Artikkel nr 4 fra blad nr 1-1999
Emne: Troslivet
Hunger
Lekamleg hunger

Det er sikkert vanskeleg for oss som bur i dette gode landet å forstå kva problem det er å vera utan mat. I "The Lutheran Standard" stod det for noko for ei tid sidan, og det brende seg fast i minnet, at eit av det veksande problema i USA var lagring og ordning av for mykje mat. Så skulle dette altså vera Amerika sitt problem, medan folk på andre stader sitt problem ikkje var overflod, men akutt mangel på mat.

Her lever vi i overkant, medan andre svelt ihel. Vi tek det som ein sjølvfølgje at vi skal ha nok mat, og god mat. Mange er, diverre, altfor lite nøysame og har visst gløymt den gamle bibelske påminninga at gudlegdom med nøgsemd er ei stor vinning (1Tim 6,6).

Den danske eventyrforfattaren, H. C. Andersen, let oss i eventyret om jenta som trakka på brødet få noko å tenkja på. - Ei jente som hadde fått nye raude skor, var og kjøpte brød; og då ho skulle heim, gjekk vegen over ei myr. For ikkje å øydeleggja skorne, la ho brødkakene på marka og steig på dei. Og så vert det fortalt at ho brått sokk ned og vart borte i myra.

Denne forteljinga brukar framleis somme foreldre å fortelja borna sine med tanke på å gjera dei klar over at brødet er ei Guds gåve som må takast vel vare på. - "Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille", sa Jesus. Dei så gjorde og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda, etter at alle hadde ete (Joh 6,12-13). - I vårt rike velferdsland held ordet "nøgsemd" på å bli borte for oss. Folk som tømmer søppelspann i byen, kan fortelja at dei gjerne finn heile ostar og halve julebrød i spanna. Men ute i verda svelt 30-40 millionar menneske ihel kvart år.

"Mennesket si soge har frå si børjing vore ein kamp for dagleg brød, og hunger er eit fenomen som er like lett å forklara som døden", seier Josue Castro,og legg til: "Men hunger er også å rekna som eit sosialt problem skapt av mennesket sjølv".

Dei svoltne folka kan også vera ein fåre for freden. Og dersom vi ikkje vil bry oss om deira rop, kan dei kasta seg over dei som har nøgd av mat. Slik er det i naturen og slik er det i menneska si eiga historie. - Kommunismen vart til då ein såg folk leva i overflod, og ein sjølv ikkje hadde til salt i grauten. - Den franske revolusjoen kom av same grunn. Ein ville ikkje berre ha fridom, men likskap og brorskap også.

I Art 25 av Universal-deklarasjonen av menneskerettane heiter det: "Kvar har rett til ein levestandard som svarar til helse og velvære åt han sjølv og huslyden hans, inkludert maten".

Åndeleg hunger

No har vi høyrt om maten som er heilt turvande for lekamleg liv og helse. Vi veit at lekamen består ikkje berre av kjøt og blod. Me har også ei åndeleg side. Kvar kristen må syta for å få skikkeleg føde for anden som bur i oss. Dette er like viktig som føde for lekamen.

Gud har gjeve oss sitt ord i Bibelen, og Guds ord er fullverdig kost for sjela vår. Men skal vi få fullverdig kost, må vi lesa alt Guds ord i Bibelen. Les vi berre det vi likar, og ikkje tar med det vi mislikar, vert det ei sjuk sjel. Difor er det viktig å lesa heile Bibelen i samanheng, for at vi skal bli åndeleg sterke i Ordet som Gud har gjeve oss, og den krafta det gjev. For då blir vi i stand til også å gje andre av den føda vi sjølve har fått.

Som kristus-truande menneske kan ein såleis ikkje stogga berre ved den lekamlege hungeren. Vårt mål må samstundes vera å peika på den åndelege sida og vitna om vår Herre og Frelsar, så vi kan vinna menneska for Gud; for det står skrive at mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem ut av hans munn. Folka som svelt treng både brød og evangeliet.

William Booth sa det slik: "Når det kjem ein tiggar på di dør, får han først brød, så evangeliet".

Det nyttar forresten lite å forkynna evangeliet til svoltne menneske. På slagmarka må ein først binda om såret, så kan ein forkynna evangeliet.

Tru verksam i kjærleik er eit språk alle forstår, og det står skrive i Bibelen som eit pålegg til dei som forkynner Guds ord: "Såleis skal de lata lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen" (Matt 5,16).

Her hjå oss har vi nok å ta av når det gjeld å tilfredsstilla vår lekamlege hunger. Slik er det også når det gjeld den åndelege sida. Vi har ein heilt og fullt pålitande Bibel å visa til, og vi vil oppmoda folk til å lesa og ta godt vare på på det som står skrive i den heilage boka. Difor til slutt eit godt råd: Les din Bibel. Tru som det stå, gjer som det står, så skal du få oppleva det slik som det står.

Til slutt ei påminning til slike som har tatt imot brødet frå himmelen og er komne til nådens rike bord: Gløym ikkje å dela med dei der ute både av materiell og åndeleg føde. For det står skrive hjå Preikaren, kap 11,1fg: "Send ditt brød bort over vatnet; for med tida finn du det att. Del ut til sju, ja åtte; for du veit ikkje kva ulukke som kan henda på jorda".