Velkommen |
Les artikler |
Taler - nye ![]() |
Taler - arkiv ![]() |
Nettbutikk |
Møter |
Støttefond |
Abonnere |
Kontakt oss |
Sâg du han der i Getsemane,
korleis han kjempa og leid?
Har noko menneske stride slik,
som der vår Frelsar streid?
Har vel nokon tatt på seg,
slik ei drepande syndebør?
Har du vel høyrt om nokon,
som har gjort alt dette før?
Har vel nokon uskuldig,
drukke synda si bitre skål?
Har vel nokon andre
bore krossen med same tol?
Har slik grenselaus kjærleik,
blitt løna med hån og spott
Når det var Han, den eine,
som gjekk rundt og gjorde godt?
JA, det var ein som kjempa,
kampen som eg skulle stridd.
JA, det var ein som døyde,
døden som eg skulle lidd.
No kan eg takka for livet,
det evige, Han meg gav.
Jesus, gudesonen,
stod opp frå si grav.