Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye |
Taler - arkiv |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Då Jeremia verka som profet, var det me tenkjer på som Israel delt i to land, to riker. Den nordlege delen (Nordriket) vart kalla Israel, medan Sørriket vart kalla Juda. Nordriket hadde gått under ved Assyrarane i 722 f. Kr. Jeremia verka i Sørriket fram til dette fekk sitt endelege fall i 586 f. Kr.
Me skal leggje nøye merke til at det var Gud som sette Jeremia til profet. «Eg sette deg til ein profet for folka», står det i 1,5. Det var altså ikkje noko Jeremia fann på sjølv eller tok seg til. Nei, Herren sa at det hadde han tenkt på før Jeremia vart fødd. Slik er det med alle ting i Guds rike. Her tek ein seg ikkje sjølv til rette, men her får ein og vert sett til det rette. Her er det aldri snakk om sjølv å ta, erobra, fortena eller krevja. Her er det alltid å få. (sjå 1. Kor. 4,7).
Mang ein ungdom spør kvar vegen går frametter i livet. Då får me lov å rekne med ordet i Sal. 37,5: «Set din veg i Herrens hand og lit på han! Han skal gjera det.»
Dette fekk også Jeremia erfare. Han var ein ung mann då Gud kalla han til å verte profet i Israel. Ja, han tykte han var altfor ung og dermed udugande til det som Herren hadde tenkt for han. Han sa: «Å, Herre, Herre! Sjå eg skjønar meg ikkje på å tala, for eg er ung. Då sa Herren til meg: Sei ikkje: Eg er ung! Du skal gå til alle dei eg sender deg til, og alt det eg byd deg, skal du tala.» (1,6-7)
Det som er det avgjerande er ikkje kva for kvalifikasjonar du sjølv eller andre tykkjer du har, men kva Herren tenkjer. Der han sender deg, skal du gå og det han talar til deg, skal du tala. Slik var det for Jeremia og slik er det også idag. Og Herren går med. Herren forsikrar Jeremias (1,8): «Ver ikkje redd dei, for eg er med deg og vil berga deg, seier Herren.»
Dette var nok gode ord for Jeremia mange gonger seinare i livet. Han fekk merke korleis det var å gå på Gud sine vegar. På mange måtar var han ein einsam mann som levde med mange menneske som motstandarar - det ser me tydeleg utetter i Jeremiaboka. Men Gud var med han. Kva er så det viktigaste? Kva er det mest lukkelege? Jo, å få leve med Jesus og gå på hans vegar, han er med og vil berge. Det seier ordet hans og det står han ved. Det er ikkje alltid «minste motstands veg», men det er alltid den beste vegen.
Den unge profeten skulle forkynne. Fyrst for sitt eige folk, men enno den dag i dag har me i Bibelen ord frå Gud tala gjennom Jeremia. Ved forkynninga skulle han rykkja opp, riva ned, øydeleggja og bryta ned (1,10). Ja, det var Gud sjølv som skulle verke dette gjennom forkynninga til Jeremia. Dette er noko menneska til alle tider ikkje liker å verta utsette for. Det visste nok J eremia, men det var ingen veg utanom. Gud hadde sagt det. Menneskesjeler skulle verte berga for æva og då må falske trøystegrunnar og frelsesvegar rivast ned og øydeleggjast. Og så skal det byggjast og plantast (1,10). Men då er det naudsynt med eit heilt anna og nytt materiale i forhold til det som er nedrive og opprykka. Bibelen seier at kjøtet, det mennesket sjølv steller i stand, gagnar inkje. Det er Ånden som gjer levande. (Joh. 6,63).
Og så gjekk Herren med alle dagar. Han førde verket til ende. Han stod ved sitt eige Ord. Herren hadde lova Jeremia det. I 1,12 seier Herren: «For eg vil vaka over ordet mitt, så eg set det i verk.» Det fekk Jeremia erfara sjølv om det ofte med menneskelege augo såg tungt og vonlaust ut. Ordet i Rom. 8,31 er sanneleg ei æveleg og avgjerande sanning: «Kva skal vi då seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?»
Slik er det med alle ting i Guds rike. Her tek ein seg ikkje sjølv til rette, men her får ein og vert sett til rette.