Artikel nr 01 fra blad nr 3-1998
Emne: Letar
Om a atvara


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Som innleiing til ovanståande tema, må ein tenkja på noko som hende langt inne på den aude savannen i Vest-Afrika. Ein franskmann kom kjørande i motsett retning og gjorde teikn til at ein måtte stogga. Og bodskapen var: «Ver varsam, Monsieur! Det er eit hol i vegen lenger framme. Eg har sett ei grein i holet!» - Dette var ei mykje viktig og samstundes ei kjærleg åtvaring til ein nordmann, som også var åleine på vidda. Kor lett det elles kunne ha hendt ei ulukke.

Å åtvara i bibelsk meining er å gjera folk merksame på fårar som ifylgje Bibelen fører til evig fortaping for dei som ikke vender om. Difor burde i grunnen alle menneske verta åtvara ~ helst så fort som råd. For me er alle fødde etter syndefallet, og kjenner på den vonde hugen i hjarta vårt. Og då verda er ei sterk åndsmakt, som trugar med å røva frå oss livet i Gud, er det godt å møta slike som veit om fåren, og kan åtvara så ein held seg på trygg avstand frå fallgrubene.

Som kristne er det mykje viktig både for den som åtvarar og den som vert åtvara å leggja merke til det som Bibelen har å seia om denne saka. For der står det også skrive kor stort ansvar kvar kristent menneske har,dersom ein veit om fåren og likevel ikkje seier ifrå - slik det m.a. står skrive hjå profeten Esekiel 3, 18-21: «Når eg seier til den ugudelege: Du skal visseleg døy, og du ikkje åtvarar han og ikkje talar og åtvarar den ugudelege for hans ugudelege ferd for å halda han i live, då skal han døy for si misgjerning, men hans blod vil eg krevja av di hand. - Men når du har åtvara den ugudelege, og han ikkje vender om frå si gudløyse og frå si ugudelege ferd, då skal han døy for si misgjerning, men du har berga di sjel. - Men når du har åtvara den rettferdige om at han, den rettferdige ikkje skal synda, og han då ikkje syndar, då skal han visseleg leva, fordi han let seg åtvara, og du har berga di sjel».

Fråfallstider

Som nemnt ovanfor, er verda ei sterk åndsmakt. Ein kan berre tenkja på fråfallet i Den norske kyrkja. Mest dagleg kan ein lesa i bladet «Dagen» om utglidinga i kyrka - korleis kyrkja og ei stor mengd av kristenfolket endrar syn etter som verda krev det. Som døme kan ein nemna skilsmisse/ gjengifte, sambuarskap og homofili, som Bibelen seier er synd mot Guds ord og bod, og som i Bibelen vert kalla med sitt rette namn - synd.

No for tida er jamvel ein del av bispekollegiet her i landet komne så langt at dei ikkje torer å kalla synda med sitt rette namn. - Men kor mykje ein vender og snur på dette, så er det synd å bryta med Guds bod. - Ikkje å undrast over at det vert forvirring blant dei truande når hyrdar og leiarar byter meining alt etter som omgjevnaden vert demoralisert og krev at kyrkja skal fylgja med. - Og kyrkja fylgjer med!

Etter at den negative utviklinga har skapt avstand mellom dei bibeltrugne kristne og dei liberale, er mange i villreide om kven ein skal høyra på og retta seg etter. Når den eine hyrden seier eitt og den andre det motsette, kven skal ein då tru? Då vert det einaste rette svaret dette: Du skal tru Guds ord i Bibelen akkurat slik det står. Apostelen Paulus tek sterkt i når han seier: «Om me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evengelium enn det me har forkynt dykk, han vere bannstøytt» (Gal 1,8). Og når Jesus seier i Matt 5,18 at ikkje den minste bokstav eller ein einaste tøddel av lova skal forgå, så kan ikkje dette vera tidsavgrensa, men vedvarande. Difor er det berre ein ting for oss å gjera: Ta Bibelen på alvor. Lytt til Guds ord og ikkje til det mennesket seier om denne saka. Difor er det heile tida så over lag viktig at ein fylgjer Guds ord og at ein åtvarar der det trengst.