Artikkel nr 1 fra blad nr 3-1999
Emne: Leder
Bibeltruskap
Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft.

Med bibeltruskap meiner ein at Guds ord får stå uendra slik vi har fått det overlevert i Den heilage skrifta.Og då står det fast at ingen kan forma Guds ord etter som ein sjølv finn det for godt. Det er Guds ord som må forma oss etter sitt bilete, og ikkje vi som skal forma det etter slik som vi vil ha det. Det er difor uskjønleg og heilt uakseptabelt at ein biskop, som betre enn mange burde kjenna sin Bibel, ikkje veit betre. Det vert nemleg stilt store krav til den som leiar skal vera.

I Titus 1,9 fg står det om ein tilsynsmann at han ikkje berre skal vera gjestfri, glad i det gode, sindig, osv. Men ein som held seg til det truverdige ordet og har age for Gud. – Då er han skikka til både å rettleia etter den sunne læra, og tala til rettes dei som seier imot. – Ubibelsk teologi må prøvast på Guds ord. Då vert det ikkje vanskeleg for dei som kjenner Skriftene å skilja mellom det ekte og det falske. Det er difor så viktig at Guds folk kjenner Bibelen og veit kven dei trur på.

Skrifta åtvarar sterkt mot den tru at hor skal høyra med til den kristne fridomen, og presiserar at dei som syndar mot naturen ikkje skal erva Guds rike. Den kristne fridomen skal ikkje brukast til eit høve for kjøtet. Og einkvar som ikkje vil innretta seg etter dette i Guds namn, han vil Gud krevja til rekneskap for det.

Det er difor heilt uakseptabelt det som nyleg fann stad innafor Den norske kyrkja i Hamar bispedøme. At den kvinnelege biskopen deira har gjeninsett ein kvinneleg prest som lever i homofilt partnerskap med ei onnor kvinne, er ei handling som strider grovt mot Guds ord og bod, og må fordømast, etter som det vert fordømt i Bibelen (Jfr Rom 1,24-26). Det er ei handling i strid med Guds ord, og må bli slått hardt ned på.

I vedkjenningsskriftet Augustana vert det i art. 7 presisert at "kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet blir rett lært og sakramenta rett forvalta. – Og til sann einskap i kyrkja er det nok å vera samd om evangeliet si lære og sakramentbruken. Men det er ikkje naudsynleg at ein alle stader har dei same menneskelege overleveringar eller kyrkjelege former eller seremoniar som er fastsette av menneske".- Det alvorlege ved biskop Køhn si avgjerdsle er såleis ikkje brotet med menneskevedtak og ordningar, men brotet med Guds ord og bod. I den samanhang har ein måtta tenkja på den alvorlege lovnaden som vert gjeven av ordinanden ved prestevigsla. Og det er ikkje småtteri kva krav ein set til ein prest si teneste og framferd.

Det heiter mellom anna i altarboka mi: "Så legg eg deg på hjarta at du skal forkynna Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta... at du trutt manar kyrkjelyden din til sann omvending, til levande tru på Kristus og heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten... at du sjølv og legg hjarteleg vinn på å leva etter Guds ord, og koma djupare inn i dei heilage skriftene og den kristne trudoms sanningar. Lovar du for den allvitande Guds åsyn, at du vil gjera dette med truskap ved den nåde Gud sjølv vil gjeva deg?" Ordinanden svara høgt: "Ja".

Dei som då bryt Guds ord og den lovnaden dei har gjeve, kan ikkje vera prestar i Den norske kyrkja. Dei må verta avsette, anten det gjeld prest eller biskop. Kan henda prestane i Den norske kyrkja atter burde be det vakre hjartesukket som presten før bad etter at han hadde lese preiketeksta for dagen: "Heilage Fader, helga oss i sanninga. Ditt ord er sanning". For trudde vi verkeleg at Guds ord er sanning, då ville ein bøya seg for dette faktum.