Artikel nr 1 fra blad nr 6-1999
Emne: Leder
Stor i nåde og kraft


Velkommen
Les artikler
Taler - nye  
Taler - arkiv  
Nettbutikk
Møter
Støttefond
Abonnere
Kontakt oss
Av Olav Toft

Då våre første foreldre hadde vore ulydige mot Gud, vart dei drivne ut or hagen, og kjerubar med logande sverd vart sette til å vakta vegen til livsens tre. Men Gud viste ikkje manneaetta frå seg utan håp. Han gav henne ein lovnad med på ferda: «Ætta av ei kvinne skal knusa hovudet på ormen». 

Dei gamle Guds menn tok til å tala om denne kvinne-ætlingen. Meir og mindre klårt såg dei han langt der framme. Profeten Jesaja er vel ein av dei mest klårsynte. I kap 7,14 talar han om jomfrufødselen: «Sjå møya vert med barn og ho føder ein son, og kallar han Immanuel».Det er dette barnet han seinare såg som såra for våre brot og sundbroten for våre synder. 

Jol er ikkje idyll. Det er Guds redningsaksjon for ei fortapt slekt Det engelen forkynte for Maria er som eit ekko frå Jesaja 7,14:»Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn:»Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel». Vidare heiter det at dette barnet skulle verta avla på underfull vis, ved Den Heilage Ande. Han som sjølv heiter «Under» skulle koma til verda på underfull vis. 

Herrens under her me ser, 
ved Guds Ande dette skjer. 
Livsens ord frå himmerik 
vert i kjøt og blod oss lik. 

Dette er ein viktig lekk i trusvedkjenninga i vår kyrkje. Vi trur at Jesus Kristus vart avla ved Den Heilage Ande på overnaturleg vis, og fødd av møya Maria.»Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss» (Joh 1,14).Jesus måtte verta menneske.Han skulle nemleg bli som ein av oss, vår likemann og bror, prøvd i alle ting i likskap med oss, då utan synd.Men han er samstundes Guds Son. At Jesus vart avla ved Den Heilage Ande fortel at han er komen til jorda utanifrå. Frelsa er frå vår Gud. Når Gud let sin einborne  Son ta på seg kjøt og blod, var det for vår skuld. Det var for at vi i vår falne natur, ved tru på han, skulle bli reinsa frå synda og nyskapte etter Guds bilete. Eller med andre ord: gjera soning for synda og føra slekta attende til Gud. 

«Han skal vera stor», sa engelen. Stor, først og fremst som frelsar. Vi har ein stor øvsteprest. Han som bar seg sjølv fram som eit ulastande offer for Gud. Difor kan han fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han. 

Lat oss ikkje gløyma å takka Jesus, som var viljug til å stiga så djupt ned for å frelsa oss menneske.

Lat oss heller ikkje gløyma å bera frelsebodskapen ut til alle folkeslag. For Jesu herredøme skal bli stort. Det skal nå frå hav og til hav, og vara frå slekt til slekt. Han råder ved sitt Velde til evig tid. Stor i nåde og underfull i makt. 

Vi skal om nokre veker feire overgangen til eit nytt tusenår. Det er snart to tusen år sidan Jesus vart fødd. Men jola er den same, Guds lovnader er dei same og Guds ord var, er og blir ståande uendra også i det nye tusen-året. Gud har ikkje forandra seg. Han var, er og vera skal: ein sann Gud frå æva og til æva. Jesu frelsaiverk står fast til evig tid. Så seier Skrifta, og då kan vi med frimod gå inn i det nye året, og ønskja kvarandre god jol og godt nytt år i Jesu namn.