Artikel nr 08 fra blad nr 3-1998
Emne: TROSLIVET
Tenaren og tenesta Andre del


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Me treng er oppattnying av kallet

Det er gripande å lesa om den oppattnyinga av kallet som profeten Jesaja fekk av Gud og den elden han opplevde i sitt møte med Herren i heilagdomen. Les Jesaja 6,1-7! Dette vart ein resurs som han trong for å verta profet for si tid.Sjølv trudde han at det var ute med seg,av di han,den ureine, hadde sett Gud. Men no fekk han sjå kva som var i vegen: at han var urein - no då han stod framfor den heilage Gud - heilt inn i ljoset åt han som avdekker oss og peikar på synda reint konkret.

Det er likevel ikkje nok at Gud peikar på synda vår. Me må nemleg også vedgå et me er syndarar. Og det var det Jesaja gjorde. Høyr kva han sa: «Usæl er eg! No er det ute med meg; for eg er ein mann med ureine lipper,og eg bur mellom eit folk med ureine lipper, og augo mine har sett kongen, Herren, allhers Gud».(Jesaja 6,5). Dette var ei sterk vedgåing. Men nettopp slike er det Gud kan ta seg av. Og det skjedde noko med profeten momentant; for det står i vers 6-7: «Då flaug ein av serafane bort til meg: Han hadde i handa ein gloande stein som han med ei tang hadde teke på altaret. Men den rørde han ved munnen min,og så sa han:»Sjå, denne har rørt ved lippene dine; no er di misgjerd borte og di synd er sona.» Herlege ord for den som ser seg fortapt. Og så kom kallet frå Herren til han som eit vart spørsmål: «Kven skal eg senda, og kven vil vera vår bodberar?» Då var Jesaja ikkje i tvil om kva han skulle svara: «Sjå her er eg, send meg».

I Guds nærleik

Kan henda også me som lever i dette tidsskiftet -me skal snart over til år 2000- treng om å kome inn i Guds nærleik på nytt. Og det kan vel henda at du som no sit les dette kjenner på det same som Jesaja gjorde, nemleg at du ikkje er skikka til gå inn i ei teneste for Gud. Du er eit menneske med ureine lipper og kjenner på at du ikkje duger til noko som helst. - Då vil eg seia at eit møte med Jesus kan endra på stoda di. - Det er nok mest truleg at det ikkje er ei profetteneste du skal ha, men ei ganske kvardagsleg teneste. Du kan til dømes fortelja den oppveksande slekta,som du har rundt deg, om Guds gode ord og vilje. - Eller det kan vera å laga til eit brett mat til eldretreff og andre tilstellingar på bedehuset. Kallet kan vera så mangt. Det er så viktig at me lyttar til Guds røyst, og at nærkontakten med Gud er i orden. Di betre du kjenner Gud, di betre nærkontakt har du med han. Legg merke til at det var ved møtet med den Heilage i templet -etter reinsinga frå synda- at Jesaja måtte seia ja til kallet og svara: «Sjå her er eg,send megl» - Spør ein kvar me møter Gud i dag, vil vel svaret for dei fleste verta: «I Bibelen». Dette er sant, og difor så viktig å lesa mykje i Den heilage skifta. Men det vert også lagt vekt på høyringa av Guds ord. Jfr. Rom 10,17: «Så kjem då trua av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord». Dette må me leggja oss på hjarta. Kan henda me då også kunne verta meir ihuga etter å få uomvende med oss på møte. For der, i ljoset frå Guds ord, vert synda avdekka. Der overtyder Anden oss om at me er syndarar som treng å møte Jesus og verta reinsa frå synda.

Det vert fortalt om den svenske jarnvegs-arbeidaren som skiten og lurvut fekk sjå seg sjølv framfor ein speil på den nye jarnbanestasjonen langt innpå heia. Då sa han halvhøgt for seg sjølv:»Er detta jag, så måste jag skjemmas». For ei herleg oppleving det måtte vera for Jesaja å få høyra frå Guds eigen munn desse orda: «Sjå,denne har rørt ved lippene dine. No er di misgjerd borte, og di synd er sona». Men dette er ikkje den måten Gud har ordna reinsinga på for oss i den nytestamentlege tida. No er det Jesus me må venda oss til: Guds lam, som tek bort verdsens synd. Han er vår einaste berging. Då er me på den staden der Gud ser syndaren rein og rettferdig, himmelen verdig. Lukkeleg kvar den som har fått oppleva dette; og då seier ein så gjerne med Rosenius:

Sjå dette er nåden som gjorde meg fri.
Sjå dette er nåden som styrkjer i strid.
Sjå det er Guds nåde for alle som ein
Han ser meg i Jesus:
Ja, evig i Jesus rettferdig og rein.

Mange ryggar attende når Gud minner dei om ei teneste anten her heime eller ute mellom folkeslaga og spør: Kan vel Gud bruka meg til så stor ei teneste? Då er det godt å vita at Herren legg ikkje på oss meir enn me kan bera eller makta å utføra av vanskelege oppgåver. Om dette kan ein lesa i 2 Mos 31,1-6: «Og Herren tala til Moses og sa: Sjå no har eg kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson,av Juda-ætta,og fylt han med Guds Ande,med visdom og vit og kunnskap og godt lag med alt handverk, så han kan tenkja ut kunstverk og smia det ut både i gull og i sølv og i kopar, og ferda til glimesteinane som skal fellast inn, og skjera ut i tre og greia allslags kunstarbeid. Og til hjelpesmann har eg gjeve han Oholiab, son åt Akisamak av Dans-ætta, og i hjarta åt alle dugande menn har eg lagt visdom,så dei kan laga alt det eg har sagt deg». Og dei gjorde i alle måtar så som Gud hadde sagt!

Her er noko å merka seg for slike som kjenner på Guds kall til teneste, heime eller ute. For Gud gjev ikkje berre oppdraget til dei som han kallar, men også ei utrustning som svarar til kallet. Gløym ikkje det!

I fyrste Peters brev 5,10 står det som eit ekko av det me høyrde frå Det gamle testamente, nemleg at «han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja og grunnfesta dykk!» Ja, takk skal han ha for det! Og då er det som noko inne i oss vil få oss til å springa til Gud og melda oss til teneste for han. - Av alt dette ser me at Herren gjev i samsvar med det som han krev. Då vert det også som det står i songen:»Herre gi hva du befaler,og befal så hva du vil»! Me er til Guds disposisjon!

Helga for å tena

Og då er det at ordet i Rom 12,1-2 renn oss i tanken; for der står det nettopp kva me bør gjera, og det gjerne så raskt som mogleg: «Så legg eg dykk då på hjarta,brør, for Guds miskunn skuld, at de må by fram lekamen dykkar som eit levande og heilagt offer, som er til hugnad for Gud. Det er dykkar åndelege gudsteneste.Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa med di hugen dykkar vert oppatt-nya, så de kan prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne». Legg merke til kva Guds ord her legg oss på hjarta.Og dette gjeld alle kristne - ikkje minst Guds sendebod:

1) at de må by fram lekamane dykkar til eit levande,heilagt offer, eit som Gud har hugnad i.

2) Skikka dykk ikkje likt med denne verda. (Klesdrakt,drama og verdsleg musikk.Dette har kome inn på mange bedehus i dag).

3) Lat dykk omskapa med di hugen dykkar vert oppattnya,så de kan prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne (Rom 12, 1-2). 

Ja, her har me noko å prøva oss på. Og då må ein spørja korleis det står til med den truande flokken på bedehuset,og dei som vert sende ut til misjonsmarkene. Dette er viktig. For utsendingane er,kan ein seia, eksponentar av det som ovrar seg på bedehuset. Dei er lik sponen som flyt opp. Er det ein gudgjeven og åndsfylt flokk som går på bedehuset, vil dette merkast og prega dei som Gud kallar til å vera Hans sendebod. Kva innstilling reiser dei ut med? Det eine kjem som fylgje av det andre. Dette må me vera klar over. Vil dei vera viljuge til å gå til utpostane,eller vera i sentrum,der det gjerne er meir trygt og komfortabelt? - Korleis står det til med kallet og gudslivet åt utsendingar med Ordet til vårt eige folk her heime og til heidningane ute,der dei ventar på evangeliet? - Er vedkomande heilt overgjeven til Jesus i tru og lydnad? 3. Seier ein ærleg og oppriktig: «Hvor Gud meg fører,går jeg glad. Han, ikke jeg, skal råde»?

Her må eg få vera litt personleg og skyta inn noko som hende, då underskrivne og 13 andre misjons-kandidatar vart vigsla til misjonærteneste. Før sjølve vigslinga fann stad,vart det delt ut til alle oss fjorten eit papir frå ein gammal misjonsven,som hadde vorte minna av Gud om å senda ei helsing til dei ny-vigsla misjonærane. På dette stod det fylgjande:

Helt for Herren

Da Moody i 1867 var i England, kom en kjøpmann fra Dublin til London. Denne mannen samtalte en dag med ein kollega. - Jeg kom tilfeldigvis, forteller Moody, inn på kontoret og ble presentert for dublineren. Mens han så på meg, spurte han londonaren: -«Er denne mannen H.H?» -» Hva mener De med H.H?» spurde londoneren. - «Jeg mener om han er helt og holdent på Kristi side», svarte dublineren. - «Mine venner! Jeg skal si det likesom brente i min sjel. Det betyr uhyre meget å være H. H. for Kristus. Men det er det alle kristne skal være. Og mennesker med sådan påvirkning skulle gjøre glimrende seire for Guds rike. Å, dersom alle som er på Herrens side, ville holde fast på bekjennelsen, og holde ut i tid og utid. Hva ville ikke skje?»

Er det ein samansveist flokk,som tek Guds ord på alvor og vil leva etter hans ordningar? Eller har den vonde greidd å splitta flokken med misunning, ovund, baktale, splid og uoppgjorde synder både overfor Gud og menneske? For me må rekna med at den vonde ikkje tåler at den truande flokken får ha det godt både med Gud og menneske. Er det ein samansveist flokk, som tek Guds ord på alvor og vil leva etter hans ordningar, då vil ikkje den vonde ha stor slagkraft. Men han vil nok jobba ganske hardt for å splitta og øydeleggja.

Forkynning i ei fråfallstid er ikkje lett; for det fråfalne mennesket ser ut til å trivast der det er, slik det står skrive i Joh 3,19:»Og dette er domen: Ljoset har kome til verda,og mennesket lika myrkret betre enn ljoset; for gjerningane deira var vonde» - Og Paulus skriv i 2 Tim 4,3-4 at det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster ta seg sjølve lærarar i flokketal,av di det kleiar dei i øyra, og dei skal venda øyra frå sanninga og venda seg til eventyr».

Det kan vel henda at nokre misser motet når dei får høyra om denne negative utviklinga også i landet vårt i dag. Men her gjeld det for oss å stå på og gjera det klårt for alle at dei må verta løyste, venda om og verta reinsa i Jesu blod. - Det er så altfor mange som treng å lære sanninga å kjenna, så Gud i si miskunn ein gong får føra dei til omvending, så dei kunne vakna opp att or ruset i djevelens snare, han som dei er fanga i, så dei må gjera hans vilje» (2 Tim 4,3-4).

Ein maske er nok

Eg var nett komen att frå misjonsmarka, og var på vitjing heime hjå mor og far. Og så skulle me ut og fiska. Det var slik ein vakker dag utpå ettermiddagen. På Lindleitet lyste det raudt i bærbuskene. Brått kom det ein fugl fykande.Han dala ned i ein ripsbærbusk. Men over bærbuskene var det strekt ut gamle torskegarn,og der sat fuglen og skreik. Eg skunda meg bortåt, og såg då at den eine vengen sat fast i ei garnlykkje. Berre ei lykkje! Det var nok. Eg løyste fuglen,og han for glad sin veg!

Det skal ikkje så mykje til for eit menneske å verta fanga i den vonde sitt garn. Men det skal heller ikkje alltid så mykje til for å løysa den bundne. Det gjeld difor å vera vakne og kallsmedvitne, så me så tid- leg som råd kan ta oss av slike som er på glid inn i den vonde si snare, og at me på den måten kan vera med å berga eit menneske frå å gå evig fortapt. Ein maske kan vera nok.