Artikel nr 14 fra blad nr 2-1999
Emne: Påske
Rettferd for den ugudelege


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Norvald Yri

Men den som ikkje arbeider, men trur på han som rettfirdiggjer den ugudelege, han vert hans tru tilrekna som rettferd. (Rom 4,5)

Hyklaren er alltid rettferdig i sine eigne augo, men syndar i Guds augo. Den som trur på Jesus er alltid urettferdig i eigne augo,men i rettferdig i Guds augo. Kven er den ugudelege. Det er menneske. Det er eg og du. Den ugudelege er den fortapte, den som gjev Gud rett at det bor ikkje noko godt i oss. Det fine moralske menneske som lever eit fint liv kan kome til sann erkjenning av seg sjølv om at det er ugudeleg. Alle har synda og mista ære for Gud.

På Golgata straffa Gud den ugudelege sin ugudelegdom. Der gjorde Gud i himmelen sin eigen son til den einaste ugudelege framfor sitt åsyn. All ugudelegdom vart straffa på Jesus. Han tok den straff og dom som ingen av oss kunne ta. I han forlikte Gud oss med seg sjølv. Ein av røvarane på korset erkjente sin ugudelegdom. Ved sida hans hang han som bar straffa for heile den ugudelege verda. Røvaren ba Jesus om ein tanke og fekk vere med til Paradis. Ein dag kom nokre med ei kvinne til Jesus som dei ville ha dømd. Ho vart teken medan ho dreiv hor. Jesus bad den som var utan synd å kasta stein først. Då gjekk dei bort, dei eldste først. Kvinna vart ståande der framfor Jesus. Kvar er desse anklagarane dine, sa han. Er det ingen som har fordømt deg? Nei, ingen, sa kvinna. Heller ikkje eg fordømer deg, gå heim og synd ikkje meir, sa Jesus (Joh. 8).

Jesus er syndaivenen. Han reiser opp frå det djupe fall. Det fekk David oppleve. Det fekk Peter oppleve. Og det fekk denne kvinna, som dei ville ha steina, oppleve. Jesus sto opp til vår ret- tferdiggjering. Den ugudelege får Kristi rettferd. Jesus, frelsaren din lever. Grava er tom. Hans naglemerka hender er for Guds åsyn for deg.

Kristi blod reinsar frå all synd. I evangeliet, ordet om korset, møter du krafta av hans oppstode. O