Artikel nr 01 fra blad nr 6-1998
Emne: Leder
Etter Skriftene


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Det er eit faktum. Slik innleier Lukas jolebodskapen, og slær fast at Jesus vart fødd då Augustus var keisar i det romerske riket, Kvirinius landshovding i Syria, og hendinga vert nærare tidfest til den store innskrivinga i manntalet. No var tida komen då Guds einborne Son skulle koma til verda i Betlehem. Og det gjekk ut eit keisarleg påbod om at all verda skulle innskrivast i manntalet. Dette var den første innskrivinga som vart halden medan Kvirinius var landshovding i Syria, og Herodes konge i jødane sitt land. - Men det som keisaren ikkje visste, var at denne innskrivinga var i samsvar med Guds plan med Jesus, som etter Skriftens skulle verta fødd i Betlehem. Utan å vita det, gjekk keisaren Guds ærend. For Josef og Maria laut reisa til Betlehem for å lata seg innskriva der, etter di Josef høyrde til Davids hus og ætt. Hendinga er tidfest på ein forsvarleg måte, så ingen skal vera i tvil - ikkje berre at det hende, men også når det hende.

I 4 Mosebok 24,17 står det skrive om mannen med attletne augo. Han fekk sjå teiknet og ta imot kunnskap frå Den Høgste: «Eg ser han», sa Bileam. «Ikkje nær. Og ikkje no. Men ei stjerne stig opp av Jakob. Ein kongsstav lyfter seg frå Israel». Ei ny tid var i emning - til glede for alt folket. Stjema steig opp og kongen vart fødd.

Dette hende medan Maria og Josef var i Betlehem. Då kom tida då Maria skulle føda. Og ho fødde sonen sin, den førstefødde, sveipte han og la han i ei krubbe; for det var ikkje rom for dei i herberget. Det ser ut til at ingen var interssert i å gje dei ein stad å bu. Og Josef tenkte nok på Maria - korleis det skulle gå med henne. Men himmelen fylgde med. Maria var ikkje gløymd av Gud. - Stjerna steig opp og ei ny tid braut seg fram - til glede for alt folket. -

Den sentrale bodskapen som ein engel frå himmelen forkynte for nokre hyrdingar som låg ute og vakta buskapen sin om natta, lyder slik: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor gede som skal timast alt folket.I dag er det født dykk ein Frelsar i Davids by; Han er Kristus Herren. Og det skal de ha til merke: De skal finna eit lite barn som er sveipt og ligg i ei krubbe». Så skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Og då dei hadde sett det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt om dette barnet. Alle som høyrde på hyrdingane, undra seg over det dei fortalde. Men Maria gøymde orda deira i hjarta og grunda på dei.

Det nyfødde barnet, som var både Gud og Maria sin son, fekk inga lukseriøs mottaking. Barnet vart sveipt og lagt i ei krubbe i ein stall, for det var ikkje plass for dei i herberget... Fattig kom han til verda, og fattig skulle vandringa hans bli, for at me ved hans fattigdom skulle verta rike. Han som frå opphavet var hjå Gud, gav av sin store kjærleik til den falne menneskeslekta, avkall på den herlegdomen han hadde hjå Faderen i himmelen frå før verda vart grunnlagd. Og så skjedde det at Ordet vart kjøt og slo opp sitt telt mellom oss.

Det er dette som med eit samleord vert kalla «inkarnasjonen». Jesus vart inkarnert, d.v.s. at han vart ikledd kjøt og blod, og tok på seg ein tenars skapnad, då han kom i likning med menneske, - då utan synd. Dette gjorde Gud til frelse for ei fortapt`slekt.

Liberalteologane, som avskriv jomfrufødselen, vil ikkje godta mysteriet, men analyserar det opp i rasjonelle småbitar. Men Bibelen, som fullt og heilt er å lita på, seier at barnet som vart sveipt og lagt i ei krubbe i ein stall i Betlehem, er Guds einborne Son, som har tatt på seg menneskeleg natur i livet åt Mari møy. Om dette heiter det i Den augsburgske vedkjenninga Art. III:

«Like eins lærer dei at ordet, det er Guds Son, har tatt på seg menneskeleg natur i den velsigna Maria møy's liv, slik at det er to naturar, ein guddomeleg og ein menneskeleg, uskiljande samanbundne i einskapen åt personen, ein Kristus, sann Gud og sant menneske, fødd av Maria møy, i sanning pint, krossfest, død og gravlagd, for at han skulle forlika Faderen med oss og verta eit offer ikkje berre for arveskulda, men også for gjerningssyndene åt menneska». 

Lov og takk, du Herre kjær,
som til verdi komen er!
Fader god og Ånde blid,
Lov og takk til evig tid.

(Ambrosius)