Artikkel nr 12 fra blad nr 4-1999
Emne: Dikt
I dag vil eg vera hjå deg
Av Birgit Ormestad.

Å, gode, varme lovnad -
høyr Jesu røyst er klår:
I dag så vil eg vera
hjå deg - det bod du får.

Slik sa han til Sakkeus
som sat i morbærtre:
I dag så vil eg ta inn
hjå deg - så skund deg ned!

Slik sa han til disiplar
som sat bak låste dør
så redde og forkomne:
Er med dykk - nå som før.

Er med dykk alle dagar
til verda vil forgå.
Å, gode, varme lovnad
du dine born let få!

Så hjelp oss, kjære Frelsar,
så veike her me går,
å halde fast på Ordet
som alltid fast består.

Så skal me deg få møte,
vår gode redningsmann.
Med takk me skal få famne
den naglemerkte hand.