riket og førte folket bort til Assyria. I 2. Kong 17 les me frå vers 6: “I det niande året til Hosea tok assyrarkongen Samaria og førde Israel (altså folket i Nordriket) bort til Assyria. Han let dei bu i Halah og langsmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media. Slik gjekk det av di Israels-borna synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egyptarlandet og fridd dei ut or handa på egyptarkongen Farao. Dei ottast andre gudar og ferdast etter skikkane hjå dei heidningefolka som Herren hadde drive bort for Israels-borna, og etter dei skikkane som kongane i Israel hadde skipa til.”

Følgde tomme avgudar og vart sjølv tomme
Heile kapittelet fortel om kva Israelsfolket gjorde og er vel verd å lesa og studera. I eit kort samandrag kan det seiast at dei bygde offerhaugar og brende røykjelse, reiste støtter og Astarte-bilete, dyrka kalvane som Jeroboam hadde støypt, tilbad himmelhæren og dyrka Baal, vraka Guds ord og bod, var stivnakka og ville ikkje høyra på profetane. Resultatet av dei heile kan samlast i det som står i vers 15: “Dei fylgde dei tomme avgudane og vart tomme sjølve.”
Vers 23: “Til sist støytte Herren Israel (altså Nord-riket) bort frå åsynet sitt, slik han hadde sagt gjennom alle profetane, tenarane sine. Så vart Israel ført bort frå landet sitt til Assyria, og der har dei vore til denne dag.”

Landet vart tømt for folk.
Sør-riket fekk litt meir tid til å tenkja seg om. Ca 130 år. Så gjekk det likeins med dei. Same utvikling mot undergang. Profeten Jeremias talte både seint og tidleg til folket, men han fekk oppleva det same som Jesaja at folket høyrde ikkje på han. Me les i 2 Krøn. 36, frå vers 15: “ Seint og tidleg sende Herren, deira fedrars Gud, orda sine til dei gjennom sendeboda sine. For han hadde medynk med folket sitt og bustaden sin. Men dei spotta sendeboda frå Gud og vanvørde orda hans og håna profetane hans, til Herrens harme mot folket hans vart så sterk at det ikkje fanst noka botevon lenger.”
Folket vart ført til Babylon. Det frodige landet, landet som flaut av mjølk og honning, låg audt etter dei og vart litt etter litt til ei øydemark.
Guds ord til Jesaja hadde gått i oppfylling.

Den vesle flokk
Men dette er ikkje det siste Jesaja får høyra. Herren seier lite grann meir til profeten. Han talar til slutt om Israels rest. Den vesle flokk (v 13): “Men liksom det vert ein stuv att av terebinta og eika når ein feller dei, såleis skal eit heilagt sæde vera den stuven som vert att av folket.” Dette er den såkalla vesle flokk, som alltid har funnest i Israel, uansett korleis tidene var, og som alltid vil finnast, både i Israel og i den kriste forsamlinga utover jorda. Det er dei som har si frelse i Jesu blod og held seg til han.
Derfor står det i songen:
Hvor salig er den lille flokk som Jesus kjennes ved! I ham, sin Frelser, har den nok nå og i evighet.