Artikel nr 09 fra blad nr 4-1998
Emne: Truslivet
Tenaren og tenesta - Tredje del


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Jesus er folkeslaga si von

Det er ikkje sant at kvar vert salig i si tru, og at me ved å reisa ut til folkeslaga med Guds ord, tek bort «idyllen» som dei lever i. Heidenskapen er ingen idyll. Aldri skal ein gløyma bysjefen sine ord etter eit møte i den vesle «byen» hans idet s.k. «Lukkede land» i Nord-Kamerun: 

-«Me går i myrker utan ljos, me søv utan å vakna, og natt etter natt har eg lege vaken og tenkt på korleis det skal gå folket mitt. For det må vera noko meir etter døden enn det me har rekna med. Send oss lærar som kan bu hjå oss og fortelja meir om det me no har høyrt».

Orda kom som eit rop frå eit menneske inaud. - Eg lova å senda lærar, men det kunne ta tid; for me hadde ingen nett då å senda. Nokre månader seinare - det var til og med joledags morgon - banka det på døra. Det var eit sendebod frå bysjefen i det stengde landet, og spørsmålet var om ikkje læraren snart skulle koma. Men frarnleis hadde me ingen å senda. Å, kor det svei! Det står i Bibelen at Herrens ord har hast? Og når me veit at utan Jesus er folkeslaga i mørker og vonløyse, då ger det skikkeleg vondt for den som ingen har å senda. Deira naud er eit mektig kall til oss om å gje dei evangeliet. Herren treng om vår teneste. Det er stort å få vera med i kampen på hans side som har sigra over Djevelen og alt hans Velde, og som ein gong skal visa seg i herlegdom. Men her og no treng Gud om vår teneste i sjelevinnar-kampen. Nota går, som kjent, ikkje i sjøen av seg sjølv. Det må mannskap til. Slik er det også med Guds ord. Tenaren trengst til arbeidet i Guds rike. Og han må vera kalla av Gud. Men det er ikkje utan problem å få folk til å gå dit Gud vil og kryssa stengde grenser. - Ein kan berre tenkja på det Gud måtte gjera for å overtyda apostelen Peter om at han skulle gå til heidningane og forkynna Kristus også for dei. (Les Ap.. 10 og 11).

Men så kan ein spørja: Kvifor kunne ikkje engelen tala Guds ord til frelse for Kornelius og huslyden hans? Til dette må ein svara at engelen ikkje hadde mandat til det. Men det hadde Peter. Og det har me. Då ser ein kor stor oppgåve me har fått av Gud for å vinna verda for Kristus! Her og no kjempar misjonærane mange harde kampar mot myrkemaktene, og ofte ser det ut som om vondskapen skal få overtaket. Då vil mismotet siga inn over den gode og trugne tenaren, og gerne få han til â slutta å kjempa. For mismotet si røyst seier at no nyttar det ikkje lenger. Du kan berre slutta di før di betre! Då har eg hug å seia: Ver ved godt mot. Jesus er den sterkaste, og han er med sitt kjempande folk.

Kan henda somme som les dette. kjenner seg veike som brostne røyrstrå og lite brennande i ånda - som ein :rykande veik. Ver takksam at Jesus gjev den trøytte kraft, og ved sin Ånde vil ge nøre til den rykande veiken, så han kan brenna klårt. Måtte mange få syn for kor turvande tenaren er i Guds rike. Han skal rettnok ikkje ha høge tankar om seg sjølv. Uturvande i eigne tankar, men turvande i Guds tankar. Tenaren er verktøyi realiseringa av Guds store frelsesplan med verda. For korkje kan Israel verta frelst eller Jesus koma att før evangeliet har vorte forkynt til eit vitnemål for alle folkeslag.

Sadhu Sundar Sing fortel om kristen indar som brann for å vinna folka som budde i landsbyen hans for Gud. - Ein hindu spurde han ein dag litt nedsetjande:»Trur du, ditt store esel, at du kan få omvendt byen vår? «Den andre svarte: «Det står skrive at Herren min reid inn i byen på eit esel, og då kan han bruka meg også». - Ja, alt det Gud får i si hand, kan han bruka.

Det er godt å vita at ein har fått mandat til å forkynna Guds ord også i vårt eige land i denne fråfalls- og forfallstida me lever i, då motstanden mot evangeliet aukar i takt med avkristninga av landet vårt. Me er inne i ei tid med svært alvorleg avkristning. Difor må den truande flokken halda godt saman og oppbjggja kvarandre så dei kristne kan v'era «støde og urikkelege. alltid rike í Herrer; gerning» -i full visse om at arbeidet ikkje er fåfengt i Herren» (1 Kor 15,58). Me må ta oppdraget vårt med å forkynna Guds ord på alvor, anten me er heime eller ute. Dette er svært viktig; for forkynninga av Ordet fører til evig liv for dei som tek imot bodskapen om frelse, men evig dom og fortaping for dei som ikkje gjer det. Sett i dette perspektivet vil me skjøna kvifor Paulus tek så sterkt i når han skriv til venen sin i 2Tim,4,1 fg.: «Eg vitnar for Gud og Kristus Jesus, som skal døma levande og døde, og ved hans openberring og hans rike: Forkynn ordet, ver reidug i tid og i utid, overtyd, refs, påminn med alt langmod og all læra! For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den heilsame læra, men etter sine eigne lyster ta seg sjølve lærarar i flokketal, av di det kleiar dei i øyra, og dei skal venda øyra frå sanninga og venda seg til even tyr.» Dette er sterke ord som burde verta ropte ut så alle fekk vita om det.

Forkynn ordet! Det var oppdraget som Paulus hadde lagt på Timoteus; og dette skulle han gje vidare, så folk kunne verta frelste og førebudde på dagen då alle skal møta fram for Kristi domstol.

«For me skal alle verta openberra for Kristi domsstol, så kvar kan få att det som er verka ved lekamen, etter det han har gjort, anten godt eller vondt (2 Kor 5,10). Ser ein forkynninga i dette perspektivet, er det ikkje vanskeleg å forstå at Paulus bruka sterke ord til medarbeidaren sin om å forkynna Guds ord om dom og frelse ved alle høve - både i tid og utid.

Må Gud hjelpa oss også til ikkje å teia om Jesus, slik det så fmt står i eit songvers av Karl Marthinussen: 

Jeg vil ikke tie om Jesus, Jeg løfter hans banner til strid: Mitt liv det er flyktig som drømmen, Det gjelder å nytte sin tid. 

Hans navn over verden skal stige, På stormvinger bæres om jord, Med seir for det evige rike, Der rettferd og kjærlighet bor. 

Jeg vil ikke tie om Jesus, Jeg alltid vil synge hans pris. Han eier det evige livet Som vellerjra Guds paradis. 

Det navn er mitt lys på den dunkle Og ukjente vei jeg går fiem. Som stjernen ved natt skal det fltnkle Og lede til morgen og hjem. 

Jeg vil ikke tie om Jesus, Jeg skammer meg ikke ved ham: Han kjempet min kamp og vant seier, Han knuget til døden min skam.

Med blod på sitt kors har han skrevet Det brev som meg friheten gav. De lenker han bandt har han revet Og kastet i glemsel og grav. 

Jeg vil ikke tie om Jesus, Jeg løfier hans banner til strid: Mitt liv det er flyktig som drømmen, Det gjelder å nytte sin tid. 

Hans navn over verden skal stige, På stormvinger bæres om jord, Med seir for det evige rike, Der rettferd og kjærlighet bor.