Artikkel nr 2 fra blad nr 4-1999
Emne: Andakt
To formaningar
Av Anfinn Line.

Drikk dykk ikkje drukne av vin, for det fører berre til utskeiingar, men vert fylte av Anden... (Ef. 5,18)

I dette verset får me to formaningar. Den eine går i negativ lei: Drikk dykk ikkje drukne på vin. Den andre går i positiv lei: Vert fylde av Anden.

Er desse formaningane aktuelle for oss? Sume vil nok innvenda at det er sjeldan nokon i våre samlingar drikk seg drukne. Men ser me på dette i vidare tyding, ein kristen si haldning til alkohol og andre rusmidlar, har det nok noko å seia oss. Me høyrer om aukande drikkepress, serleg mellom unge. Me høyrer om alkoholservering ved festlege lag, og mellom kristne.

Dei som fører statistikk over desse ting, kan leggja fram dystre tal når det gjeld alkoholen sin skadeverknad i vårt folk. Men den sum av liding, fornedring og menneskelege tragediar som fylgjer i alkoholen sitt fotefar, er det ikkje gitt noko menneske å måla. Me forstår at her har Djevelen funne eit middel til å bryta menneske ned, både til lekam sjel og ånd, og riva sund dei finaste band mellom menneske i samfunn, heim og ekteskap.

Ein kristen skal ikkje fylla seg med vin. Han har viktigare ting å fylla seg med. Han skal søkja etter å verta fylt av Anden. Men hadde dei kristne i Efesus ikkje fått Anden? I kap. 1,13 les me: I han har de og, då de fekk høyra sanningsordet, evangeliet om dykkar frelse. Ja, i han har det og, då de kom til trua, fått Den Heilage Ande til segl, som var oss lova. Så dei kristne i Efesus hadde fått Anden, ingen tvil om det. Den fekk dei då dei fekk høyra evangeliet og kom til trua på Jesus.

Ein gong fekk eg dette spørsmålet: Er du åndsdøypt? Kva skal ein svara til det spørsmålet? For meg er det avgjerande i så måte det som står i 1. Kor. 12,13. For med ein Ande vart me alle døypte til å vera ein lekam, anten me er jødar eller grekarar, trælar eller frie. Og me har alle fått ein ande å drikka. Me held føre at åndsdåpen skjer for den einskilde i atterfødinga.

Men om dei kristne i Efesus fekk Anden då dei høyrde evangeliet og kom til trua, var det med det ikkje sagt at Anden seinare hadde fått den plassen og den makta i livet deira som han ville ha. Det er på denne bakgrunnen me må sjå formaninga om å bli fylt av Anden. Skal Anden få fylla oss meir, må sjølvlivet ut. Det er prisen som må betalast. Den tykkjer me er stri. Difor held me mange gonger att og Herren få ikkje føra oss som han vil.

Den Heilage Ande brukar Ordet. Vil du bli åndsfylt? Les Ordet!