Artikel nr 04 fra blad nr 3-1998
Emne: Spørsmålsspalten
Å frykte Gud


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss

Av Olav Toft

Ein lesar av Bibelsk Tro skriv til spørjespalta om å overvega følgjande: «Ved en søndagshøymesse hørte jeg noe som ikke ville slippe meg, og det var en tekst fra Paulus i 1 Tim 3.16. Verset lyder som følger: 'Stor er gudsfryktens hemmelighet'. Jeg ønsker å trenge mer inn i det Ordet»

Teksten går rett på sak: «Og som kvar må sanna, stor er løyndomen i gudlegdomen.» Her er det altså tale om noko som er løynt. Ordet som er brukt for løyndom heiter på gresk «mysterion» d.v.s. noko som ein ikkje utan vidare har innsikt i. Det same uttrykket er brukt i Ef 3,3 om Kristi løyndom, nemleg at heidningane er medarvingar og høyrer med til lekamen og har del i lovnaden. Dette førde til at Paulus måtte fokynna Kristi rike nåde også for dei.

Når det står: «Stor er løyndomen i gudlegdomen», så er dette eit mysterium som må verta openberra for at me kan forstå kva det dreiar seg om. Etter den fyrste setningen i v.16, får me forklåringa på kva dette mysteriet går ut på, nemleg at Jesus vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt mellom folkeslag, trudd i verda, oppteken i herlegdom. Her får me eit tverrsnitt av Jesus frå inkarnasjonen til himmelfarten. Men dette forstod dei ikkje til fulle i den gamletestamentlege tida og fram til den nytes- tamentlege. Heller ikkje me forstår det fullt ut. Men me trur det for di det står i Bibelen.

Lat oss visa til eit ar skriftord om kva Gud krev av oss: «Ã ottast Herren er å hata det vonde» (Ordt. 8.13). «Enden på det heile, når du har høyrt alt: Ottast Gud og hald hans bod! For det bør alle menneske gjera» (Preikaren 12,13).

I brevet ditt skriv du vidare: «Nå vet jeg jo at det første budet sier: «Du skal frykte og elske Herren din Gud». Altså står «frykte» foran «elske». I vår tid vektlegges motsatt, og da ser det ut til at få vektlegger gudsfrykten slik Skriften ser ut til å kreve».

Gud sjølv vil vera vår Gud,som gjev oss gode gåver og vern den stunda me er her på jorda. .Men han vil ha oss heilt og ventar at me set all vår tru og lit til han. Og nett difor er det at me merkar kor sterkt Gud hevdar kravet på eineretten til vår hjartans lengt og tillit, slik det står i Luthers vesle katekisme: «Me skal over alle ting ottast og elska Gud, og setja all vår tru og lit til han».

Men Gud er ikkje berre godsleg og snill. I 2 Mos 20,5b står det:»Eg, Herren din Gud, er ein streng Gud, som hemner fedresmisgjerningar på borna...» Gud er såleis ikkje berre kjærleik. Han er heilag kjærleik. Luther forklarar dette slik: «Gud trugar med å straffa alle dei som bryt desse boda. Difor skal me ottast for hans vreide og ikkje gjera imot desse boda». Frykt-momentet går att i forklaringa til kvart einskildt av dei ti boda. Altså kjem uttrykket «ottast» før «elska». Og slik skal det vera.

Når det i vår tid vert vektlagt motsett, må det ha sin grunn i at alt for mange mennesket har vendt seg bort frå Guds ord. Og då vert prioriteringa deretter!